Aud Bente Forbord
NÆR: Cruisebåtane ligg rett ved huset til Aud Bente Forbord. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Nokre steinkast frå huset til Aud Bente Forbord ligg eit stort cruiseskip med motoren i gang.

I området vrimlar tusenvis av tyske turistar.

– Det har hendt at eg har reist vekk. Belastninga blir for stor, seier Forbord.

Ho bur i Måløy, ein liten by ytst i Nordfjord. Vel 3000 personar bur her.

Denne sesongen kjem over 60 skip til Måløy.

Cruise Måløy
Denne dagen får Måløy besøk av to cruiseskip, som til saman har plass til over 6000 passasjerar. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Den konstante duren frå skipa gjer det slitsamt for Forbord å vere utandørs. I tillegg er det tuting frå skipa og musikk frå kaia.

Mange turistar kjem tett på eigedommen for å ta bilde av ein bekk. Dei store skipa blokkerer òg utsikta frå huset, der ho har budd sidan 1980.

– Det går ut over livskvaliteten min, seier Forbord.

Pengar i kassa

Cruisetrafikken til Noreg er meir enn dobla på 10 år. Små stader som Måløy står for mykje av veksten.

Byen har tradisjonelt vore ein fiske- og industriby. Den første cruisebåten la til kai i 2022.

– Eg har stor forståing for at folk som bur i tilknyting til næringsområdet av og til kan føle at det er litt i meste laget, seier Frank Willy Djuvik.

Djuvik er dagleg leiar i Måløy Adventure og primus motor i turistbransjen. Han er òg varaordførar for Frp i kommunen.

Cruise Måløy
Frank Willy Djuvik er sjef i Måløy Adventure, som aleine sysselset 70 personar denne dagen. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Han meiner likevel cruisenæringa har vore positiv for byen. For reiselivet og handelsstanden peikar pilane oppover.

– Cruise har blitt heilt avgjerande for å oppretthalde mange av tilboda som alle nyt godt av, som restaurantar og butikkar, seier Frank Willy Djuvik.

Hundre på jobb

Denne dagen jobbar nær hundre personar med å ta imot passasjerane.

Mellom anna er Josef Maximilian Lien Husevåg sjåfør og guide. Han fekk sponsa minibuss-lappen før årets sesong.

Cruise Måløy
Josef Maximilian Lien Husevåg synest guide-jobben er super. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Det blir lagt igjen mykje pengar i kassa. Eg trur folk har innsett at vi bør spele kvarandre gode, for dette er ikkje noko som kjem til å stoppe med det første, seier han.

Nordfjord hamn jobbar stadig med å forbetre handteringa av turiststraumen, men meiner cruise har vore positivt for Måløy, ifølge assisterande hamnedirektør, Sølve Oldeide.

Cruise Måløy
Mange av turistane skal ut på spektakulære og smale vestlandsvegar i buss. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Dei har utført lydmålingar i nabolaget, og seier støynivået ikkje er ulovleg.

Inga maksgrense

Måløy har inga grense for kor mange turistar som kan komme på ein dag. Til dømes har Bergen og Stavanger eit tak på 8000 passasjerar dagleg.

Det må på plass i Måløy, meiner Annette Stene Seljen. Ho er leiar for SV i kommunen.

Cruise Måløy
Ei maksgrense for cruise må på plass i Måløy, meiner Annette Stene Seljen. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Eit tak må på plass. Eg skal ikkje vere den som skal definere det. Mitt poeng er at næringa sjølv ikkje skal få definere det. Det skal politikarane gjere, seier ho.

Vurderer å flytte

Måløy ligg ytst i Nordfjord. Fjorden har også store cruisehamner på Nordfjordeid og i Olden.

På dei travlaste dagane kjem fleire cruiseturistar enn regionen toler, ifølge ein rapport frå 2024.

Men ingen stader har innført maksgrense, og dei to hamneselskapa langs fjorden snakkar ikkje saman om når skipa skal komme.

Cruise Måløy
Prydhagen til Forbord blir brukt mindre enn før. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Aud Bente Forbord synest det er bra at folk tener pengar, og ho har ikkje noko imot turistar i seg sjølve. Det er mengda turistar og frekvensen av båtar ho reagerer på.

– Eg har vurdert om eg orkar å bu her. Vi får sjå korleis utviklinga blir.