Nordås imponerte i Stockholm og fekk ei form for revansj. Han sprang inn til tida 3.31,74 og kom på femteplass. – Det er framgang, det er det definitivt. Eg håpa på meir. Eg hadde bestilt 3,28 og vinnartida var på 3,30, så det er mykje positivt. Eg tok ein del passeringar på 800 og 900 meter og det kosta litt, seier han til NRK etter løpet i Stockholm. Han er sjølvkritisk til éin ting: – Eg skulle gjerne sprunge fortare. Eg ser på klokka ein del undervegs, og eg skulle hatt fokus framover. Det er idiotisk, eigentleg.

– Ei heilt ekstrem belastning

Oppladinga til Stockholm-stemnet har vore god, noko han meiner har vore sjeldan vare dei siste åra.

Det har dei to siste sesongane storma rundt Nordås. Spesielt etter at han valde å halde fram med å ha Gjert Ingebrigtsen som trenar etter at han blei dømd til 15 dagars vilkårsbunde fengsel for kroppskrenking mot dottera, men frifunne for mishandling av sonen Jakob Ingebrigtsen og dottera.

– Eg innser at det var ei heilt ekstrem belastning, sa Nordås før løpet til NRK.

Nordås forklarer at heile situasjonen har roa seg og at han set pris på det.

– Det er heilt viska ut, og det er heilt fantastisk. La det halde fram slik.

En mann med blondt hår står og ser fremover på en grusvei. Han er kledd i en grå t-skjorte. Bak ham er det trær på begge sider av veien og bygninger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
HAR ROA SEG: Narve Gilje Nordås set pris på mindre støy. Foto: Alem Zebic / NRK

Nordås tok sin første medalje i VM, då han i 2023 sprang inn til ein tredjeplass på 1500-meteren i Budapest. Sidan har han ikkje vore i nærleiken av å få til det same. I VM i 2025 rauk han ut av semifinalen.

Han trur det som har skjedd utanfor friidrettsbanen, kan ha spelt ei rolle.

– Det er først no eg innser kor mykje støyen har påverka meg i negativ grad. Eg ser tilbake på fjorårssesongen. Kvifor var det så dårleg? Sjølv om den fysiske forma var relativt bra, seier Nordås.

– Eg brukte opp alle kreftene

Nordås er ein del av treningsgruppa til Gjert Ingebrigtsen, faren til Jakob Ingebrigtsen, som også spring 1500-meter. I 2022 braut Jakob og brørne med faren. Det fekk enorm mediemerksemd. Også spørsmåla til Nordås blei mange.

– Du søv ikkje om nettene. Du ligg berre og kvernar heile natta og tenkjer på «kva viss, om og men» og «kva skal eg seie då?».

VM-SMELL: Narve Gilje Nordås etter semifinalen på 1500-meter i VM i Tokyo hausten 2025. Foto: Heiko Junge / NTB

Han held fram:

– Fokuset i konkurransen blir kva skal dei spørje om angåande dei ytre faktorane og ikkje sjølve løpet. Og når du kjem på startstreken kjenner du at: her er det ingenting å hente, det er heilt tomt. Eg brukte opp alle kreftene på utanomsportsleg verksemd, seier Nordås.

Det er ei knapp veke sidan han enda på ein 12.-plass av totalt 15, då han sprang under Diamond League-stemnet i Rabat.

– Må bruke det for det det er verdt

Han sesongopna på ei tid på 3.34,37. Noko som er over fire sekund bak målet. Han ynskjer å springe på under 3.30.

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal trur Nordås kan kome tilbake til den gamle toppforma, men at han treng fleire konkurransar i føtene.

– Eg håpar å få sjå ein Narve som er langt meir offensiv enn det vi opplevde i Rabat i Marokko. Då var det passivt. Det var litt tilbake til gamle synder. Han tok dårlege taktiske val undervegs og fekk eigentleg aldri vist fram potensialet sitt. Han må tørre å bli med tidlegare i løpet, seier Rodal.

Vebjørn Rodal
FRIIDRETTSEKSPERT: Vebjørn Rodal Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Rodal trur farten og feltet i Stockholm kan vere kapable til å få til ei tid på 3.30, så lenge vinden spelar på lag, og er klar på kva Nordås må gjere for å kome nær målet:

– Det kjem til å gå kjempefort her. Han er i form. Han har sprunge 3.32 meir eller mindre i eit sololøp. Han må evne å få ut potensial sitt. Han må bli med langt fram i løpet tidleg, seier Rodal.

– Det er sagt ifrå arrangør at det skal blir køyrt fort. Og det blir strekk i feltet. Eg trur fort dette kan bli eit av sesongens høgdepunkt, seier trenar Gjert Ingebrigtsen før løpet.

Nordås trur målet er innanfor rekkevidde, spesielt når han får fokusere på det sportslege.

– Det er nå eg innser kor mykje eg verdset det. Faktisk berre for å springe. Kor mykje det betyr i seg sjølv og sleppe alt det andre. Eg set pris på det og må bruke det for det det er verdt.

– Kan det vere 3.29-oppskrifta?

– Eg trur det. Eg håpar det. At det er det som har mangla, seier Nordås.