Barn leker ute på Bolteløkka skole
MEIR MAKT TIL FAMILIANE: Meiner Frp må til når det gjeld når eit barn skal byrje på skulen. Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK

Framstegspartiet (Frp) meiner at det er på tide å gi familiane meir makt i å avgjere når barna deira er klare for å ta fatt på skulekvardagen.

Onsdag la partiet fram eit forslag om fleksibel skulestart i Stortinget.

Partiet ønsker å:

  • Gjere det lettare å framskunde og utsette skulestarten med eitt år
  • Gjere det enklare å hoppe over skuletrinn når det er hensiktsmessig
Barn leker ute på Bolteløkka skole
Eit barn på ein skule i Oslo er travel med å klatre til topps i eit klatrestativ. Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK

I dag er hovudregelen at barn byrjar på skulen det året dei fyller seks, men foreldre eller føresette kan søke om utsett eller skunda fram skulestart.

Kommunane kan godkjenne søknadane dersom «ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg», står det i opplæringslova.

Held deg oppdatert på saker om skule her:

Velle: Mogleg med fleirtal

Simen Velle, utdanningspolitisk talsperson i Frp, ønsker å «mjukne opp regelverket» gjennom å «flytte litt makt frå staten over på foreldra».

– Vi foreslår å gjere det lettare for barn å starte tidlegare, og kanskje viktigast av alt litt seinare på barneskulen, seier han til NRK.

Velle har trua på eit fleirtal i Stortinget.

– Det skal vere mogleg å stable på plass eit fleirtal. Frp er open for å forhandle dei eventuelle vegane til mål som kan samle eit fleirtal, seier han.

– Det viktigaste er at barna får moglegheita til å starte på skulen når dei er klare, legg Velle til.

En mann med lyst hår og dress står vendt mot kameraet. Han har på seg en mørkeblå dress, hvit skjorte og et mønstret slips. Bak ham er en vegg av gule murstein. I bakgrunnen ser man et maleri på veggen og en åpen døråpning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Simen Velle (Frp) meiner at dagens lovverk er for lite fleksibelt når det kjem til skulestart for barn. Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Velle får ikkje med seg Sosialistisk Venstreparti (SV) på laget.

SV meiner at Frp sitt forslag er overflødig, og at fokuset heller bør vere å endre det første skuleåret for elevane.

– Det er allereie mogleg i dag, og det er ikkje eit stort behov for det, seier Sunniva Holmås Eidsvoll, utdanningspolitisk talsperson i SV.

– Det er skulestarten for barna vi må endre på og ikkje lempe dette på kvart enkelt barn og kvar enkelt familie, legg ho til.

En kvinne med krøllete, lyst hår og en blomstrete kjole snakker. Hun har på seg et tynt, gullfarget halskjede. En mann, hvis ansikt er delvis skjult, står til venstre og ser ut til å lytte. I bakgrunnen står to menn som snakker sammen. Bildet er tatt innendørs i et rom med lyse vegger og en stor, fargerik abstrakt kunstinstallasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) synest at Frp sitt forslag er «overflødig» ettersom det i dag er mogleg å få utsett eller skunda fram skulestart. Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Ueinige om skulestart

For Frp er det viktig at foreldre i større grad enn no får vurdere om barna deira er moden nok for å byrje på skulen.

– Å flytte litt makt frå staten over på foreldra er ein bra dag for Frp, seier Velle.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) understrekar at det er mogleg for foreldre å vente eller framskunde skulestarten etter anbefaling frå fagfolk.

– Mange set pris på slik oppfølging før dei tar ei slik inngripande avgjerd på vegner av barna, skriv kunnskapsministeren i ein e-post til NRK.

Kunnskapsministeren har større tru på meir leik og mindre stillesitting for dei yngste elevane, framfor at foreldre «fritt skal velje når barna startar på skulen eller held fram i barnehagen».

Ei kvinne med mørkt hår i ei lys skjorte står foran ein fargerik bakgrunn.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) peikar på at mange foreldre ønsker rettleiing i valet om eit barn skal ha skunda fram eller utsett skulestart. Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Velle meiner at det er foreldra og føresette som «kjenner sine eigne barn best», og dermed bør får lov til å ta avgjerda om når sitt barn er klar for skulen.

– Det er veldig stor skilnad på til dømes ei jente som er fødd i januar og ein gut som er fødd i desember same året. Den kognitive evna og kor langt ein er utvikla er veldig individuelt, seier Frp-politikaren.

– Derfor er dei rigide rammene vi har for skulestart i dag litt unødvendige, legg han til.

Barn leker ute på Bolteløkka skole
Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK

Eidsvoll meiner at behovet for ei endring ligg i korleis det første skuleåret er forma ut.

– Det første skuleåret har blitt alt for teoritungt og stillesittande for dei minste barna. Vi vil gjere fullstendig om på det, få mykje meir leik og endre det frå førsteklasse til førskuleår, seier ho.

SV-politikaren er tydeleg på at partiet ikkje vil fjerne moglegheita til å kunne framskunde eller utsette skulestarten, men at forslaget til Frp ikkje er det skulane har behov for.

– Vi treng fleire lærarar og å styrke laget rundt eleven. Alle barn skal finne seg til rette på skulen, seier Eidsvoll.

Barnehagekrøll

SV-politikaren peikar på at barnehagane ikkje er i stand til å handtere at fleire seksåringar skal gå eitt år ekstra i barnehagen.

– Vi meiner det vil skape store problem ute i barnehagane. Det blir veldig uføreseieleg kor mange plassar ein skal ha tilgjengeleg, seier Eidsvoll.

– Det er mykje betre å bruke dei tilsette og areala som er i skulen til å gjere store endringar første skuleåret, legg ho til.

Barn leker ute på Bolteløkka skole
Ein plan for skuledagen på Bolteløkka skole i Oslo. Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK

Det står ikkje på kapasiteten til barnehagane, ifølge Velle.

– Vi har i utgangspunktet nok barnehageplassar i dette landet, så er det alvorlege politiske grunnar til at det er sånn som det ikkje skal vere, seier Velle.

Han peiker på private barnehagar som ei mogleg løysing.

– Hovudgrunnen til at barnehagesektoren slit med stramme ressursar er at Kari Nessa Nordtun og regjeringa underfinansierer dei private barnehagane, seier han.

Barn leker ute på Bolteløkka skole
Elevar som leikar i eit klatrestativ. Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK

Utfordringane i barnehagesektoren er samansett, ifølge Nordtun.

Kunnskapsministeren peikar på endring i busettingsmønster og fallande barnetal nokon stadar som to hovudårsaker. Andelen private barnehagar er stabil, ifølgje Nordtun.

– Regjeringa er opptatt av å legge til rette for god drift for både private, ideelle og offentlege barnehagar, men det er eit viktig prinsipp for Arbeidarpartiet at skattebetalarane sine pengar skal gå til best mogleg oppfølging av barna i barnehagane, skriv ho til NRK.

Ifølgje kunnskapsministeren har regjeringa styrka finansieringa til både kommunale og private barnehagar i større grad enn det Frp gjorde då dei var i regjering.

Reform 97

I 1997 blei det gjennomført ei skulereform, kjent som reform 97, som gjorde at seksåringar skulle byrje på skulen.

Reforma utvida også grunnskulen frå ni til ti år.

Reform 97 skjedde under Gro Harlem Brundtlands tredje regjering med tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes i spissen.

Det er lite forsking på utsett og skunda fram skulestart, opplyser Utdanningsdirektoratet (Udir) til NRK i ein e-post.

Udir har oversikt over kor mange seksåringar som går eitt år ekstra i barnehagen framfor å byrje på skulen.

I 2025 var det totalt 331 barn i heile landet som fekk utsett skulestart.

Seksårsreforma blei evaluert i 2024, kor eit av hovudfunna var at førsteklassingar leikar for lite.