Nordic Mining
Nordic Mining slit med store pengeproblem og fryktar konkurs. Foto: Nordic Mining

Pengetrøbbel og enorm motstand frå miljørørsla har prega gruveselskapet i Vestland i årevis.

Men no har problema blitt så store at heile selskapet kan ryke.

Det kjem fram i ei børsmelding etter ei ekstraordinær generalforsamling i ettermiddag.

Her kom det fram at gruveselskapet kan måtte slå seg konkurs dersom det ikkje raskt greier å skaffe nok pengar.

Styreleiar Kjell Roland sa i møtet at dei har gjort mange forsøk på dette, men enno ikkje har greidd å sikre tilstrekkeleg kortsiktig likviditet.

– Dersom vi ikkje finn ei løysing, vil einaste alternative verte å innleie konkursbehandling, seier Roland.

Styret prøver å finne løysingar, men fortel at dei har svært lite tid.

Kommunikasjonsansvarleg Tone Løtuft i Nordic Mining vil ikkje stille til intervju med NRK. Det vil heller ikkje finanssjef Tord Meling eller ein av dei større aksjonærane, Thomas Østerbø.

Gulating lagmannsrett har forkasta kravet om mellombels stans av tømming av gruveavfall i Førdefjorden. Dermed kan Nordic Mining halde fram drifta fram til Høgsterett behandlar saka i slutten av april.
Tone Løtuft i Nordic Mining seier dei ikkje vil seie noko meir enn det som har kome ut i børsmeldinga i dag. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Løtuft skriv i ei melding at dei ikkje har meir å legge til enn informasjonen som allereie er offentleggjort.

Store økonomiske problem

Det mykje omdiskuterte gruveselskapet i Vevring i Sunnfjord har i lengre tid slite med store økonomiske problem.

Konkurs-spøkelset herjar bedrifta med om lag 100 tilsette.

Problema har stått i kø:

Nordic Mining slit med å framstille mineral med god nok kvalitet, noko som har ført til at klager frå misnøgde kjøparar som har nekta å betale.

I tillegg gruveselskapet slite med å kome i full produksjon. I mange månader har dei vore utan inntekt og i staden for har pengane rent ut.

På toppen av alt dette lenkar demonstrantar seg fast i protest mot at staten har gitt selskapet eit nytt mellombels løyve til å tømme gruveavfall i Førdefjorden.

Aksjeprisen stuper

Selskapet varsla i august at opptrappinga av drifta ved Engebø gjekk treigare enn planlagt.

22. september varsla styret difor restrukturering.

Dagen etter rasa aksjen 41,6 prosent. Så langt i år har aksjekursen falle 95 prosent.

I dagens skjebnemøte skulle aksjonærane avgjere om styret fekk naudsynt fridom til å redde selskapet frå konkurs og sikre ny kapital gjennom restrukturering.

Dette fekk dei ja til, noko som mellom anna betyr:

  • Konvertere obligasjonslån og anna konserngjeld til nye aksjar, samt endre vilkåra for restgjelda.
  • Hente inn opptil 80 millionar USD gjennom ein retta kontantemisjon.
  • Nedsetting av aksjekapitalen.
  • Fullmakt til å selje eller reorganisere heile eller delar av konsernets verksemd dersom det blir nødvendig.

Selskapet skriv ut 185 milliardar nye aksjar, noko som får betyding for verdien.

Etter dagens møte får aksjane no ein verdi på 1,2 øre, ein stor nedgang frå dagens verdi på 1,2 kroner.

Ifølge Robert Næss, investeringsdirektør i Nordea, har aksjonærane tapt så å seie alle pengane sine.

– Svært alvorleg

– Dette er veldig alvorleg. Selskapet har mykje gjeld, og har berre pengar for dagar og veker framover, seier Næss til NRK.

Robert Næss
Robert Næss i Nordea seier situasjonen for gruveselskapet er svært alvorleg. Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Han peiker på to moglege løysingar:

Det eine er at aksjonærane går inn med meir pengar, men det er veldig lite sannsynleg, meiner Næss.

Årsaka er at det er mange småaksjonærar.

Den andre løysinga er at dei som har lånt selskapet pengar, går inn med meir. Men heller ikkje dette verkar sannsynleg, meiner direktøren.

Han har tidlegare sagt at selskapet kan gå konkurs.

– No trur eg det er endå større sjanse for det. Men då vil det i så fall kome eit buoppgjer, og då vil det truleg kome inn andre som vil prøve seg. Det er jo trass alt investert 3 milliardar der ute.