En eldre mann med rød caps står foran et bål ved en gapahuk merket Haralds plass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
TRIST UTVIKLING: Jeger Hans Kristian Halvorsen har ikkje sett ein levande elg i jaktterrenget i Bergsbygda i Porsgrunn på fleire år. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

– Det er heilt tomt for elg, seier jeger Hans Kristian Halvorsen frå Porsgrunn.

Rundt leirbålet er det stille.

Berre lyden av flammane frå bjørkeveden som kjempar mot tunge regndropar, høyrest.

Her skulle heile jaktlaget Bergsbygda sør vore samla til årets høgdepunkt, elgjakta.

En mann sitter ved et bål i et trebygg med utsikt mot en høstskog. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Hans Kristian Halvorsen saknar fellesskapen og jaktpraten rundt bålet. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Det er fem år sidan den siste elgen fall for jaktlaget.

– Siste elgen vi skaut, var rett oppi lia her, fortel Halvorsen, og peikar litt tafatt ut i lufta.

– Då vi fekk han ned, var han hårlaus. Innvolane var heilt oppsmuldra. Den var nesten død. Den blei berre grave ned, fortel den erfarne jegeren.

Skremmande rapportar

Det siste tiåret har Veterinærinstituttet fått inn rapportar frå nesten heile landet.

En grå, liten elgkalv ligger død på bakken i høstløv og grus
Denne vesle elgkalven blei funnen død i Drangedal-skogane. Foto: Anita Stavåsen Moland / NRK

Dei fortel at det blir fødd færre elgkalvar.

Fleire døyr, og dei som overlever er ofte små og i dårleg form.

Sommaren 2023 var prega av mange funn av sjuke og døde kalvar.

For å løyse elgmysteriet starta Veterinærinstituttet forskingsprosjektet «Elgkalven Trampe» i mai 2024.

Mann med lite, grått hår og skjegg i blå skjorte, svart forklede og hvite hansker holder i en død elgkalv som ligger på en benk av stål.
Bjørnar Ytrehus leier prosjektet Elgkalven Trampe. Dei siste 2,5 åra har han analysert over hundre elgkalvar. Foto: Veterinærinstituttet

Instituttet samarbeider med Noregs jeger- og fiskarforbund, ei rekke fylkeskommunar og kommunar. Desse har gått saman og etablert eit nettverk av feltkontaktar, såkalla trampe-kontaktar.

Jobben deira er å rykke ut, undersøke og ta prøver av sjuke, avliva eller nyleg døde elgkalvar, og eventuelt frakte kalvane til Veterinærinstituttet på Ås for obduksjon.

– Store mørketal

Rune Norhall er trampekontakt i Vestfold.

Dei 2,5 åra av forskingsprosjektet har han rykt ut på elleve meldingar i området Holmestrand og Vestfold.

Mann med grått skjegg og bart med blå kaps, svart genser og gul-grønn jakke med grå striper av refleks.
Rune Norhall er trampe-kontakt i Vestfold. Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Særleg under elgjakta, når mange jegerar er i terrenget, blir det oppdaga kalvar som enten er små eller sjuke.

Då er det Norhall dei ringer.

Han trur også det kan vere store mørketal.

– Dei fleste kalvane som døyr i skogen finn vi nok aldri.

Når han kjem fram til dyret må han skaffe seg mest mogleg informasjon. Han tek med seg både den daude kalven og det han finn til Veterinærinstituttet.

Mann med grått hår og skjegg med lysegrønn caps og blå- og rød-rutete skjorte ser utover i fjellnatur.
Bjørnar Ytrehus leier forskingsprosjektet Elgkalven Trampe. Foto: Veterinærinstituttet

Bjørnar Ytrehus, veterinær og fagansvarleg for vilt ved Veterinærinstituttet, håper å finne svaret i nær framtid.

Han leier prosjektet «Elgkalven Trampe».

Han har analysert prøver frå 116 døde elgkalvar. Dei er funne i alle fylka i landet, bortsett frå Finnmark og Møre og Romsdal.

Døyr av svolt

– Vi ser at kalvane er avmagra. Dei er små og stusslege, og har brukt opp alle feittreservane, seier Ytrehus.

En liten, brun elgkalv ligger død i kanten av et jorde.
Denne vesle elgkalven blei funnen død like inntil eit jorde i Holmestrand. Foto: Rune Norhall

Dyra får også ein heil del sjukdommar som dei døyr av.

– I tillegg er dei infiserte med flåttborne bakteriar og har litt parasittar i tarmane. Men hovudtrekket er nok at dei rett og slett svelt i hel, oppsummerer forskaren.

– Er det geografiske forskjellar?

– Vi ser eit mønster der problemet er størst langs kystområda og litt lenger inn i landet. Vi får inn få kalvar frå typiske fjellbygder, seier forskaren.

Flått som sitter fast i lys pels med blodflekker. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Flått som sit fast i pelsen på ein elgkalv. Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Fryktar elgen blir raudlista

Tilbake i Porsgrunn saknar Hans Kristian Halvorsen kompisane rundt leirbålet, men innser at det ikkje blir noko elgjakt i år heller.

Jaktlaget har ein kalv eller eit ungdyr på kvoten, men dei siste åra har dei ikkje sett levande elg. Berre spor.

I år har han sett spor etter to dyr. Eitt stort og eitt mindre.

Akkurat det er jegeren trass alt glad for.

– Då er det i alle fall éin elg her. Det er moro.

Han trur ikkje at det har vore noka kalving i terrenget.

Ikkje på fleire år.

En mann i jaktklær sitter på en trestokk foran et bål i et gapahuk i skogen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Hans Kristian Halvorsen og jaktlaget hans i Porsgrunn har berre sett spor etter to elgar denne hausten. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Halvorsen har jakta i ein mannsalder, og ansiktet lyser opp når han ser tilbake på dei gode åra.

– Før i tida, då det var elg, så var vi jo her og jakta. Det var elg overalt. Vi skaut jo fem–seks elgar i året, minnest han og blir trist når han tenker på at han ikkje kan vere på elgjakt.

Han fryktar det står så dårleg til med elgen at han kan bli raudlista.

– No er det knapt ein einaste elgjeger igjen her, sukkar Halvorsen.

På raudlista i Sverige

24. mars i år la Sveriges Landbruksuniversitet og Artsbanken fram sin oppdaterte raudliste for artar i landet.

Ifølge bladet Jakt og fiske dukka skogens konge for første gong opp i Sverige med statusen nær trua.

Hovudårsaka var at det hadde vore jakta for hardt.

En død elgkalv som ligger på en stålbenk. To hender med hanske undersøker øynene til kalven.
Bjørnar Ytrehus har undersøkt over hundre elgkalvar frå nesten heile landet. Nå håpar han prøvene skal gi svar på kva det er som skjer med elgkalvane. Foto: Veterinærinstituttet / NRK

Bjarne Ytrehus meiner ein kombinasjon av fleire ting er årsaka til at dei norske kalvane blir sjuke og døyr.

– Endring i klimaet gjer at det er for varmt for elgen. At fôret kan vere for dårleg, og at dei blir ramma av mange sjukdommar samtidig, seier Bjarne Ytrehus.

– Så det hjelper lite å frede dersom det er endringar i klimaet som er hovudårsaka?

– Viss forholda ikkje er til å leve med for elgen, så er det ikkje sikkert det hjelper, svarer Ytrehus.

Håp

Men alt håp for ein sunnare elgbestand er ikkje ute.

Bjørnar Ytrehus meiner at det med relativt enkle grep kan lagast stader der elgen kan trivast.

– For eksempel på stader der han har rikeleg med mat, og samtidig kan finne vatn og skugge. Kanskje kan vi også i ei viss grad finne vern mot sjukdommar som rammar elgen, avsluttar forskaren.