– Det er veldig viktig. Eg var ganske sliten etter i fjor, seier Henriette Jæger til NRK.
Jæger leverte ein utruleg sesong i fjor, der ho blant anna tok sin første Diamond League-siger og gull i U23-EM.
Men det kosta.
Totalt blei det heile 31 konkurransar for løparen frå Aremark, som avslutta sesongen med ein sjetteplass på 400 meter i VM i Tokyo.
– I fjor var det utruleg mange konkurransar, og då sa eg eigentleg ganske klart frå om at vi kan ikkje fortsette sånn her.
Suksess
På måndag startar EM i Birmingham der Jæger er blant gullfavorittane på 400 meter.
Denne sesongen har ho, saman med mor og trenar Unn Merete Lie Jæger, vore tydelege på at sesongen blir lagd opp for å sikre størst mogleg suksess i EM.
– Eg kan konkurrere ofte om eg vil. Men eg trur også det er viktig å halde litt tilbake og fylle på med trening. Å fokusere på dei ordentleg store konkurransane og meisterskapane som kjem, forklarer Jæger.
Det innebar ein lengre konkurransefri periode etter Bislett Games i juni – noko som straks gav resultat.
For då Jæger var tilbake i London i juli, så tok ho personleg rekord med 49,15 – som også er det raskaste løpet frå ein europear så langt i år.
– Eg merkar jo at dei ekstreme resultata ofte kjem etter at eg har slappa litt av eller fått lagt inn ein god treningsperiode.
Blir eit hardkøyr
I EM skal Jæger springe tre øvingar: Blanda stafett 4x400 meter, stafett 4x400 meter og 400 meter individuelt.
Under U23-EM i fjor sommar sprang Jæger seks løp på tre dagar. Ho er ikkje redd for at det kjem til å bli for mykje under meisterskapen.
– Eg gjorde litt det same køyret i fjor. Så det er jo tydeleg at kroppen toler det. Og vi trenar jo hardt, så eg trur det skal gå greitt, forklarer ho.
Du kan sjå alt frå meisterskapen som startar på måndag i NRK TV:
Men sjølv om tanken har vore å konkurrere mindre, så vil det bli nok av konkurransar for 23-åringen også i år.
– Då eg var enda yngre, så fekk eg meir energi jo meir eg konkurrerte. Og eg er framleis litt sånn no òg, seier ho og legg til:
– Men eg skal halde på med å drive med dette gamet i mange år, så det er greitt å ikkje ete heile kaka med ein gong, forklarer Jæger.