På eigen nettstad la Ballon d'Or nemleg ut tre plakatar som «avslørte» kveldens vinnar.
Den eine med bilde av Harry Kane, den andre med Lamine Yamal og den tredje med Kylian Mbappé.
NRK følger Gullballen-utdelinga direkte her.
Om det berre var for å teste grafikken veit ein ikkje, men det vil overraske oss stort om trioen delar trofeet denne gongen.
GIGANT: Blir Harry Kane årets sigersherre?
Foto: Sven Hoppe / DPA,NTB
Éin av dei kan naturleg nok fint stikke av med prisen.
Erling Braut Haaland har i fleire år prega toppsjiktet av verdas mest prestisjetunge prisutdeling i fotball, og er bekrefta topp ti samanlagt. Det same er Caroline Graham Hansen.
Dei 30 nominerte på herre og kvinnesida blir sakte men sikkert plassert på resultatlista utover kvelden, før det til slutt står igjen ein vinnar, som dreg av garde med Gullballen.
Den raude løparen i forkant av prisutdelinga pleier å vere smekkfull av celebre gjestar, her eit knippe av dei.
Alexia Putellas har vunnet Ballon d'Or to ganger (2021 og 2022.) Hun er også en av favorittene til å vinne i kveld.Foto: ReutersScarlett Camberos som til vanlig spiller i Club America.Foto: ReutersAndriy Shevchenko hadde på seg finstasen.Foto: APAlan Shearer var også på plass.Foto: APDer var også Robbie Keane.Foto: AFPChelsea-spillerne Veerle Buurman, Manaka Matsukubo, Hannah Hampton og Melvine Malard.Foto: APRonaldo Nazario var også å finne på den røde løperen.Foto: AFP
Historisk sus
Gullballen, på fransk «Ballon d'Or», har blitt delt ut sidan 1956. Verdas beste fotballballspelar vert kåra av journalistar frå heile verda.
SIGER: Ousmane Dembélé vann Gullballen i fjor.
Foto: AFP
I fjor kom Haaland på 26. plass, som er hans dårlegaste plassering sidan han vart nominert for første gang tilbake i 2021. I 2023 enda han som nummer to, bak Lionel Messi som vann VM den sesongen.
Caroline Graham Hansen vart nominert for første gang i 2024 og kom på 2. plass. I fjor vart ho nummer 13.
I fjor vann franske Ousmane Dembélé den gjeve prisen for herrane og Aitana Bonmatí for kvinnene.
Lionel Messi er den spelaren som har vunne flest med 8, Cristiano Ronaldo har 5.