– Det var litt småregn i starten. Men så blei det fint, og med skodde i bakgrunnen blei det eit ganske kult bilete, seier Maylinn Mæland frå Bømlo.

Ho gifta seg i dag med Sverre André Brimi Skjelbreid ytst på turmålet Trolltunga i Hardanger.

Her kunne ein i dag skimte fleire kvite brudekjolar med slep og stramme karar med strigla hår og dress.

Ti par i toppform sa ja til kvarandre på Trolltunga.

Og det trass at det er innført helikopternekt på staden.

Bryllaup på Trolltunga i Hardanger
Kjole, pynt og dress måtte brureparet ha med seg i sekk sjølv. Foto: Yrjan Olsnes

– Me har hatt med oss to litt for store sekkar med brurekjole, dress, sko og pynt. Men det gjekk eigentleg ganske fint, seier Mæland.

Turen opp er kring ti kilometer og 600 høgdemeter.

– Det gjekk veldig greitt. Me koste oss undervegs, og eg gjekk og tenkte litt på kva me skulle. Då gjekk tida fort, seier Skjelbreid.

– Kvifor ville de gifta dykk på Trolltunga?

– Me er veldig glade i fjell og å gå på tur. Når det var laga til eit så fint opplegg var det ikkje nokon tvil, seier Mæland.

Fekk helikopternekt

Det byrja i 2021 då verdas fire første par gifta seg på Trolltunga.

Då brukte dei helikopter opp. Dermed kunne ein unngå frakt av både klede til brurepar, utstyr, og av vigslar og musikarar.

Sidan då har den spesielle og biletskjønne hendinga på fjellformasjonen blitt nærast ein tradisjon. I 2023 gifta 13 seg på Trolltunga, i 2024 var talet 20.

Åtte av dei 13 para som gifta seg på Trolltunga i 2023. Tale Hauso, NRK
Åtte av dei 13 para som gifta seg på Trolltunga i 2023. Tale Hauso, NRK

Etter at artisten Kygo nytta helikopter då han spelte inn musikkvideo på tungespissen, kom Statsforvaltaren i Vestland med kritikk mot dei mange flygingane til turistperla.

I fjor melde NRK at den siste fjellbrureferda til Trolltunga hadde funne stad. Dei 17 para var då truleg dei siste som sa ja der, etter at Statsforvaltaren hadde sagt nei til helikopter for giftarmål.

– Vane med sekk

I fjor sa Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug at bileta frå bryllaupa er den sterkaste noregsreklamen han kunne tenke seg.

Ordførar Roald Aga Haug
Sidan 1. januar 2018 har ordførarar kunna vigsla folk. Her er ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, då han i 2021 vigsla på toppen av Trolltunga. Han tok helikopter opp. Foto: Lidvard Sandven

Han er framleis kritisk mot helikopternekt.

– Vi tenker dette er å skyte sporv med kanon. Vi har brukt to landingar der inne i eit område med veldig mykje helikoptertransport frå før, seier han til NRK i dag.

– Vi arrangerer bryllaup likevel. Dei ti para som skal gifte seg no får ei fantastisk oppleving.

I morgontimane var sakshandsamar Inger Eitrheim Johansen i Ullensvang kommune på rådhuset og gjorde sekken klar. Han var fylt med viktige papir og eit klesskift. Som vigslar måtte ho også gå.

– Sjølve gåturen er no ikkje noko problem. Sekkar på ryggen er me vane med å ha her inne, så det går fint.

En gruppe mennesker på en klippe
Inger Eitrheim Johansen vigsla også par på Trolltunga i 2025. Ho seier det ofte er mange andre på staden samtidig, og at para dermed får både tilskodarar, jubel og applaus. Foto: YRJAN 0LSNES

Har telt på toppen

Noko utstyr er lagra på toppen, slik at brurepara mellom anna kunne få skifte klede i eit telt.

Alle para gjekk kvar for seg, i sitt tempo.

– Det skal ikkje vere noko stress med det. Vi skal sørge for at alle er gifte før vi reiser ned att, seier vigslar Johansen.

I år er sju av dei ti para frå Noreg, og dei andre tre er frå Venezuela, Kina og Australia.

Brurepar på veg ut på Trolltunga for å gifta seg. Forlovarar, og ein musikar er også på steinformasjonen. I bakgrunnen ser ein eit vatn og fjellformasjonar.
Her er det like før Maylinn og Sverre André når målet for turen til Trolltunga. Foto: Yrjan Olsnes

– Eg ser fram til å treffe kvart einaste par. Det er veldig rørande ofte, og det er veldig fin stund for oss alle, sa Johansen før turen opp.

– Vi har jo med ein musikar også, som skal spele ein liten trudelutt til dei når dei kjem ut på tunga til meg, og det er veldig fint.

Bryllaupsnatt i fjellet

Ekteparet Maylinn Mæland og Sverre André Brimi Skjelbreid har det ikkje travelt med å koma ned att. Bryllaupsnatta blir ved Trolltunga på ein tur i regi av Trolltunga Adventures.

I teltet er det hengt opp blomar, og det er sjokolade og blomar til brureparet.

– No skal me få servert middag, og så skal me sitja og sjå på utsikta. Så blir det å sova i telt i natt, seier Mæland.

– Me blir bortskjemde. Me er ikkje vande med at folk ordnar alt til oss i fjellet, men akkurat ved dette høvet er det veldig fint, legg Skjelbreid til.