Amalie Iuel
KONSENTRERT: Amalie Iuel må gjere alt rett dei første dagane i EM. Foto: Alem Zebic / NRK

– Eg håpar jo at eg har sett nokre spor etter meg. Eg håpar eg ikkje går heilt i gløymeboka med det første, seier Amalie Iuel til NRK.

På måndag startar den 32 år gamle hekkeløparen sitt siste internasjonale meisterskap i karrieren.

Under friidretts-EM i Birmingham har Tjalve-løparen eitt mål å bli hugsa for: Å ta sin første medalje i eit internasjonalt friidrettsmeisterskap.

Om det skal lykkast, så må alt stemme i løpet av dei tre første dagane i meisterskapen.

– Eg blir sliten av tanken. Men eg er klar for ei utfordring. Og det er jo siste året mitt, så eg tenker vi må berre smelle til.

Amalie Iuel - Bislett
SISTE UTFORDRING: Ein varm dag i mai på Bislett stadion fortalde Amalie Iuel til NRK at ho hadde bestemt seg for å legge opp. Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

Ambisiøs plan

For første gong skal Noreg stille med eit lag på blanda stafett. Der er veteranen sjølvskriven.

Finalen for blanda stafett er måndag kveld klokka 22.40. Då er det berre 12 timar til Iuel tysdag skal springe semifinale på 400 meter hekk.

– Det blir kjempeviktig. Det er mykje som skjer innanfor veldig kort tid. Så eg må prøve å vere litt egoistisk og tenke på seg sjølv og få restituert best mogleg mellom slaga, forklarer ho.

Og tar ho seg vidare derifrå ventar finalen onsdag – dagen etter semifinalen.

– Det kjem til å bli tøft. Eg må klare å komme meg ned igjen dersom det har gått bra i blanda stafett, og klare å komme opp igjen dersom det har gått dårleg, seier ho og fortset:

– Eg må komme meg i isbadet og begynne restitusjonsbiten fortast mogleg. Få nok søvn.

Iuel beskriv timane imellom konkurransane som heilt avgjerande. Ho håpar at rutinen kan hjelpe ho med den ambisiøse planen.

– Å omstille seg og ta det litt løp for løp, og ikkje tenke at du må spare krefter ein stad for å ha krefter igjen til det du skal gjere seinare. Ein må køyre botn gass på alt, seier Iuel.

– Vanskeleg å svare på

For første gong har Iuel heile tre moglegheiter for å ta medalje. Ho er usikker på kva øving ho helst kunne tenkt seg å vinne.

– Det synest eg er vanskeleg å svare på, fordi friidrett er ein individuell idrett, og alle set sine individuelle sprang høgst. Og det skal ein. Men så er jo også stafetten noko som står mitt hjarte nært. Eg har lyst til å lykkast i alle tre øvingane, seier ho og fortset:

– Eg håpar jo at eg på nokre av dei skal få stong inn og gjere det bra.

– Kva ville det betydd? Edelt metall?

– Det er noko eg ikkje har så veldig mykje av frå før, så det hadde vore gøy å få med ein sånn heim. Det hadde det. Det er ei perfekt avslutning på ein karriere, konkluderer ho.