– Trening er den beste tiltaket for å halde seg i form, både mentalt og fysisk, seier Robin.
NRK treff han på Flex Gym i Trondheim der han trener.
Av dei snaue 350 kronene han betalar i månaden for å trene, er ingen av dei moms.
Når skattekommisjonen onsdag la fram sin rapport, peiker dei på treningstilbod som ein stad å hente inn meir moms.
Det er Robin redd kan gi dyrare trening.
– Det blir jo dyrare rekningar, da. Det er jo det man alltid må tenke på.
– Helsa til det norske folk burde alltid vere ein prioritet. Jo dyrare dei gjer det, jo verre blir det for folk, meiner Robin.
Kan gi 1,5 milliardar i inntekt
I dag har idrettstilbod momsfritak. Det betyr at ein ikkje treng å betale avgift til staten når ein sel tilgang til eit treningssenter.
Skattekommisjonen peiker på at det burde bli arbeidd for å få eit breiare grunnlag for meirverdiavgift.
Dersom ein innfører meirverdiavgift på 25 prosent på kommersielle idrettstilbod, vil det kunne gi staten inntekter på 1,5 milliardar, anslår kommisjonen.
Ein slik avgiftsauke må bli greia ut vidare, heiter det i rapporten.
– Dagens system har tre satsar og mange unntak, sa leiar for kommisjonen, Eigil Knutsen, da han la frå rapporten onsdag formiddag.
Han tok til orde for å forenkle momssystemet og foreslo å fjerne fleire av unntaka.
Meiner det vil gi dyrare trening
– Det er noko som vil auke kostnadane for alle medlem på treningssenter i Noreg, meiner Kristian Aanstad.
Han er dagleg leiar på Flex Gym i Trondheim. Aanstad fortel ein eventuell auke vil bli dytta over på forbrukarane.
– Vi er avhengig av dekning for å ha drift. For å dekke opp ein ny kostnad må vi føre det vidare til medlemmane våre.
Det er han redd vil gjere det vanskelegare for folk å begynne å trene.
– Dei som har det som hobby og som er etablerte, dei vil nok vidareføre hobbyen.
– Men dei som sit heime og kanskje har behov for det tilbodet her, dei vil nok tenke seg om ein runde til.
Redd folk vil trene mindre
– Frå eit folkehelseperspektiv er det generelt ønskeleg å senke, ikkje auke, terskelen for fysisk aktivitet, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Linda Granlund.
Ho presiserer at ho ikkje har tatt stilling til dei konkrete forslaga frå skattekommisjonen, men meiner det på generelt grunnlag verkar uklokt å innføre moms på trening.
Regelmessig fysisk aktivitet har ein rekke fordeler, seier Granlund.
– På samfunnsnivå gir det redusert belastning på helse- og omsorgstenestene, høgare arbeidsdeltaking og mindre sjukefråvær og fleire sjølvhjelpne eldre.
– Den samfunnsøkonomiske gevinsten er svært betydeleg, seier Granlund.
Ho peiker på at treningssenter er ein viktig arena for regelmessig trening.
– Ei eventuell innføring av meirverdiavgift på treningssenter kan føre til høgare prisar for brukarane, som kan bidra til at nokon vel å redusere eller avslutte treningsaktiviteten sin.
– Ekstra skatt på helsa vår
– Dette er å foreslå ekstra skatt på helse vår, seier administrerande direktør i NHO Geneo, Karita Bekkemellem.
Ho meiner ein brukar store ressursar på å reparere konsekvensane av inaktivitet.
– Da er det totalt feilslått å skulle skattlegge noko av det som faktisk bidreg til å førebyggje det.
Bekkemellem peiker på at fysisk aktivitet kan førebyggje sjukdom, redusere behovet for behandling og gjer at fleire kan stå lenger i jobb.
– Regjeringa har høge ambisjonar for å kutte helsekøar. Samtidig blir det vurdert tiltak som i prinsippet vil gjere at fleire blir pasientar.
– For det er det som skjer når prisen på trening aukar. Færre trenar, fleire blir sjuke, og presset på helsetenesta veks, meiner Bekkemellem.
Ønsker breitt skatteforlik
Etter at kommisjonen la fram sin rapport onsdag, er det venta at regjeringa kjem med ei stortingsmelding om skatt til hausten.
Stortingsmeldinga vil danne det formelle grunnlaget for forhandlingar i finanskomiteen på Stortinget om et nytt skattesystem.
Finansminister Jens Stoltenberg ønsker at Stortinget skal bli einige om eit breitt skatteforlik.
På treningssenteret i Trondheim er Robin klar på at han ikkje kjem til å slutte å trene, sjølv om det kan bli dyrare.
– Aldri. Eg kjem aldri til å slutte å trene.