– Nokon eg kjenner brukte opp alle pengane ganske kjapt. Så eg skal prøve å ikkje gjere same tabben.
Fredrik Sypula Nordlie (14) har nettopp vore på konfirmasjonskurs i Glemmen kyrkje i Fredrikstad.
Han skal konfirmerast i september. Pengegåva har han allereie ein plan for.
– Eg trur eg kjem til å bruke ein del på hobbyen min.
Nordlie driv nemleg med kampsport, og reiser rundt for å konkurrere.
– Eg konkurrerer blant anna i England, så det er gøy.
Resten av pengane ønsker konfirmanten å spare til utdanning.
– Eg trur kanskje eg skal sette dei inn i fond, så ikkje alt blir borte med ein gong.
Sparetipset til eksperten
Elisabeth Landsverk, privatøkonom i SpareBank 1 Austlandet, er einig med Nordlie i at fond er ei smart løysing.
Ho understrekar at val av sparemåte har mykje å seie for resultatet.
Og forklarer at aksjefond er det beste valet dersom du skal spare over så lang tid som 10–20 år.
– Set du 20.000 kroner i fond, kan beløpet ha vakse til nær 40.000 kroner etter 10 år, seier privatøkonomen.
Pengar plassert i aksjefond kan historisk sett doble seg i verdi omtrent kvart ellevte år.
Ivrige på bustadsparing
Dette verkar det som dagens konfirmantar har fått med seg. Det viser ei ny undersøking frå SpareBank 1 Austlandet.
Der kjem det fram at nesten 40 prosent av konfirmantane sparer pengegåvene til bustad. Samtidig vel éin av fire å investere i fond eller aksjar.
– Konfirmasjonspengar er ofte den første ordentleg store summen ungdommar får, og da er det heilt fantastisk at så mange prioriterer langsiktig sparing, seier Landsverk.
Ifølge henne er det unge kvinner som er aller ivrigast på å spare konfirmasjonspengar til bustad.
45 prosent svarer nemleg at dei har sett av pengane til eigenkapital, mens rundt 30 prosent av gutane svarer det same.
Gutane får mest pengar
Undersøkinga viser også at gutar får nesten 5000 kroner meir enn jenter i pengegåve:
- Gutar: 30.868 kroner
- Jenter: 25.954 kroner
Landsverk meiner at forklaringa på dette truleg kan vere bunaden.
– Det er ei fantastisk gåve og eit plagg for livet, men det gjer også at mange jenter startar vaksenlivet med mindre pengar på konto enn gutane, seier ho.
Samtidig understrekar ho at jentene ofte er flinkare til å tenke framover.
– Dei kan klare å jamne ut forskjellen i beløp, sjølv om dei startar med mindre enn gutane.
Lettare å miste oversikta
– Det er litt annleis nå enn før.
Ho forklarer at det var lettare å ha oversikt over pengane da vi brukte meir kontantar.
I dag er det derimot vanleg å få konfirmasjonsgåva på Vipps.
– Utan ein plan er det fort at pengane blir brukte litt her og der.
– Så har ein ikkje fått gjort det ein eigentleg hadde lyst til med dei.
Viktig å gjere litt feil
Økonomibloggaren meiner det ikkje går an å gi eit fasitsvar på kva konfirmantane bør bruke pengane på.
– Ønsker ein seg ein moped, noko å pynte rommet med eller litt nye klede – kvifor ikkje?
– Har ein tenkt litt på det, så er det fint.
Ho oppfordrar samtidig foreldre til å la konfirmantane gjere litt eigne feil mens dei ennå er unge.
– Om ein ser på heile livsløpet, vil ein mest sannsynleg ha mykje meir pengar til rådvelde når ein begynner å jobbe.
– Det å gjere litt feil når ein er ung, er også fint. Ein lærer jo av dei feila ein gjer.
Tilbake i Glemmen kyrkje er Fredrik Sypula Nordlie og kompisane på veg heim etter dagens kurs.
Nordlie ser fram til konfirmasjonen, men innrømmer at det ikkje berre er frivillig.
– Eg blir tvinga, og så gjer eg det litt for pengane òg.