«Champagnesosialistene» er namnet på ein ny NRK-serie som kjem neste år. No er innspelinga godt i gang.
Den handlar om ein gjeng urbane nabopar som er meir opptekne av å framstå autentiske enn av å vere det.
Som i serien i alle fall stemmer raudt, snakkar grønt og lever blått i ein av dei populære hagebyane i Oslo.
Kjende seriar
Med på laget er ei rekke kjende skodespelarar og serieskaparar frå seriar som «Hvite gutter», «Basic Bitch» og «Bausjen».
Torjus Tveiten er ein av skodespelarane som no vågar å setje fokus på livet bak gjerda og dei høge hekkane.
Han spelar rolla som Håvard frå Biri som flyttar til Oslo.
– Han ønsker jo å passe inn i det hippe, kulturelitistiske, sofistikerte miljøet. Aust i Oslo, men den dyraste staden i aust då. Lille Tøyen Hageby, seier Tveiten.
Kommunalt prosjekt
Hagebyen der dei gjer opptaka var eigentleg eit bustadsosialt tiltak i den raskt veksande storbyen Oslo.
– Under leiing av den markante byplanleggjaren Harald Hals voks det fram store kommunale prosjekt der folkehelse, lys, luft og gode sanitærforhold stod i sentrum.
Det fortel byantikvar i Oslo, Ellen Hole.
Ho peikar på at hagebyane aldri har vore for dei fattigaste.
– Men om enn ikkje like utilgjengelege for folk flest som det dei kan seiast å vere i dag, seier Hole.
Dyrka grønsaker
Professor i arkitektur ved AHO, Espen Surnevik, seier til NRK at hagebyane var noko heilt anna då dei blei bygd enn no.
– Ein viktig del av hagebyrørsla var dessutan at hagane ikkje først og fremst var til rekreasjon, slik som i dag.
Surnevik peikar på at hageparsellane i stor grad var tenkte for dyrking av frukt og grønsaker, anten til matauk eller som ei biinntekt.
I dag er hagebyane i Oslo prega av unge vaksne barnefamiliar og prisane er skyhøge.
– Hykleri
Mange tek det for gitt at det er vestkanten som står for snobberiet i Noreg, men skodespelar Torjus Tveiten er ikkje heilt einig i det bildet.
Han meiner at den intellektuelle delen av venstresida ofte er meir snobbete enn vestkantfolk.
– Dei har god råd, men og meir elitistisk tilnærming til alt anten det gjeld mat, vin, interiør eller krav til personlegdomen hos venene sine. Det er ein konkurranse der også, meiner seier Tveiten.
Serien har som mål å setje eit skråblikk på det moderne byborgarskapet.
Fleire i gjengen peikar på korleis folk i kulturmiljøa ofte strevar etter å framstå avslappa, men eigentleg legg ned ein enorm innsats for å passe inn.
– Det er veldig gøy å kødde med dette hykleriet, seier dei og ler.
Tullar med seg sjølve
Eit døme gjengen trekkjer fram er klimakampen og den politiske korrektheita.
– No lagar vi eigentleg ein serie om oss sjølve. Igjen, fortel gjengen bak den kommande NRK-satsinga.
Tidlegare har dei utforska tenårings- og ungdomskulturen, men i takt med at dei sjølve har blitt eldre, har også tematikken i prosjekta endra seg.
– Då vi byrja å sjå nærmare på det kulturelle Oslo, skjønte vi fort at her er det mykje gøy å tulle med, seier dei.
Vil passe inn
I serien følgjer vi bant andre paret Håvard og Thea, spilt av Torjus Tveiten og Mari Hauge Einbu, som akkurat har svidd av BSU-kontoen på ei uferdig leilegheit i hagebyen.
Håvard vil på død og liv passe inn i nabolaget – det er her dei som betyr noko bur.
Men bak den tilsynelatande idylliske og opne fasaden skjuler det seg ein stor skulegard med vaksne som alle prøver å få ein plass rundt det kule bordet.
Thea vil berre drikke vin med naboane, men Håvard vil drikke rett vin med rette naboar.
– Attraktive
Å få serien ut på NRK heng høgt for skaparane.
– Det er veldig stas, seier Torjus Tveiten og dei andre skodespelarane.
Byantikvar Ellen Hole trur interessen for disse viktige historiske bustadmiljøa i Oslo er stor.
– Dei har veldig høg kulturmiljøverdi, og ei rekke kvalitetar som gjer dei svært attraktive som bustadar i dag.