Rondane
STENGE?: Somme meiner DNTs hytte i Rondvassbu bør leggast ned. Foto: Even Lusæter / NRK

NRK skreiv først at saka ikkje var ferdig utgreidd. Dette stemmer ikkje, og setninga om dette vart fjerna klokka 10:47 onsdag 5. august.

Får regjeringa det som dei vil, vil Spranget parkering i Rondane bli lagt ned.

Parkeringsplassen, som ligg like ved Mysusæter, er i dag sjølve inngangsporten til Rondane nasjonalpark, og er eit populært utgangspunkt for tur om sommaren.

Det er ikkje nok for å redde villreinstammen i Rondane, meiner kommentator i Gudbrandsdølen Dagningen (GD), Kathrine Lunde.

– Det er rett og slett kombinasjonen av veldig mange besøkande og veldig trua villrein. Til saman så gjer det at dei tiltaka som er føreslått ikkje er nok, seier Lunde.

Tysdag kveld blei saka debattert i Dagsnytt 18 på NRK 1, der Lunde og Sel-ordførar Eldri Siem (Sp) deltok. Lunde har tidlegare skrive ein kommentar om saka i GD.

– Den store trusselen

Bakgrunnen for ønsket til regjeringa om nedlegging eller flytting av parkeringsplassen skuldast omsynet til villreinen i området, der tilstanden i dag er dårleg.

– Situasjonen for villreinen er så alvorleg at vi er i ferd med å miste noko av det som har gjort Noreg til Noreg, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i september.

Målet er å stanse det Bjelland Eriksen beskriv som ei negativ utvikling, og på sikt sikre livskraftige bestandar i alle områda.

– Altfor lenge har ein snakka om situasjonen for villreinen utan å ha konkrete tiltak. No er det på tide å handle, sa han vidare.

d
I oktober i fjor besøkte klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) Rondane fjellstue, der han la fram tiltaksplanen for å betre tilstanden til villreinen. Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Lunde meiner dei foreslåtte tiltaka til regjeringa er godt meinte, men ikkje nok, og vil no stengja DNT-hytta Rondvassbu og vegen inn dit.

– Faktagrunnlaget her er veldig tydeleg på at det er den menneskelege ferdselen inn som er den store trusselen til villreinen.

– Det er ein heilt massiv straum av menneske inn om sommaren, og det er ganske vanskeleg å sjå for seg korleis desse tiltaka skal halde folk unna. Ein må nærast sette opp vakter rundt heile nasjonalparken i framtida for å halde folk unna.

r
Kommentator i Gudbrandsdølen Dagningen (GD), Kathrine Lunde. Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Ordførar strittar imot

Forslaget om å stenge Rondvassbu og vegen inn møter kraftig motstand lokalt. Ordførar i Sel kommune, Eldri Siem (Sp), meiner kommunen allereie tek situasjonen for villreinen på alvor.

– Sjølvsagt skal vi ta vare på villrein, det er vi forplikta til å gjere.

Sjølv er ho kritisk til Lunde sitt forslag.

– Det meiner eg er basert på manglande lokalkunnskap og historie.

j
Eldri Siem (Sp) under statsråd Andreas Bjelland Eriksen (Ap) besøket sitt på Rondane fjellstue i fjor haust. Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Siem peiker på at kommunen allereie gjer fleire tiltak, mellom anna ved å vere restriktiv når det gjeld hyttebygging i området, og dessutan nedlegging av fleire stiar.

– Det går an å gjere tiltak utan å leggje ned verken Spranget eller Rondvassbu, som òg kan gagne villreinen.

l
Det er i dag strenge reglar i området som følge av at Rondvassbu er ein del av Rondane nasjonalpark. Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

Henning Vikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og omegn, meiner det er viktig å følgje tiltaksplanen som styresmaktene har vedteke.

Han legg opp til at Rondvassbu skal bli drive i åra som kjem.

– Så får desse tiltaka vurderast seinare, seier Vikborg til NRK.

Han peikar på at villreinkonflikten er til stades i mange fjellområde, og meiner det er ei forenkling å berre peike på Rondane som eit problemområde.

NRK la inn svaret frå Henning Vikborg torsdag 6. august klokka 09:00.

– Heilt unikt

Sjølv er ikkje kommentatoren i GD i tvil om kor viktig det er at ein vernar villreinen i Rondane.

– Dette er den ekte villreinstammen vi har her i Europa. Den finst i Rondane og på Dovre. Det er heilt unikt, seier Lunde.

På spørsmål om det ikkje er ein balanse mellom å ta vare på naturen og bruke han, svarer ho:

– Det er det, og det er også ein balanse i forhold til å vareta lokale interesser. Eg skjønar at nokre næringsaktørar her vil tape pengar.

– Folk har sett det som ein menneskerett at ein kan køyre midt oppå høgfjellet, men det er ingen menneskerett. Vi har så mange fjellområde der vi lett kan komme til, der det ikkje er ein så trua villreinstamme.