Søndag føremiddag byrja det å brenne i ein bustad ved Klokkarvik i Øygarden. Då brannen var sløkt fann naudetatane ein død person i bustaden.
Brannvesenet fekk melding klokka 10.17 om det som viste seg å vere brann i ein firemannsbustad.
– Alle tre naudetatane rykte ut til staden. Det vart gjort arbeid undervegs både ute og inne. Operasjonssentralen jobba med å kome i kontakt med bebuarar i dei fire leilegheitene, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen til NRK.
Røykdykkarar kom også raskt til staden. Like før klokka 11 melde politiet at brannen var sløkt. Søndag ettermiddag undersøkte krimteknikarar bustaden.
Den omkomne er ein vaksen mann. Han er ikkje registrert som bebuar på adressa, men har tilhøyrsle til denne. Pårørande er varsla.
Rosar innsats frå naboar
Naboar gjorde politiet merksame på at det kanskje var nokon inne i bustaden.
– Dei gjorde ein formidabel jobb med å varsle og sjølv forsøke å sløkke brannen. Då vart vi også klar over ein observasjon om at det kunne vere nokon inne, seier Johannessen.
Politiet har sett i gang etterforsking og vil halde fram med denne.
– Politiet har allereie kome godt i gang med etterforskinga når det gjeld avhøyr av vitne og andre. Så vil det bli utført ein kriminalteknisk undersøking på åstaden. Det blir gjort med kriminalteknikarar frå politiet.