– Det er ei tikkande bombe som ventar på å eksplodere.
Det seier marinbiolog og seniorrådgivar i WWF Fredrik Myhre om arten kjent som hamnespy.
Japansk sjøpung (Didemnum vexillum), som den eigentleg heiter, er rekna som ein framandart i Noreg.
Han legg seg som eit gulgrått teppe på skrog og tauverk, og kveler anna liv i havet. Foreløpig finst han berre på Vestlandet, men spreiing til Oslofjorden blir rekna som eit tidsspørsmål.
Båtfolk i området blir bedne om å sjekke båten nøye når han blir tatt opp for vinteren.
– For ein fjord som allereie slit så mykje som Oslofjorden gjer, ville det vere dramatisk å få inn ein såpass invaderande art, seier Myhre.
– Spesielt om han skulle få fritt spelerom til å spreie seg.
Smittsamt
For eitt år sidan skreiv Strömstads tidning om funn av arten ved Koster i Sverige.
Øyane ligg rett utanfor Ytre Hvaler nasjonalpark, rett ved inngangen til Oslofjorden. Dei er også ein svært populær destinasjon for båtfolk frå heile Austlandet.
Hamnespy blir rekna som svært smittsamt.
– Etablerer han seg her, kan viktige leveområde i Oslofjorden få hamnespy på seg. Det ville vore svært uheldig for ein allereie sjuk fjord, meiner Myhre.
Hamnespy veks som ei matte på havbotn og fortrengjer andre område som lever der. Han vil difor påverke naturmangfaldet negativt i desse områda.
Må melde frå
Statsforvaltaren i Oslo og Viken oppfordrar alle til å inspisere både båt og utstyr.
– Om du oppdagar hamnespy, ber vi deg om melde frå og sørge for at hamnespy ikkje blir spreidd i samband med vask og klargjering for hausten, seier seksjonssjef for lågland og kyst i klima- og miljøvernavdelinga, Hanne Kristin Reitan Hermansen.
Om du mistenker hamnespy, må du melde frå til Artsdatabanken. Funnet må sidan bli verifisert av marinbiologisk kompetanse, skriv Statsforvaltaren.
Dersom det viser seg å vere hamnespy, er hamneeigar plikta til å sette i gang tiltak for reingjering og avfallshandtering for å unngå vidare spreiing.
Arten har etablert seg fleire stader på Vestlandet, og i sommar melde NRK at Havforskingsinstituttet har gitt opp kampen mot å fjerne han.
Forskarane hadde stor tru på at brent kalk ville etse vekk hamnespy og fjerne trusselen, men det var ikkje så vellykka som forskarane hadde håpa: