Ung kvinne med langt blondt hår smiler i et restaurantlokale. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
EIN: Embla Njerve var den einaste norske tekniske utøvaren i U20-VM. Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Eg synest jo det er veldig kjipt at det har blitt eit mindre miljø for det, no enn tidlegare.

Embla Njerve var den einaste norske tekniske utøvaren under sommarens U20-VM i Eugene.

En ung kvinne med langt blondt hår står utendørs i en lys grønn langermet trøye. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MILJØ: Embla Njerve trur det handlar om å skape eit godt miljø først, så vil rekrutteringa skje deretter. Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Som liten var bergensaren innom dei fleste greinene i friidrett før ho landa på stavsprang. Lenge var ho den einaste jenta og måtte trene med gutar som var langt eldre enn ho.

– Eg trur det er mange som synest det er kulare å drive med sprint enn tekniske øvingar. Og det er kjipt fordi det øydelegg litt kulturen for den heilskaplege friidretten.

19-åringen opplev at det tekniske miljøet på landsbasis minkar fordi det har blitt ein større kultur rundt sprintmiljøet, men trekk fram Bergen som ein stad der stavsprang blir satsa på.

– Vi ser at stavmiljøet i Bergen blir berre større og større, rekrutteringa fortset. Vi har gode trenarar som motiverer og får fleire til å begynne.

Embla Njerve
EINASTE: Embla Njerve var den einaste norske utøvaren under U20-VM i sommar. Foto: BILDBYRÅN NORWAY

No håpar ho fleire vil følge etter slik at det blir meir tilrettelegging og større tryggleik rundt tekniske greiner, slik at landsnivået på sikt hevar seg blant dei unge.

– Det handlar eigentleg om å bygge miljøet rundt, så trur eg berre rekrutteringa skjer naturleg.

– Eg har vore veldig vant til å trene aleine. Men eg synest jo det er veldig hyggeleg når det er andre jenter som kjem seg opp dit eg er.

– Det ser jo dårleg ut

Totalt i sommar var 89 norske utøvarar tatt ut til internasjonale meisterskap. 17 av desse konkurrerte i tekniske øvingar.

– Det må jo vere nokon som kjem etter oss. Og det ser jo dårleg ut, foreløpig.

Lengdehoppar Henrik Flåtnes er bekymra over utviklinga i norsk friidrett. Det kjem like etter at Noreg tok seks medaljar i EM.

– Det er ei kastebane i Oslo, på NIH, og den er stengt for dei fleste, seier sleggekastar Eivind Henriksen.

Skallede mann med skjegg i hvit t-skjorte foran en logo-vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KRITISK: Sleggekastar Eivind Henriksen er kritisk til utviklinga i friidrett. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Det er ikkje akkurat bra no, når ingen i U18-EM og ingen i U20-VM kvalifiserte til kastøvingar, fortset Henriksen om rekrutteringa.

NRKs ekspert seier det vil bli vanskeleg å snu ei utvikling som har halde på over tid. No skal Noregs friidrettsforbund ta grep.

Ber Idretts-Noreg omprioritere

– Det er fleire stader der det ikkje er lengdegroper, det er ikkje høgdestativ. Det er mykje lettare å gå ut på vinteren å løpe, seier noverande sportssjef i Noregs Friidrettsforbund, Erlend Slokvik.

Kvinnelige atleter feirer gull
SJEF: Noverande sportssjef i Noregs Friidrettsforbund, Erlend Slokvik. Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Han oppfordrar Idretts-Noreg å legge til rette for betre fasilitetar.

– Visst vi fortset slik som nå er ein ved eit brytningspunkt. Vi ser ikkje veldig mange som bankar på døra akkurat no i dei tekniske øvingane.

– Kva bør friidrettsmiljøa gjere framover?

– Det er vel fleire ting det. Men det er klart at det er populært å springe. Så det er litt kva talenta vel, og så er det kanskje litt for mange som vel sprint då, som skulle ha hoppa lengde eller kasta spyd.

Slokvik trer av som sportssjef 1. november. Les svaret til den påtroppande sjefen nedst i saka.

Mangel på idol

– Det handlar om trenarkompetanse og anleggssituasjonen, altså føresetnaden for at det skal vere mogleg.

Det seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal, som delar bekymringa til atletane.

– Utviklinga har vel vore relativt tydeleg over lengre tid. Dette er jo ein greie som er uhyre krevjande å få til, men likevel veldig viktig i kvar ein prestasjonskultur.

Vebjørn Rodal
EKSPERT: NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal. Foto: NTB

Rodal peiker på at noko av rekrutteringsutfordringa kjem av mangelen på idol blant hopp- og kastøvingane.

– Å rekruttere frå botn utan einarar og idol å sjå opp til er krevjande. Dei unge har lyst til å bli ein ny Jakob, eller ein ny Karsten, ein ny Henriette, eller ein ny Amalie Iuel.

Lengdehoppar Flåtnes meiner det er avgjerande å gi unge fridomen til å velje i ung alder.

– Eg tenker det er ein kjempeviktig del av barneidretten, at vi introduserer alle øvingar, slik at dei kan velje sjølv kva dei faktisk har lyst til å drive med, i staden for at det blir valt for dei.

Henrik Flåtnes
HÅP: Henrik Flåtnes håpar at det vil kome unge talent opp i dei tekniske øvingane. Foto: Maxime Thore / Bildbyrån

Sjølv jobbar han med å utvikle tekniske utøvarar på skulen Wang Toppidrett i Tønsberg. Og håpar å kunne bidra til at det kjem nokon etter han.

– Det er mange som spring på rundt 10.5, 10.6 (sekund på 100 meter) som kanskje kunne hoppa langt i lengde.

Likevel har han ikkje eit klart svar på kva som er riktig veg å gå

Skal legge ein god plan

– Kva kan du og forbundet gjere vidare?

– Eg ser ikkje heilt ein veg vidare. Det er jo det å bygge opp under treningsmiljø som tilbyr teknisk trening. Utvikle trenarar på treningskompetanse og rett og slett få fleire trenarar som kan tilby den treninga. Då kjem også utøvarane, seier Flåtnes.

Under friidretts-EM i Birmingham var 56 utøvarar uttatt, berre 13 av desse i tekniske øvingar. I U18-EM deltok tre av 15 norske utøvarar i tekniske øvingar.

HOPP: Lengdehoppar Henrik Flåtnes i aksjon under EM i Birmingham. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Påtroppande sportssjef i Noregs friidrettsforbund, Hanne Lyngstad, har dette som ein prioritet inn i hausten.

– Vi ser jo at det kanskje er litt utfordringar med rekrutteringa av unge nye kastarar. Men vi har allereie jobba ein del med det og er heilt sikra på at vi skal få lagt ein god plan.

Kvinne i hvit t-skjorte og olabukser står ved et friidrettshekk på en løpebane utendørs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SNART SJEF: Påtroppande sportssjef i Noregs friidrettsforbund, Hanne Lyngstad. Foto: Norges Friidrettsforbund

Ho inntar stillinga for fullt 1. september og seier at det lurt å utvide horisonten i tida som kjem.

– Kanskje vi skal leite litt ute i miljøa etter meir rekruttering, få fleire utøvarar til å prøve tekniske øvingar. Og så må vi jobbe med hospitering slik at dei kan lære av dei som er eldre og betre, seier Lyngstad og legg til at det også handlar om trenarutdanning og trenarutvikling.

– Vi har mange trenarar i dag som har kome på eit høgare nivå, som haustar medaljar. Ved å utvikle trenarar som skal lære av dei beste, så vil det også vere eit viktig fokusområde.