avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 13 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.17878515 ↩
story

Funn av død person etter bustadbrann på Øygarden

Politiet opplyser at det er gjort funn av ein død person etter ein bustadbrann i Klokkarvik på Øygarden. Politiet jobbar med å avklare omstenda rundt brannen nærare. Brannvesenet fekk melding klokka 10.17, som viste seg å vere brann i ein firemannsbustad. Røykdykkarar kom også raskt til staden. Klokka 10.52 melde politiet at brannen var sløkt. Store mannskap frå naudetatane rykte ut til brannen. Pårørande til den omkomne er varsla. Den omkomne er ein vaksen mann. Han er ikkje registrert som bebuar på adressa, men har tilhøyrsle til denne. Politiet har allereie sett i gang etterforsking og vil halde fram med denne, mellom anna gjennom kriminaltekniske undersøkingar.

10. May 2026 kl. 11:08 (oppdatert 11:18)
Vestland Nyhetssenter Vestland

v2 · scraped 12.05 11:30 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect