Sola skin i Tromsø, men om nokre timar snur vêret.
Foto: Kari Anne Skoglund / NRK
Sola skin og det er gode temperaturar fleire stader i nord måndag morgon.
– Det er veldig fint i Troms nå. Det er sol og nesten ikkje vind. Det er best å nyte dagen nå, mens vi kan.
Det seier vakthavande statsmeteorolog ved Vervarslinga i Nord-Norge, Patrick Stoll.
Vêrbildet er nemleg i ferd med å snu igjen.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for mykje regn frå måndag kveld.
Lokalt er det venta mellom 30 og 50 millimeter på 12 timar.
Derfor er det også sendt ut gult farevarsel for jord- og flaumskred i delar av Troms og Ofoten.
Skredvarslarane ber folk halde seg unna bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring.
– Utsette vegstrekningar kan bli stengd. Tette vassvegar med oppdemt vann kan forårsake skred, opplyser NVE.
Farevarselet gjeld fram til tysdag ettermiddag.Faksimile: Skjermdump / Norges vassdrag- og energidirektorat
Les også: Innbyggarar i Indre Nordnes i Kåfjord har fleire gongar i juni blitt evakuert etter jordskred.
– Ganske vått
Ifølge statsmeteorolog Stoll har det allereie begynt å skye over i Harstad.
– Skyene som ligg i Sør-Troms skal trekke nordover. Den tar med seg ein del regn, som vil starte om nokre timar i Harstad-området, seier han.
Når det først begynner å regne, skal det hølje ned.
Det er særleg i indre strøk meteorologane åtvarar om overvatn, som kan føre til vassplaning.
Faksimile: YR
Vegar kan bli stengde og det kan vere vatn i vegbanen, særleg ved bekke- og elveløp. Nokre reiser kan få lengre reisetid, blir det meldt.
– Det kan bli ganske vått, og overfløymingar der bakken kanskje ikkje toler mykje vatn. Det er lurt å vere merksame på konsekvensar, seier han.
Folk gjer lurt i å ha støvlane og sydvesten klar dei kommande dagane, meiner statsmeteorologen.
– Første del av tysdag blir våt og vindfullt. Regnet er mest intens tidleg på dagen, men sjølv om regnbyene minkar vil det fortsette å rekne, seier Stoll.
Fare for tore
Regnskyene kjem sørfrå, og allereie på formiddagen blir det vått i Nordland og Trøndelag.
Der er det ute gult farevarsel for både styrtregn og tore, som gjeld frå klokka 11.
Også her er det i indre strøk det vil bli verst.
Grafikk: yr.no
Mens regnet fører til farevarsel i nord, er det mangel på regn som fører til farevarsel i sør.
Store delar av Austlandet og i Agder er det skogbrannfare.
Folk blir bede om å ikkje bruke open eld.
Her vil skogbrannfaren først vere over når det har komme godt med regn.