synleg røyk frå ein grasbrann
BRANN: Terrengbrannen i Luster er komen under kontroll, opplyser 110 Vest. Foto: Anne Elise Haukadal

Saka er tysdag kl 17.30 og 18.26 oppdatert med årsaka til at familien brende kvistar og at det ikkje var gult farevarsel for gras- og lyngbrann i deira område då dei sjekka varselet tysdag morgon.

Brannen på sørsida av Lustrafjorden var i vanskeleg tilgjengeleg terreng, både med tanke på vatn og tilkomst for store bilar, opplyser 110 Vest.

Brannvesenet rekvirerte eit skogbrannhelikopter frå Skien og ei ferje for å frakte mannskap og utstyr over Lustrafjorden.

Klokka 14.17 melde innsatsleiar i Sogn brann og redning om kontroll og at det ikkje lenger er behov for helikopterstøtte.

eit nedbrent område
Slik ser det ut på området der det brann. Foto: Politiet / Politiet

– Det har brunne kring to mål. Det er heldigvis rolege vindforhold per no, men vi veit at det ofte kjem litt solgangsbris på ettermiddagen, så ingenting er under kontroll der enno, sa vaktleiar Jostein Steinsland-Hauge hos 110 Vest like før klokka 14.

Bål kom ut av kontroll

Brannen var då ikkje under kontroll, men spreidde seg raskt i retning av både ein driftsbygning og eit skogsområde.

Politiet opplyser at det var eit bål som kom ut av kontroll.

Marthe Sæthren Dahle bur saman med mannen sin og eitt born på garden der brannen starta. Ho fortel at dei skulle brenne nokre kvistar frå solbærtrea.

Solbærplantasjen er råka av ripsmøll, og einaste måten å hindre spreiing er å brenne dei angripne kvistane, fortel dei.

Då familien sjekka brannfarevarselet i dag tidleg, var det ikkje gult farevarsel for Luster. Dei tenkte at det var trygt å brenne i bål i ei våt myr.

Seinare på dagen kom meteorologane med gult farevarsel.

Brått tok det fyr i noko tørt gras like ved, og då spreidde brannen seg raskt og ukontrollert.

– Eg vart veldig stressa, og tenkte at det her kan det gå fort, fortel ho.

Brannen byrja å bevege seg mot skogen og ein låve i nærleiken. Bøtter med vatn vart lite hjelp då brannen først tok fart.

– Det var veldig ubehageleg å berre stå og sjå at brannen spreidde seg.

Fekk hjelp frå naboar

Fleire naboar kom til for å hjelpe til med sløkkinga medan dei venta på brannvesenet.

Mellom ti og 20 brannmannskap har delteke i sløkkinga av brannen. Det same var ein tankbil og mannskapsbil. Det vart også jobba med lyngpiske for å avgrense brannen.

Grasbrann ute av kontroll mellom Feigom og Kroken på Sørsida av Lustrafjorden.
Røyken frå brannen var godt synleg frå Luster Fjordhytter. Foto: Øystein Magnus Grødem Tveit

I starten var det opplyst at ingen bygningar var i fare. Dette endra seg då brannen spreidde seg mot både ein tom driftsbygning og skog.

– Det er heldigvis relativt vindstille på staden no, noko som gjer at brannen ikkje spreier seg så fort som den kunne gjort, opplyste Steinsland-Hauge.

Ingen personskade

Det var krevjande å få fram ressursar for å få sløkt brannen. Brannvesenet hadde også lang utrykkingsveg.

Like over halv eitt var brannvesenet framme med sin første ressurs.

– Det som er positivt her, er at ingen liv er trua. Det er det viktigaste. Vi har heller ikkje melding om personskadar, seier Steinsland-Hauge.