– Nei, kva er det som ikkje har vore problemet, undrar Aasmo overfor NRK.
Den norske sprintaren er klar for NM i Trondheim, men det startar å bli lenge sidan ho har stått på startstreken.
Dei siste åra har sprintaren slite med skadar i blant anna hamstring, akilles og hofta.
Den eine skaden har blitt følgd av ein annan, som har gjort at ho sidan starten av 2025-sesongen berre har konkurrert i eitt stemne.
Det var NM på Askøy i fjor. Før det kan ikkje Aasmo hugse sist gong ho stilte til start.
– Eg har vore mykje skadd dei siste to åra og har ikkje fått lagt ned all grunntreninga som skal til for at eg skal kjenne meg klar til å konkurrere. Det er grunnen til at eg har vore borte, fortel Tjalve-sprintaren.
– Blanda kjensler
Den siste tida har 27-åringen trøbla med hofta, som har gjort det vanskelege å trene som normalt.
Aasmo kjenner framleis på litt smerter i forkant av sesongdebuten.
– Men eg trur ikkje det skal bli så mykje verre av å springe eit par 100-metere. Så får vi ta rehab og ta skikkeleg tak i det etter NM, fortel ho.
Sjå NM i friidrett onsdag frå klokka 19.40:
Den norske sprintaren har ei lang merittliste med blant anna ni NM-gull. I 2024 tok ho sølvet på 100 meter, som er øvinga ho skal springe i år.
Men skader og motgang dei siste åra har tidvis tært på motivasjonen.
– Eg har litt blanda kjensler. Det har vore litt vanskeleg, det skal eg innrømme.
– Eg føler at eg tidlegare har lagt alt til rette, ofra mykje og sett nokon ting litt på vent – for å prøve å bli skikkeleg god. For å halde eigen motivasjon oppe krevst det då at eg får noko igjen for alt arbeidet eg legg ned, legg Aasmo til.
Tok grep
Difor tok ho grep etter førre sesong.
I staden for å førebu seg på enda eit år på tradisjonelt vis, drog ho til utlandet for å gi kroppen ein skikkeleg pause og få det heile på avstand.
Ettersom 27-åringen uansett var for skadd til å trene for fullt, blei reise med venner ei slags redning.
– Det har vore litt godt for hovudet å ta litt pausar, få det litt på avstand, og så komme tilbake med meir motivasjon. Det har eg opplevd kvar gong, eigentleg, seier Aasmo.
Grepet har vore avgjerande for at ho har halde idrettskarrieren i live.
– Hadde eg kjent eg hadde eit strengt regime dei to siste åra, så veit eg ikkje om eg hadde stått her i dag. Det skal eg vere ærleg å seie, erkjenner ho.
For sjølv om det har vore mykje motgang dei siste to sesongane, har ikkje sprintaren gitt opp draumen om å komme tilbake på det nivået ho tidlegare har vore på.
– Eg har trua på at om eg blir skadefri og verkeleg går inn for det, kan eg absolutt bli god igjen, fortel Aasmo før ho legg til:
– Eg trur at eg kan komme tilbake på det nivået om eg legg ned jobben som trengst. Men så er eg litt usikker på kva tankane mine er rundt det.
– Ein viktig eigenskap
NRKs friidrettsekspert kjenner betre til Aasmo frå sosiale medium enn frå friidrettsbanen etter det lange avbrekket, som gjer at han er svært usikker på kor ho står.
– Eg er vel like spent som eg går ut frå at ho er sjølv, seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.
Han er uansett imponert over evna hennar til å fortsette karrieren trass tallause avbrekk.
– Det er jo ein viktig eigenskap for alle som driv med idrett, meiner eksperten.
Rodal samanliknar idrettssatsinga som ei kupert løype.
Det er både lette og tunge parti i løypa, og for enkelte er dei tunge partia lengre og tyngre enn for mange.
– Her har ho sikkert strevet litt med ein ordentleg motbakke i karrieren sin, men då er det kanskje ekstra herleg å nå toppen og sjå flatt, lett terreng igjen, seier Rodal.
Hyller nytt grep mot seksualisering i friidretten: – Ble skikkelig glad da jeg så det
Usikker framtid
Etter fjorårssesongen uttalte Aasmo til Nettavisen at ho hadde begynt å sjå på moglegheiter for når ho legg opp.
Då var ho tydeleg på at ho ville slutte dersom problema fortsatte, men enn så lenge er framtida i det blå.
– Eg er litt usikker på kor lenge eg kjem til å fortsette. Så har eg ikkje tatt nokon avgjerder no, og det kan godt vere at eg fortset eit par år til. Eg tar det veldig sesong for sesong, så får vi sjå korleis det går på 100 meter her no.
Resultata i NM vil derimot ikkje avgjere om ho fortset satsinga eller ikkje.
– Eg kjem til å fortsette til eg er heilt sikker uansett, så eg kjem ikkje til å ta ei brå avgjerd etter denne meisterskapen.