– Eg kunne ikkje seie nei. Eg berre måtte seie ja.
Dei fleste må berre tenkje på om forma er god nok før ein fjelltur. Rullestolbrukar Annett Garvik (50) frå Bergen må tenkje på heilt andre ting.
Ho hadde nettopp gått ut i ferie og hadde ingen planar for sommaren. Då tikka det inn ei melding frå prosjektet «Fjellet for alle».
– Dei spurde om eg ville til Trolltunga om ei veke. Då var det berre å grava fram fjellteltet frå loftet.
Prosjektet hjelper rullestolbrukarar opp på høge fjelltoppar, for å vise fram norsk natur til folk som elles ikkje får oppleve han.
– Dette er den femte turen deira til Trolltunga, så dei har rutinane inne, seier Annett.
Den uvanlege fjellturen er tidlegare omtalt i Hardanger Folkeblad.
Spesiallaga rullestol
Turen opp til Trolltunga er bratt og krevjande. Eit turfølgje på rundt 20 personar vart med, og åtte av dei hjelpte til med løftinga.
Annett sat i ein spesiallaga rullestol på eitt hjul og handtak på alle sider. I dei tyngste partia stod hjelparane tett i tett rundt stolen for å løfte.
– Til tider flaug eg meir over bakken enn eg køyrde, og det var kjempetungt for dei. Eg var som ei keisarinne, ler ho.
«Fjellet for alle» er eit prosjekt som er drive av den kristne organisasjonen Gi en hjelpende hånd. Dagleg leiar Arthur Enders seier han vart inspirert då han var aktiv i Røde Kors.
– Der brukte me redningsbårer. Men det passar ikkje heilt til våre turar. Så tok eg kontakt med ein fabrikk i Frankrike som lagar rullestolar for offroad og fjell, seier han.
Då Enders voks opp i Latvia, sat mor hans i rullestol.
– Ho ville alltid ut i naturen, men det var ikkje mogleg fordi me var så fattige og ikkje hadde rullestol.
Då han flytta til Noreg, ville han gje andre rullestolbrukarar dei naturopplevingane mor hans aldri fekk.
– Naturen i Noreg er så fantastisk. Eg er 100 prosent sikker på at folk som sit i rullestol vil sjå naturen frå høgda også.
Prosjektet har førebels teke med rullestolbrukarar til Trolltunga, Preikestolen, Bergsdalen og Gullfjellet, i hovudsak ved hjelp av frivillige frå Bergen Baptistmenighet.
– Fellesskapet fekk meg opp
I tillegg til rullestolen, var det ei anna utfordring: Annett slit med høgdeskrekk.
– Eg kjente på høgdeskrekken, men det var heldigvis folk rundt meg nesten heile tida og det var ikkje alltid lett å sjå høgda, ler ho.
Ho har gradvis vorte meir avhengig av rullestolen heilt sidan ho var i 20-åra.
– I starten prøvde eg å unngå å bruke rullestolen, men så innsåg eg at eg kjem mykje lenger med rullestol enn utan.
Ho hadde ikkje trudd at ho skulle komme seg til Trolltunga. Å ha moglegheita til slike turar gjer at ho føler at ho høyrer til.
– Det gav meg ei kjensle av fellesskap. Det er utruleg kva me kan få til i lag. Det var fellesskapet som fekk meg opp, seier ho.
Etter nesten fem timar nådde Annett og turfølgjet Trolltunga. Her fekk dei applaus av andre turgåarar.
– Eg følte at applausen var mest til dei som hadde løfta meg opp. Dei er fantastiske, seier ho.
Ho håpar å nå fem fjelltoppar innan året er omme, sjølv om dei ikkje treng å vere like krevjande som denne turen.
– Ein tur treng ikkje å vere til Trolltunga for å vere ekstrem. Du må finne det som er ekstremt for deg. Men ved å vere litt nærmare villmarka, kjenner eg meg som ein del av noko veldig stort.
Tar med baby på ekspedisjon: – Viktig å ikke gi slipp på seg selv