Sportsklubben Brann og hovudtrenar Freyr Alexandersson har etter samtalar blitt einige om å avslutte samarbeidet med verknad frå i dag.
– Det er ei tung avgjerd me har brukt helga på å koma til, seier styreleiar Arild Mjøs Andersen då Brann kalla inn til pressekonferanse måndag.
– Klubben ønsker å rette ein stor takk til Alexandersson for hans innsats gjennom perioden i Brann.
Andersen omtalar Freyr som ein hardtarbeidande, profesjonell og engasjert trenar som har forstått kor viktig Brann er i Bergen.
Klubben viser til at utviklinga i det siste har vore svakare enn dei forventar og har ambisjonar om. Det skal vera bakgrunnen for at Alexandersson har blitt vraka.
– Dette kom svært overraskande på og litt som ei bombe, seier supporterleiar Erlend Vågane. Han peikar på at Alexandersson har vore ein godt likt trenar blant supporterane.
– Det har iallfall ikkje vore noko publikumskrav om at han må gå.
NRK har forsøkt å få kontakt med Freyr Alexandersson for en kommentar, men har ikke lykkes.
Alexandersson: – Takk
Alexandersson har sjølv publisert ei medling til Bergen og branntilhengjarane på facebooksida si.
– Takk for kjærleiken, støtta på stadion, utanfor stadion. De er unike, skriv han.
Han peikar på at han ikkje får moglegheit til å vera med på å henta «gullet hem», men at han er stolt over å få muligheit til å vera ein del av laget og byen.
– Desse europakveldane heime og borte. Den dagen me hadde saman i Oslo med laget skapte stemning og oppleving som seint blir gjentatt på ein cupfinale i Noreg.
«Glæder mig til den dag Gullet kommer hem. Takk for meg.»
Nedst har han skrive «Heia Brann», etterfulgt av ein hjarte-emoji.
Supporterleiar: – Sjokk
Erlend Vågane er leiar av Bataljonen, supportergruppa til Brann. No spør supporterane seg om kvifor Alexandersson må gå.
– Det er ei overrasking. Og litt sjokk. Det er det som pregar dei første reaksjonane iallfall.
Han viser til tapet i cupfinalen og at dei no ligg på ellevte plass i serien, og peikar på at det ikkje har gått så bra sportsleg sett.
– Dei siste vekene har det iallfall ikkje vore spesielt mykje medgang. Me er inne i ein tøff periode, det er det ingen tvil om.
Vågane er oppteken av at klubben må ta vare på noko av det han meiner Alexandersson har vore flink til.
– Det er iallfall veldig viktig å sikra at Brann er ein framleis open klubb. Det er noko Freyr har bidrege positivt til, med sin måte å kommunisere med supporterar og publikum på.
Ferdig halvtanna år før kontraktslutt
Den islandske trenaren vart henta til Brann som Eirik Horneland sin etterfølgjar 13. januar i fjor, og skreiv kontrakt med klubben ut 2027-sesongen.
– Brann er ein fantastisk fotballklubb med ei rik historie og fantastiske supportarar. Det er ein by som brenn for Brann. Det var noko av det viktigaste for meg, å koma til ein klubb der klubben og byen heng saman på denne måten, sa Alexandersson då.
Islendingen kom då frå trenarjobben i belgiske Kortrijk, og hadde tidlegare trena danske Lyngby. Han har også vore hovudtrenar for det islandske kvinnelandslaget og assistenttrenar for herrelandslaget.
I sin fyrste sesong i Brann klarte 43-åringen å kapre ein fjerdeplass i Eliteserien, medan det blei gruppespel og playoff til åttandedelsfinale i Europaligaen.
– Freyr Alexandersson har i si tid som hovudtrenar vore ein hardtarbeidande, karismatisk og engasjert trenar som har forstått kor viktig Brann er for Bergen og alle som er glade i klubben, skriv klubben vidare.
Assistenttrenar Jonathan Hartmanns arbeidsforhold i klubben blir også avslutta.
– Brann takkar Hartmann for hans klokskap, leiing og engasjement i si tid i klubben, står det i pressemeldinga.
Klubben har som mål å få ein ny trenar på plass i god tid før neste seriekamp. Det er no dagleg leiar og sportsleg leiar som søker etter ny hovudtrenar.