– Eg vil faktisk samanlikne dei to ferjene her med Skibladner på Mjøsa, seier Karstein Erling Holm.

Han er eigentleg pensjonist, men jobbar framleis som kaptein om bord på «MF Veøy».

I nær 30 år har ferja møtt «MF Bolsøy» midtfjords, mellom Geiranger og Hellesylt.

Dei to har vore dei einaste bilferjene som har operert på strekninga.

Men i juli fekk Fjord1, som driftar ruta, streng beskjed frå regjeringa om å slå dieselmotorane av.

– Da var det inga god stemning om bord. Mannskapet lurte på kva i alle dagar som var i ferd med å skje, fortel Holm.

kaptein på Veøy, Karstein Erling Holm
Karstein Erling Holm er pensjonert, men klarer ikkje å seie nei når han blir spurd om å vere kaptein om bord på veteranferjene i Geiranger. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Tek vedtaket til retten

Årsaka var ein klage som Klima- og miljødepartementet hadde mottatt, frå den konkurrerande ferjeoperatøren Vestlandske Trafikk AS.

Dei meinte nemleg at det ville vere konkurransevridande at Fjord1 får dispensasjon til å bruke verna dieselferjer på strekninga, trass nullutsleppskrava som trådde i kraft frå og med 1. januar 2026.

Dei sjølve fekk avslag på dette i 2025.

Vestlandske fekk medhald i klagen. Men Fjord1 nekta å gje seg utan ein kamp, og bestemte seg derfor for å ta vedtaket frå departementet vidare til retten.

Mannskapa om bord i Veøy og Bolsøy låg til kai i to dagar, før kontrabeskjeden kom; ferjene fekk ta opp att drifta igjen, mens saka skal behandlast i rettssystemet.

Gjer det same som dei klaga inn konkurrenten for

Men då mannskapet returnerte til fjorden var det blitt trongt om plassen.

To til dieselferjer hadde dukka opp i april og mai: «MF Ullensvang» og «MF Røsund».

Det viste seg at dei begge er drifta av Vestlandske – altså den same konkurrenten som klaga på Fjord1 sine dieselferjer.

Selskapet fekk i 2024 løyve til å sette inn og drifte to fartøy på fjorden.

Fylkeskommunen meinte fjorden hadde godt av konkurranse.

Det er berre eitt problem: dei «nye» ferjene er ikkje ferdig bygd enda. Eigentleg skulle dei vere leverte allereie i mai og juni.

Ullensvang
MF «Ullensvang» blei bygd i 1986 og er blitt omtalt som ei problemferje. Den er eigd av Norled og utleigd til Vestlandske. Dei to ferjene som er under ombygging er søsterskip til Ullensvang, og like gamle. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dagleg leiar Øystein Meek erkjenner at deter «rein business» som er årsaka til at dei har sett inn dei midlertidige ferjene.

Meek viser til dei store investeringane Vestlandske har gjort for å svare til krava, og seier at det er vanskeleg å konkurrere med dieseldrivne fartøy.

Dessutan treng dei straum å kople seg til på kaiene. Det har ikkje vore berre-berre å få til, ifølgje Meek.

– Er ikkje dette å kaste stein i glashus?

– Nei, det synest ikkje eg. Dette er openbert berre ei midlertidig løysing, og ikkje noko vi tek lett på. Målet er uansett å køyre utsleppsfritt med dei nye ferjene når dei kjem på plass, svarar Meek.

Dette stussar kaptein Holm på.

– Vi har gjort tiltak og nyleg skifta ut motoren på Veøy, så det er faktisk no den grønaste veteranferja på fjorden.

Veøy maskinrom
Frå maskinrommet på MF Veøy. Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik / NRK

– Ein kan jo lure på kva hensikta med dei to vraka der er, og kor klimavennleg det er, spør han.

Meek viser på si side til at Fjord1 fekk avslag frå Sjøfartsdirektoratet, på langvarig dispensasjon frå klimakrava.

Grunngjevinga var at dei står på sitt, og ikkje har planar om å sette inn utsleppsfrie ferjer på strekninga i framtida.

Klimaministeren grip inn

På spørsmål om kva regjeringa tenker om situasjonen som har oppstått på fjorden, svarer Andreas Bjelland Eriksen til NRK at departementet har bedt om eit munnleg rettsmøte med dei to ferjeselskapa snarast.

– Kravet om nullutslepp er eit viktig gjennombrot for verdensarvfjordene våre, men det er naturleg at omstilling tar noko tid, innrømmer han.

Han forklarer at dispensasjonen er gitt for å bidra til at fleire nullutsleppsfartøy kjem til.

Det er fleire aktørar som har fått midlertidig løyve til å segle fossilt, fram til nullutsleppsfartøy er klare.

– I slike tilfelle kan dispensasjon bidra til at fleire nullutsleppsfartøy kjem på vatnet, og på sikt bidra til teknologiutvikling og lågare utslepp, forklarer Eriksen.

Estimert leveringstid på dei to ombygde ferjene på Geirangerfjorden er høvesvis i august og september, opplyser Vestlandske.

Etter leveranse av disse opphøyrer selskapets dispensasjon på Ullensvang og Røsund.

Meiner det er plass på fjorden

Kaptein Holm ventar i spenning på ei endeleg avgjerd. Men dei to dagane dei var ute av drift var ikkje heilt bortkasta.

– Vi rakk å vaske ned ferjene, male og pusse litt på dei. Så vi fekk jo noko godt ut av det, humrar han.

Geirangerfjord, Geiranger Fjordservice
Verdsarvfjorden Geiranger er eit ynda turistmål, særleg på sommarstid. Den elektriske turistferja på biletet går mellom Ålesund og Geiranger. Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik / NRK

– Det kjentest enda betre å kome seg tilbake på fjorden igjen, legg han til.

Holm fortel at ferjene fekk god velkomst av både reisande og frammøtte på kaia.

– Det betydde mykje for oss. Det viser at vi har ein plass her framleis.

På spørsmål om Fjord1 kunne ha gjort meir for å innfri miljøkrava, svarar Holm at det alltids er det.

– Men vi må hugse på at desse to fartøya er verna av Riksantikvaren. Vi har eit ansvar for å ta vare på kysthistoria som dei representerer. Det gjør vi ved å bruke dei vidare her dei alltid har gått.

I ein tidlegare versjon av artikkelen skreiv NRK at Vestlandske klaga inn Fjord1 fordi at «Dei (Vestlandske) meinte nemleg at Fjord1 braut lova om nullutslepp i verdsarvfjordane». Det riktige er at Vestlandske klaga på at det vil vere konkurransevridande at Fjord1 får dispensasjon til å bruke verna dieselferjer på strekninga medan dei sjølve fekk avslag om dette i 2025. Dette vart retta 00.05 onsdag 05.08.

Første tur med ny batteridriven turistbåt i Geirangerfjorden