En person holder et dokument med tekst. Dokumentet inneholder paragrafen §1.Formål og tekst om likestilling og diskriminering. Bakgrunnen er uskarp, men man ser deler av en person og en grønn og blå rutete jakke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KJØNNSNØYTRAL: Frp meiner at likestillings- og diskrimineringslova ikkje tar gutar og menn sine utfordringar på alvor. Dei meiner at lova bør bli kjønnsnøytral. Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Framstegspartiet meiner at likestillings- og diskrimineringslova fremmer kvinner i større grad enn menn.

Dei vil gjere lova kjønnsnøytral, og fremmer eit forslag til Stortinget torsdag.

– Vi er i ei ny tid. Det aller viktigaste for Frp er at menneske stiller på like vilkår, seier Silje Hjemdal, talsperson for likestilling i Frp.

– Mykje har skjedd sidan 1970-talet, seier ho.

Hjemdal etterspør handling frå regjeringa.

En kvinne med blondt hår og solbriller på hodet. Hun har på seg en rutete jakke i blått og grønt med en brosje. Kvinnen står foran en mursteinsvegg og en gardin. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Silje Hjemdal meiner det er på tide å gjere likestillings- og diskrimineringslova kjønnsnøytral. Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) meiner at lova vernar om gutar og menn slik den er i dag.

– Denne lova er til for alle menneske i Noreg uavhengig av kjønn og etnisitet. Det er ei lov som skal ivareta alle former for diskriminering og beskytte både kvinner og menn, seier ho.

– Kvinner opplever framleis i 2026 diskriminering og vald, derfor kan det vere gode grunnar til å behalde lova sånn som den er i dag, legg ho til.

Ho understrekar at kvinner framleis «opplever store diskrimineringsutfordringar» og at det er historiske årsaker til at lova gir særleg vern til kvinner og minoritetar.

Vil ta gutar og menn på alvor

Lova har formål «å fremme likestilling og hindre diskriminering», og tar «særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling».

Frp meiner lova er utdatert i likestillingslandet Noreg, og at ho ikkje tar gutar og menn sine utfordringar på alvor.

– Eg trur veldig mange gutar og menn er sterke tilhengarar av likestillingspolitikken, men som kanskje kjenner at dei kjem i bakevje fordi det framleis står i lova at kvinner skal ha ei særstilling, seier Hjemdal.

Hjemdal trur at ei kjønnsnøytral lov vil gi ein «kraftig signaleffekt» om at det viktigaste er at menneske blir behandla likt, har like moglegheiter og at ingen skal forfordelast.

Les kva folk på gata tenker om lovforslaget:

– Ikkje eit nytt forslag

Forslaget til Frp baserer seg på ein rapport frå Mannsutvalet.

Støre-regjeringa utnemnde utvalet for å sjå på likestillingsutfordringar blant gutar og menn. Utvalet foreslo å «innføre kjønnsnøytral formålsparagraf i likestillings- og diskrimineringslova».

Årsaka til forslaget er at også gutar og menn skal oppleve likestillingspolitikken som relevant for dei.

– Dessverre har ikkje regjeringa følgt opp det Mannsutvalet kom med. No følger vi det opp, seier Hjemdal.

En person holder et papir med tekst.
Teksten på papiret er et utdrag fra en lov om likestilling.
Den beskriver formålet med loven og hva som menes med likestilling.
Papiret holdes opp foran en person med et grønt og blått mønstret plagg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Denne lovteksten vil Frp endre til å bli kjønnsnøytral. Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Jaffery meiner at Frp kjem med «urimeleg kritikk».

– Dette er ikkje eit nytt forslag. Frp er ikkje dei som fremmer dette først. Det var Mannsutvalet i NOU-en Arbeidarpartiregjeringa bestilte som blant anna fremma forslaget om å gjere formålsparagrafen kjønnsnøytral, seier ho.

Kultur- og likestillingsministeren meiner at lova bør halde fram slik ho er, men at ein endeleg konklusjon kjem i november.

– Det er noko vi skal behandle i november når vi legg fram ei eiga stortingsmelding om likestillinga sin veg vidare, der vi tar gutar og menn sine utfordringar på alvor.

En kvinne med mørkt hår og mørk blå genser med gullkjede ser mot kamera. Bak henne er et mykt fokusert bakteppe med buegang og mursteinsvegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery meiner at lova også vernar gutar og menn. Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Debatt om likestilling

I haust fekk kvinnefellesskapet Husmorhæren mykje merksemd då dei etterspurde tilrettelegging frå staten for at kvinner kan vere heime med barna.

Debatten vekte engasjement, og fleire meinte at likestillinga i landet har gått for langt.

– Likestillinga har gått i ei retning kor kvinner skal kopiere mannen, og det er antifeministisk, sa Aftur Nerdrum til NRK i haust.

Utsegnene fekk fleire til å reagere, blant anna Peggy Hessen Følsvik, tidlegare LO-leiar.

Ho hevda at vi lever i ei tid prega av aukande høgreekstremisme og fascisme som utfordrar kvinner sine rettar og likestilling over heile verda.

– Det er skremmande at vi også i Noreg må kjempe for å halde på opparbeidde rettar som tøffe og sterke kvinner før oss har kjempa fram, sa ho i haust.

Kort tid etter blei det klart at borgarleg side hadde fridd til Senterpartiet i arbeidet med å endre likestillings- og diskrimineringslova.

Sjå Debatten frå 25. september her:

Dei borgarlege partia meinte at ei kjønnsnøytral lov er vegen å gå.

Det blei ikkje godt mottatt av venstresida som ikkje hadde tru på at ei lovendring vil sende likestillingspolitikken i riktig retning.

Les meir om det her: