Thea Loktu og Frisk Asker-supportere
PÅGANG: Thea Loktu og Frisk Asker opplever stor pågang for kjøp av billettar til heimekampane til laget. Foto: Lise Åserud / NTB / Terje Haugenes / NRK

– Det er vel både «heilt sjukt», «wow» og «historisk», seier Thea Loktu.

Ho har ansvaret for billettsalet til ishockeyklubben Frisk Asker sine heimekampar kommande sesong.

Nettopp derfor har ho fått det mykje travlare nå enn tidlegare år.

For interessa og lysta på kampbillettar i Asker har rett og slett eksplodert.

– Ein får jo nesten litt sjokk. Vi er vande til å dra på sommarferie og sjå at det aukar med 10–15 sesongkort på tre veker, og nå auka det med 10–15 om dagen. Da eg ringde sjefen min midt i ferien og fortalde det, fekk ein jo bakoversveis, seier Loktu.

Kvinne i mørk blazer står foran en ishockeybane i en tom ishall. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
BILLETTANSVARLEG: Thea Loktu er ansvarleg for billettsalet i Frisk Asker. Det er travle dagar på jobb. Foto: Terje Haugnes / NRK

Førre sesong selde dei 332 sesongkort i hallen som totalt tar 3805 tilskodarar. Før ein einaste puck er droppa i kommande eliteseriesesong er det same talet 855.

Ein auke på 157,53 prosent.

I fyr og flamme

– Det er hockeyfeber i Asker om dagen! Det er sinnssjukt kult og utruleg moro å vere på isen framfor eit så engasjert publikum, seier Eskil Wold.

En mann i mørk hockeyuniform smiler til kamera
NØKKELSPELAR: Eskil Wold er ein av dei lokale spelarane på Frisk Asker. Foto: Terje Haugnes / NRK

Saman med sin yngre bror Sander Wold er han ein av dei viktigaste spelarane til klubben. Yngstebror Wold har sin teori på kvifor interessa har auka.

– Ei blanding av at vi har vore i toppen dei siste 3–4 åra, og at vi har ein stamme med mange lokale gutar som supporterane set pris på. Nå skal det bli gull i Asker snart, seier Sander Wold.

Han er i fyr og flamme over billettsalet i forkant av sesongen.

– Dødsgøy! Superbra for Frisk Asker og hockeyen generelt. Vi ser ein auke i heile landet, så norsk hockey er på rett veg.

en mann i hockeyutstyr smiler
WOLD: Sander Wold er i fyr og flamme over at det er hockeyfeber i heile Noreg. Foto: Terje Haugnes / NRK

Det er likevel ikkje berre fryd og gammen i norsk hockey:

50.000 fleire tilskodarar

Kanskje er Wold inne på noko.

NRK har sendt førespurnader til alle ti klubbane i den øvste divisjonen i norsk ishockey.

Fleire rapporterer om auka trykk på både kampbillettar, sesongkort og at det har blitt lettare å hente inn sponsorar.

Sjå alle svara her:

– Historisk høgt, seier Daniel Østbye om billettsalet i Vålerenga med eit stort glis til NRK.

Han er kommersiell leiar i Vålerenga Hockey.

Østbye fortel at dei har hatt ein auke på 10 prosent i sal av sesongbillettar. Fleire vil dei helst ikkje selje. For oftare og oftare sel dei ut heile arenaen gjennom sesongen. Da må dei ha enkeltbillettar tilgjengeleg.

Aktivitetar og tilbod for alle er noko av nøkkelen til suksessen på Jordal, fortel Østbye.

– Inn mot fjorårssesongen så endra vi litt på korleis publikum er på stadion. På øvre del så har vi plass til 1800 menneske som er såkalla vaksensone, for dei som ønsker å komme før kampen, ta ein øl, kanskje fylle opp glaset sitt, seier Østbye og fortset:

Daniel Østbye Vålerenga Hockey
GLISER: Daniel Østbye har jobba i Vålerenga som kommersiell leiar sidan 2023. Han fortel at sponsorbudsjettet har dobla seg på tre år, og billettsalet går så det grin. Foto: Hans Solbakken / NRK

– Samtidig som vi utvikla eit veldig godt produkt nede på felt i tribunen, 3700 plassar med fans, barn, ansiktsmåling, mange aktivitetar. Så vi ønsker å nå ut til alle, og det har vi lykkast med.

Ifølge dagleg leiar i Elitehockeyligaen (EHL), Cato Cocozza, var det 50.000 fleire tilskodarar totalt innom hockeyhallane på det øvste nivået førre sesong samanlikna med tidlegare.

Heile 588.897 personar var inne i ein hall for å sjå på kamp førre sesong.

– Vi opplevde også fleire utselde storkampar og svært stor etterspørsel rundt sluttspelet, skriv Cato Cocozza til NRK.

– Pengar i kassa

Men kvifor kjem denne auken i interesse nå?

VM-bronsen til landslaget tidlegare i år kan kanskje vere noko av grunnen til at fleire har fått auga opp for sporten.

Frisk Asker nådde heilt til finalen i sluttspelet førre sesong – det kan òg vere noko av forklaringa i Asker.

Thea Loktu i Frisk Asker viser òg til fleire grep dei har tatt dei siste åra for å trekke folk til hallen.

Ho fortel om at dei så ofte som mogleg prøver å gjere ei stor greie ut av kampane. Loktu nemner alt frå Brannbamsen Bjørnis til ølsal som grunnar til at folk tar turen til Frisks heimearena.

Ishockeyspiller i oransje treningstrøye fører pucken på isen under en økt i en ishall. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SESONGSTART: Sander Wold gjer dei siste førebuingane før sesongstarten. Foto: Terje Haugnes / NRK

– Det er ein rask idrett der du ikkje rekk å kjede deg. I tillegg har klubbane blitt veldig flinke til å bruke arenaen som ein underhaldningsbase – med «kiss-cam», videoar på kuben, og at det skjer noko heile tida. Det er ein stor bidragsytar, seier Loktu.

– Kva gjer dette økonomisk for Frisk Asker?

– Når du over doblar sesongkortsalet, kling det meir pengar i kassa. Det er tøft å drive idrettsklubb i Noreg, så det er veldig positivt. Men dette er pengar som skal investerast rett tilbake til underhaldningsverdien i arenaen, avsluttar Loktu.

Frisk Askers første heimekamp mot Vålerenga er tilnærma utselt, og klubben har stoppa salet av sesongkortbillettar. Dette for at dei må kunne ha enkeltbillettar å tilby til alle kampar utover i sesongen.

– Vi kan selje ca. 50 sesongkort til, men det blir først etter Vålerenga-kampen, seier Loktu.

EHL startar sesongen onsdag 16. september.