politisperre på ein fjøs
KOLLAPSA: Golvet i eit sauefjøs i Stryn kollapsa i natt. Rundt 50 sauer døydde. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Rundt klokka halv fem i dag tidleg fekk politiet melding om at golvet i eit sauefjøs i Stryn hadde kollapsa. Omlag 140 sauer heldt til i fjøset. Som følge av kollapsen fall mange av dei ned i møkkakjelleren og drukna.

Rundt 50 av sauene døydde.

Omlag 70 sauer blei redda ut.

– Dei resterande dyra er sjekka av veterinær og er uskadd, opplyste operasjonsleiar i 110 Vest Trond Landaas.

Hendinga vart oppdaga av ein avløysar like etter klokka fire i natt. Både politi og brannvesen rykka ut til staden. Det var opp mot 140 sauer og lam i fjøset der delar av golvet fall saman.

Politi og brannvesen samarbeida med eigar og veterinær for å få sauene ut av fjøset.

Forferdeleg

– Det er forferdeleg for dyra og ei tragisk hending, seier bonden som ønsker å vere anonym.

Han seier fjøset blei kontrollert for ein stund sidan, og då var det ingen teikn til feil på konstruksjonen.

Bonden reknar at rundt 50 av sauene hans er døde. Blant dei er det flest vaksne dyr, og nokre få lam.

– Det er tragisk, det er trist, og forferdeleg for dyra.

Han gir honnør til alle som hjelpte til med arbeidet.

Årsaka til kollapsen er ikkje kjent.

sauer framfor eit fjøs
Denne gjengen overlevde ulykka. Omlag 70 av sauene blei redda ut. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Krevjande arbeid

Det var ei stund ukjent kor mange sauer som døydde, men innsatsleiar Jan Tore Sunde sa tidleg at det var eit betydeleg tal.

Arbeidet vart beskrive som krevjande på grunn av forholda i møkkakjellaren. Sju av sauene som kom med i kollapsen blei redda opp av brannvesenet og bonden.

– Ein av dei var død og ein blei avliva av veterinæren, seier innsatsleiar på staden, Jan Tore Sunde.

Han seier det blir jobba med å få fjerna dei sauene som er igjen i møkkakjellaren, og å tømme den for møkk.

– Og så er det sjølvsagt å ta vare på dei sauene som er i live, seier Sunde.

– Det er tragisk når sånt skjer, men det har blitt gjort ein kjempeinnsats på staden, seier Sunde om hendinga.

politimann framfor eit sauefjøs
Innsatsleiar frå politiet på staden, Jan Tore Sunde. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK