USA har angripe fleire mål i Iran, for ellevte natta på rad. Iran har slått tilbake mot fleire amerikanske basar i regionen.
Iran sitt stadige jerngrep om Hormuzsundet, gir president Donald Trump mykje hovudbry.
Dei siste dagane har Iran førebudd stenging også av Mandebsundet, sør i Raudehavet.
Det kan gjere energisituasjonen enda meir prekær, forklarer shippinganalytikar Jørgen Lian i DNB Carnegie.
Oljestans
Iran har mobilisert sine allierte i Houthi-militsen i Jemen, for å få hjelp til å avgrense skipstrafikken i området.
Tysdag morgon varsla Houthi-militsen starten på ein «maritim blokade» av Saudi-Arabia.
Sidan krigen braut ut 28. februar, har det vore store vanskar med å frakte olje ut av Hormuzsundet.
Vanlegvis blir rundt 20 prosent – eller rundt 20 millionar fat – av verdas olje frakta gjennom dette sundet, frå dei oljeproduserande landa i regionen.
Den store uvissa om det er trygt eller ei å segle gjennom Hormuzsundet, har sendt oljeprisen ut i ei berg-og-dal-bane.
For eit av verdas største oljeproduserande land, Saudi-Arabia, har ei røyrleidning som går tvers gjennom landet blitt svært sentral.
Austvest-røyrleidninga
Landet har den seinare tid klart å omdisponere kring 4 millionar fat råolje per dag frå sin austkyst, og gjennom røyrleidninga som munnar ut på vestkysten i byen Yanbu.
I staden for å frakte den ut til verdsmarknaden via Hormuzsundet, har dei heller frakta den i tankskip ut gjennom nettopp Mandebsundet. Det kan ha bidrege til å bremse oljeprisoppgangen.
– Om fraktaktiviteten i dette området vert ramma, vil det potensielt få betydeleg negative ringverknader for verdsøkonomien, seier Lian.
Han får støtte frå Ole Gunnar Austvik, professor emeritus i politisk økonomi ved Universitetet i Innlandet.
– Viss Mandebsundet blir stengt, er det ei krise. Men det er framleis ei mykje meir handterleg krise enn stenginga av Hormuzsundet, meiner han.
For i motsetnad til Hormuzsundet, så er det alternative ruter til Mandebsundet ut av Raudehavet.
– Ei «stenging» vil forstyrre logistikk og auke ineffektivitet, men det vil ikkje forhindre oljen å flyte, slik effekten har vore ved å stenge Hormuz, seier shippinganalytikar Fredrik Dybwad i Fearnley Securities.
Om sundet sør i Raudehavet stenger kan ein få frakta oljen ut gjennom Suezkanalen i nord. Brorparten går til land i Asia, og dermed vil ruta kunne gå nord gjennom Suezkanalen og rundt Afrika.
– Fraktkostnaden vil bli betydeleg høgare, men betalingsviljen og behovet for energien er der, seier Lian.
Containertrafikken stupte
Men kva med andre varer som blir frakta med store containerskip?
Historisk har Mandebsundet, vidare inn i Raudehavet, og ut gjennom Suezkanalen, vore reine hovudpulsåra for handelen mellom aust og vest.
Kring 10 prosent av verdas totale handel har gått denne viktige sjøruta.
Men då krigen i Gaza braut ut i oktober 2023, starta Houthi-militsen i Jemen å skyte mot kommersielle skip i Raudehavet.
Det sette ein alvorleg brems på containerskipstrafikken gjennom Mandebsundet. Sidan har containerskip i all hovudsak halde seg unna, ifølgje Dybwad.
Men det at tankskip med olje den seinare tid har fått segle trygt gjennom, har endra bildet.
– Vi har sett Maersk og Hapag-Lloyd gjennomføre eit par seglas nyleg. Men dette går kjapt tilbake til null dersom angrep frå Houthi-militsen blir tatt opp att. Ofte er berre truslar om nye angrep nok til å realisere ønskja effekt, seier Dybwad.
– Det vil kunne forstyrre normaliseringa som vi kanskje begynte å sjå, supplerer Lian.
Turbulent
Jemem har vore i internasjonal konflikt sidan 2015. Regjeringa i landet er støtta av Saudi-Arabia, medan Iran altså støtter Houthi-militsen.
Houthi-militsen seier dei no innfører ein «maritim blokade» som svar på det dei meiner var eit saudisk angrep mot flyplassen i den jemenittiske hovudstaden Sana førre veke.
Saudi-Arabias utanriksdepartement fordømmer kunngjeringa av blokaden på det sterkaste.