Utbrent vogntog ved Riksveg 3
UTBRENT: Vogntoget vart utbrent i hendinga. Det skal ha vore lasta med papp. Foto: Stein Eide / NRK

Vogntoget begynte å brenne på riksveg 3 om lag 9 kilometer nord for Elverum. Det spreidde seg raskt til heile køyretøyet og terrenget.

– Det er full overtenning. Det har spreidd seg til resten av vogntoget og terrenget, sa Frode Øverås hos politiet tidlegare på formiddagen.

Like før klokka 11 opplyste brannvesenet at dei raskt fekk kontroll på brannen.

Vegen er opna igjen i sørgåande retning. Det er framleis stengt mot nord med trafikkdirigering.

Veg stengt - to bilder
Vegen vart sperra forbi staden og det var spreiing i terrenget ved vegen. Foto: Ola Jakob Bjørlo Strande / NRK

Vogntoget står i ei avkøyringslomme ved sidan av vegen. Tungbil-bergar er på plass for å fjerne køyretøyet no. Dei får bistand frå gravemaskin for å fjerne last før køyretøyet kan bli flytta, ifølge politiet.

Øverås fortalde at vogntoget truleg var lasta med papir. Ein utanlandsk sjåfør av vogntoget var på staden. Ingen personar kom til skade.