Regjeringa vil at færre skal få 100 prosent sjukemelding når dei går til fastlegen.
Målet er å få ned sjukefråværet.
– Ambisjonen er at nesten alt sjukefråvær skal vere gradert, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Regjeringens forslag i tre punkterHa en mer lik vurdering av sykmeldinger.Gradert sykmelding skal være hovedregelen. Hvis legen likevel vil sykmeldte 100 prosent, må det begrunnes.Legene skal få bedre betalt for å snakke med pasienter om hvordan de kan gå fra full til delvis sykmelding.
Frykta å ikkje komme tilbake
Sjukepleiar Ingrid Røe Brevig veit alt om korleis det er å vere gradert sjukemeld.
Etter åtte år som sjukepleiar fekk ho leddgikt og vart 100 prosent sjukemeldt.
Som NRK tidlegare har fortalt, fekk ho livet snudd opp ned og frykta å aldri komme tilbake i jobb.
– Det var veldig viktig for meg å halde meg i jobb.
Gradert sjukemelding vart løysinga
Det vart avgjerande at ho fekk andre arbeidsoppgåver og jobba lite i starten.
– Såpass lite som éin dag i veka, med tilrettelagde arbeidsoppgåver.
Det tok ho rundt to år å komme tilbake i full jobb på Diakonhjemmet sjukehus.
Sjølv om ho seier gradert sjukemelding var viktig, vil ho ikkje utan vidare støtte regjeringa sine nye grep fordi folk har ulike behov.
– Den perioden eg var 100 prosent sjukemeldt, så hadde eg ikkje noko arbeidskapasitet i det heile. Då hadde det ikkje vore mogleg for meg å jobbe ved sidan av det.
Virke-sjef Bernt Apeland meiner forslaget til regjeringa er eit viktig steg i riktig retning.
– Det er viktig både for den enkelte verksemda og for det heile norske samfunnet. Både for å ha folk i aktivitet og for å redusere kostnadane til sjukefråvær.
Feil medisin
Legeforeininga meiner regjeringa skriv ut feil medisin om målet er å få ned sjukefråværet.
– Me må skilje mellom kort- og langtidsfråvær, og setje inn tiltak for å få ned talet på langtidssjukemelde, meiner president i Legeforeningen, Anne-Karin Rime.
Ho meiner at dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar må bli betre, og at dei kan ordne opp sjølv, utan å involvere fastlegen.
Meiner tiltaka ikkje vil ha effekt
Fastlege og leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Torgeir Hoff Skavøy, er einig med Rime.
På Bønes legesenter i Bergen seier han at legeinvolvering i det korte sjukefråværet har liten effekt. Når ein eventuelt går over på langtidsfråvær, kan lege verte involvert.
– Dei fleste sjukemeldingar bør byrje med arbeidstakar og arbeidsgivar. Slik kan ein finne ut kva moglegheiter for tilrettelegging ein har, meiner Skavøy.
Apeland i Virke meiner at dette ikkje er vegen å gå.
– Men å ha eit godt samarbeid mellom arbeidstakar og arbeidsgivar er heilt openbert.
Skavøy meiner at regjeringa sine tiltak vil ha liten effekt.
– Dette er tiltak som er godt kjent frå før og eit fokusområde som legar har hatt i mange år.
Eit av dei nye tiltaka er eit «Følg-eller-forklar-prinsipp». Ifølgje Vestre betyr dette at legen må forklare kvifor pasienten skal bli 100 prosent sjukemeld.
– Det verker som at det ikkje er noko anna effekt enn at me legar må bruke meir tid på å dokumentere vala våre, seier Skavøy.
Han kjem til å jobbe på same måte som han har gjort før.
– Me har prøvd å gradere i alle år. Skal me må lågare sjukefråvær må me samarbeide. Me må slutte å tenke at me får endringar av å leggje strengare krav på legane.
Ingrid Røe Brevig meiner det viktigaste er at arbeidsgivarane gjer det mogleg for sjukemelde å komme tilbake.
– Eg håpar fleire arbeidsgivarar legg til rette for tilrettelagde stillingar og gradvis auke og passar på at det er passe arbeidsmengd for dei som er sjuke.