I april avslørte NRK korleis norske sjøfolk hadde det på jobb under ein av dei største oljekatastrofane i verda i 2010.

Oljeplattforma Deepwater Horizon hadde eksplodert i Mexicogolfen. Seks norske offshoreskip drog inn i oljesølet og jobba i mange veker for å stanse det enorme utsleppet.

Det gjekk ikkje lang tid før mannskapet om bord melde om helseplager: Hovudverk, svimmelheit, irriterte auge, kvalme, sår hals og smerter i brystet.

Fleire frykta for kreft etter å ha pusta inn farlege stoff frå råolja i fleire veker.

Alarmen gjekk hos både fagforeiningar og Sjøfartsdirektoratet.

Men oppfølginga stranda.

NRK sine undersøkingar har avdekt at:

  • Det blei målt etter gassar om bord, men berre eitt skip sende inn systematiske målingar til direktoratet.
  • Målingane viste enkelte svært høge konsentrasjonar av det kreftframkallande stoffet benzen.
  • Direktoratet kravde gassmålingar frå innsida av skipa, men fekk ikkje svar frå reiarlaga – og purra aldri.
  • Ei skreddarsydd helsekartlegging blei laga, men ikkje gjennomført.
  • I dag har fleire sjøfolk helseplager som dei sjølve mistenker kjem av arbeidet i Mexicogolfen.

Les avsløringa her Jobbet midt i oljekatastrofen – vet ennå ikke hva de pustet inn

Statsråden ville vite

I mai tok fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) grep.

Ho ville ha fakta på bordet, og gav Sjøfartsdirektoratet klar beskjed: Gå gjennom oppfølginga sjøfolka fekk under og etter oljekatastrofen.

– Eg vil ha så mykje informasjon som mogleg, sa Sivertsen Næss til NRK.

Ho ville blant anna vite:

Er det mogleg å innhente informasjon frå reiarlaga om kva sjøfolk som var involverte? Er det mogleg å finne ut om nokon av dei har fått helseplager som kan knytast til arbeidet?

No er gjennomgangen til direktoratet klar.

NRK har finlese den.

Har statsråden fått så mykje informasjon som mogleg?

Kven var sjøfolka?

Direktoratet antar «det vil vere mogeleg å etablere ein oversikt over sjøfolk som deltok i operasjonane».

Men dei har ikkje gjort noko for å lage ei slik oversikt. Dei har ikkje spurt reiarlaga om mannskapslister.

Dei har heller ikkje spurt reiarlaga kor mange arbeidarar dei hadde i oljesølet.

– Kvifor ikkje?

– Det var ikkje nødvendig for å svare på spørsmåla frå departementet, seier Håvard Gåseidnes, avdelingsdirektør for fartøy og sjøfolk, i Sjøfartsdirektoratet.

NRK veit ikkje nøyaktig kor mange norske sjøfolk som arbeidde i oljekatastrofen, men har tidlegare fortalt at det var over 80.

Kva viste gassmålingane?

Gjennomgangen inneheld inga vurdering av gassmålingane direktoratet fekk i 2010 frå eitt av skipa.

Direktoratet har heller ikkje spurt dei andre reiarlaga om dei har gassmålingar.

Direktoratet meiner no at det er uklart om dei eigentleg venta svar då dei i 2010 bad reiarlaga sende gassmålingar frå innsida av skipa.

Årsaka er at reiarlaga ikkje fekk ein svarfrist.

– Treng ein ikkje å svare direktoratet om helseskadelege gassar, så lenge ein ikkje får ein svarfrist?

– Jau, det vil eg seie. Vi har stussa på dette sjølv. I dei tidlegare breva til reiarlaga, gav vi tydelege fristar og fekk svar frå alle. I dette siste brevet var vi mindre tydelege.

Han legg til:

– Det som slår meg, er at oppfølginga stansar hos alle partar omtrent samtidig sommaren 2010. Det gjeld og hos oss, seier Gåseidnes.

I juni publiserte NRK hittil ukjente gassmålingar frå eitt av dei andre skipa. Dei viste så høge konsentrasjonar at måleapparatet ikkje klarte å måle dei. Dette blir ikkje nemnt i gjennomgangen til direktoratet.

Helseskjemaa som forsvann

Direktoratet skriv at dei i 2010 fekk hjelp av Haukeland universitetssjukehus til å lage eit spørjeskjema til sjøfolka.

Men direktoratet fortel ikkje at ingen skjema blei returnerte til sjukehuset.

Sjukehuset fekk heller inga bestilling frå direktoratet om å følge opp overfor reiarlaga. Helse-kartlegginga blei altså aldri gjennomført, slik NRK har omtalt.

– Det er ingen spesiell grunn til at det ikkje er med, seier Gåseidnes.

Eit par dagar seinare skriv han ein e-post til NRK der han legg til:

– Opplysninga burde ha stått der. At skjema aldri kom i retur er ein viktig del av biletet.

Blei varsla om kreft

Direktoratet påpeikar at viss ein person som jobbar om bord får ein sjukdom som «kan skyldes eksponering for kjemikalier», så skal det settast i verk tiltak. Det blir slått fast i ei eiga forskrift.

Då skal helsetilstanden til alle som har vore utsette for tilsvarande eksponering undersøkast.

Men direktoratet fortel ikkje at dei i 2023 fekk ei bekymringsmelding frå eitt av reiarlaga. Ein tilsett hadde fått kreft og meinte det kom av arbeidet i golfen. Personen skulle greiast ut for mogleg yrkesskade.

Då skulle vel alle dei norske sjøfolka frå golfen ha blitt undersøkte?

Det spørsmålet blir ikkje omtala i gjennomgangen.

NRK har spurt advokat Terje Hernes Pettersen i Norsk Sjømannsforbund om dette. Han er tydeleg:

– Då direktoratet i 2023 fekk beskjed om mogleg yrkessjukdom på eitt av fartøya, burde dei ha skrive til reiarlaga og bede dei sette i verk helseundersøkingar av dei som jobba på dei andre fartøya i Deepwater Horizon-katastrofen.

Til dette svarar Gåseidnes:

– Eg trur det er litt variasjonar i kva juristane seier. Det som er helt klart er at forskrifta retter seg mot rederiene. De har ansvaret for å ivareta dette og det er de som primært skal gjere tiltak.

Han legg til:

– Jobben vår er å rettleie om regelverket. I kva grad vi kontrollerer at reiarlaga følgjer det, varierer med kva saka gjeld og kva opplysningar vi har.

– Då de i 2023 fekk vite at ein tilsett hadde fått kreft, ville det ikkje vore naturleg å kontakte dei andre reiarlaga og eventuelt føre tilsyn?

– Vi har ikkje gjort det. Vi fanga ikkje opp situasjonen i 2023 som noko som kravde oppfølging utover det aktuelle reiarlaget.

– Kvifor omtaler de ikkje bekymringsmeldinga frå 2023 i gjennomgangen?

– Vi har hatt fokus på det vi gjorde i 2010. Det var dette vi oppfatta at departementet spurde oss om.

Direktoratet skriv i gjennomgangen at det vil vere «krevjande» å kartlegge helsa til sjøfolka i dag. Dei meiner det finst «store praktiske og rettslege utfordringar».

– Vi må ha ei uavhengig gransking

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen freser mot Sjøfartsdirektoratet si evaluering. Ho kallar det eit «skuleeksempel på ei byråkratisk bortforklaring».

– Departementet bad om fakta og svar på korleis livet og helsa til sjøfolka blei varetatt. Direktoratet svarer med å skulde på reiarlaga, ramse opp regelverk, og konkluderer med at det er «for krevjande» å kartlegge helsa til folk i ettertid.

– Er det behov for fleire undersøkingar?

– Ja, det er openbert at vi må ha ei uavhengig gransking. Sjøfartsdirektoratet kan ikkje evaluere sin eigen svikt, seier ho og legg til:

– Staten må snu kvar stein for å finne desse sjøfolka og gi dei den helsehjelpa og oppfølginga som dei har krav på.

Frp og SV vil ha fleire svar

Stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp) seier:

– Det viktigaste uavklarte spørsmålet er om sjøfolk kan ha vore utsette for helsefarleg eksponering utan at dette blei tilstrekkeleg dokumentert, og om nokon i dag lever med helseplager som burde vore fanga opp tidlegare.

Fra et intervju med Erlend Wiborg angående flyktninger, 15. mars 2023
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

– Kva bør gjerast vidare?

– Sjøfartsdirektoratet skriv at det er truleg mogleg å etablere ei oversikt over kva sjøfolk som deltok i operasjonane. Då meiner eg myndigheitene bør gjere nettopp det. Dei som kan ha blitt utsette for helseskadeleg eksponering, fortener å få vite det og få tilbod om nødvendig helsefagleg oppfølging.

Stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa (SV) meiner direktoratet har svart generelt og overflatisk.

– Det kjem ikkje klart fram om direktoratet faktisk innhenta konkrete data på kor mykje gass sjøfolka blei utsette for, og om desse var innanfor grenseverdiane, seier ho.

Ho saknar ei konkret vurdering av den faktiske eksponeringa.

Opp til ministeren

Håvard Gåseidnes frå Sjøfartsdirektoratet seier det på ingen måte har vore intensjonen å vere overflatisk.

– Vi har prøvd å svare på spørsmåla frå departementet og halde det på eit tilstrekkeleg detaljert nivå. Om vi ikkje har treft planken, reknar eg med at vi får tilbakemelding frå departementet og ministeren på det, seier han.

I e-posten til NRK nokre dagar etter intervjuet skriv Gåseidnes at nokre fleire opplysningar burde ha vore med i gjennomgangen.

«Vi sender derfor eit eige brev til departementet med tilleggsopplysningar om henvendinga i 2023.»

Det er no opp til fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) å vurdere gjennomgangen til direktoratet av oppfølginga av sjøfolka som blei sende på jobb midt i ein av dei verste oljekatastrofane i verda.