En eldre kvinne med briller og blomstrete bluse står på en balkong. Hun ser mot kameraet. Bak henne er det grønne trær og gress. En grå stolpe er synlig til venstre i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
NYTT LIV: May Solfrid Lunde lever godt etter transplantasjonen. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

– Eg var veldig frisk éin dag og neste dag klarte eg ikkje eingong å stå opp, så nokre trudde ikkje på at eg var sjuk.

Dette seier May Solfrid Lunde om korleis det var å ha lungefibrose, same sjukdom som kronprinsesse Mette-Marit.

– Det har vore veldig krevjande å leve med, seier ho.

bilde av en person som ser mot venstre ut av vinduet.
– Det er verst for dei pårørande, seier Lunde. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

På same tid gjekk ho gjennom ei skilsmisse og måtte kjempe for å ta vare på hus og heim.

– Eg blei dårlegare av den psykiske påkjenninga, og alt det kravde av meg.

Sjølv om situasjonen er annleis for kronprinsessa, kjenner May seg igjen i det å stå i sjukdom samstundes som ein skal ta vare på familien.

– Ho er knalltøff, eg skjønnar ikkje kva ho er laga av, seier May.

Kronprinsesse Mette-Marit har pustehjelp, et nesekateter som tilfører oksygen direkte inn i nesen, på offisielt oppdrag på Slottet
Kronprinsesse Mette-Marit har av og til oksygentilførsel på grunn av lungefibrosen. Foto: Lise Åserud / NTB

Men etter fleire år, fekk ho plutseleg gladnyheita om at det var hennar tur til å få nye, friske lunger.

I dag blei det kjent at Kronprinsesse Mette-Marit står på liste for lungetransplantasjon.

Og May veit godt kva som ventar kronprinsessa når det blir hennar tur.

Mista mor og bror

Som lita jente fekk May astma, men ettersom åra gjekk blei ho gradvis dårlegare.

Både lungebetennelse, slim og pustevanskar prega kvardagen hennar på det verste.

bilde av en person inne i en bil som peker mot venstre.
Lunde på veg for å gjeste Nyheitsmorgon i dag. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

Til slutt fekk ho påvist lungefibrose, ein sjukdom som både mora og broren hennar hadde.

– Mora mi døydde før ho fekk nye lunger, og broren min døydde av komplikasjonar etter operasjonen, seier ho.

En stor byggekran strekker seg over taket på Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet. Bygningen er kledd i murstein, og det er flere vinduer på fasaden. En mindre kran er synlig i bakgrunnen. Været er skyet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Det er berre Rikshospitalet som kan utføre ein transplantasjon i Noreg. Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Men May var heldigare. Med nye lunger har ho fått 20 ekstra år, og håper på enda fleire.

– Det er vanskeleg å beskrive kva dei har gitt meg, seier ho takksamt om donorlungene.

Veit korleis det kan bli for kronprinsessa

I dag blei det bekrefta at Mette-Marit er sjuk nok til å bli sett på liste over personar som treng nye organ.

Kronprinsparet og prinsesse Ingrid Alexandra går ut fra Rikshospitalet
Kronprinsparet på veg ut av Rikshospitalet i går. Foto: Ksenia Novikova / NRK

Tidlegare denne veka blei det kjent at det åtte personar står på denne lista.

Det er den sjukaste som får tilbod om det kjem inn lunger som matchar fleire personar.

Dette veit May alt om som venta i nesten eit halvt år på friske organ som passa.

– Eg måtte alltid vere klar til å dra til Rikshospitalet på fire timar, forklarar ho.

Ho huskar godt da telefonen ringde frå sjukehuset.

bilde av person på en veranda med grønne trær i bakgrunnen.
Lunde hoppa på første fly frå Sola Lufthamn den dagen ho fekk beskjeden. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

– Eg kunne ikkje tru det, at det var min tur.

Og synet som møtte ho før operasjonen, var ekstra spesielt. Det var nemleg den same legen som hadde operert broren hennar.

– Det var veldig sterkt å møte akkurat han, seier ho.

Men lungene kom òg med ein pris.

Immundempande medisinar, hyppige legebesøk og etterverknadar har prega livet hennar etter operasjonen.

Trass i ulike forholdsreglar, er May livsglad.

bilde av en person som ler med grønne trær i bakgrunnen.
Lunde er veldig livsglad, trass i ei lang sjukdomshistorie. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

Hosterefleksen har blitt borte så ho må hoste på kommando.

I tillegg må ho passe godt på at ho ikkje blir sjuk.

– Eg kan ikkje kjenne at eg har lungebetennelse, fordi nervetrådane i brystet er kutta.

Ho har òg fått såkalla kronisk fråstøyting, som gjer at pusten har blitt litt dårlegare.

Lever livet fullt ut

Likevel har May alltid halde motet oppe.

Ho kjenner seg heldig som fekk moglegheita til å halde fram med livet.

– Eg var så sjuk at eg var redd eg ikkje skulle få oppleve konfirmasjonen til dottera mi, men no har eg til og med sett barnebarnet mitt bli konfirmert, fortel ho.

bilde av to smilende kvinner på en takterrasse. Kvinnen til venstre er iført en bunad.
Nye lunger ga May moglegheita til å vere med på konfirmasjonen til barnebarnet sitt Ida lunde Kjosavik. Foto: Privat

No håper ho på fleire år, og lever livet til det fulle.

– Eg og mannen min er opptatt av å ikkje sitte inne. Vi må ut å oppleve alt vi kan.