Vinteren er ikkje heilt over enno. Det er varsla meir snø frå Vestlandet og nordover til Saltfjellet.
Meteorologane melder om vekslande nedbør fram til torsdag føremiddag, og fleire stadar kan nedbøren kome som snø og sludd. Dette vêret vil avta utover torsdagen.
Statsmeteorolog Johanne Ordahl seier det verste snart kan vere over for denne gong. Alt på torsdag kan bilistane merke forskjellen.
– Temperaturane skal opp mange stadar. Og så stig det vidare utover i veka. Det kjem inn meir mild luft til helga, så då blir det også mildare på natta.
Tysdag morgon fekk Vegtrafikksentralen inn mange telefonar frå bilistar som vart overraska av snø og is, men onsdag morgon har det vore rolegare.
Trafikkoperatør Malin Blom seier det er bilistane som sjølv må vurdere når ein kan bytte til sommardekk, men viser til at det er viktig å legge inn god margin.
– Sjølv om temperaturane skal stige dei neste dagane kan det vere store lokale forskjellar. Enkelte stadar er meir utsette som til dømes område rundt bruer.
Ho ber dei som skal ut og reise følge nøye med på vêrvarselet dei neste dagane.
Det er framleis glatt fleire stadar. Politiet skriv onsdag morgon at dei har teke imot informasjon om glatte køyreforhold på Fylkesveg 542 Bømlabrua og E39 Stordbrua. Begge bruene er opne for trafikk.
Vegtrafikksentralen nord skriv på morgonen at det er sporete vegbane og glatte parti på E10 Bjørnfjell som følge av snø og snøbyer.
Ved Nesttun i Bergen møtte NRK bilistar som var førebudde på snøen som har kome det siste døgnet.
– Eg har framleis vinterdekk for bil, så det går fint for meg. I dag var det godt å ha vinterdekk, seier Helene Nordvik.
Sjåfør Lasse Aksnes seier kvaliteten på vegane var betre enn venta.
– Vi har gode brøytemannskap som er ute gjer vegane klare for oss. Hadde det ikkje vore for det, så hadde det vore utruleg vanskeleg for oss.
Store variasjonar
For store delar av kysten og i fjellet i Sør-Noreg er det venta opp mot 15 centimeter snø fram til onsdag kveld, opplyser Meteorologisk institutt.
Det er likevel store lokale variasjonar. Somme stader vil ikkje få snø i det heile, og andre stader sludd eller regn.
Statsmeteorolog Johanne Ordahl seier snøgrensa er venta å stige minst 100 til 200 meter utover dagen. Likevel trekker ho fram at det enn så lenge er lumske forhold.
– Ikkje bli lurt av at det er sol og tørt når du skal køyre i dag, for lokalt er det veldig glatt.
Ho tilrår bilistar å ha rett dekk på bilen, og køyre etter forholda. Det same gjer avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.
– Sommardekk og snø høyrer ikkje saman. Då er det betre at du let bilen stå, og heller nyttar andre framkomstmiddel. Dette er viktig for tryggleiken for deg sjølv og andre som ferdast i trafikken, seier Finden.
Snøvêret kan også påverke kollektivtransport og flytrafikken.
Det er førebels ikkje fare for kolonnekøyring på fjellovergangane, men bilistar kan venta seg lokalt vanskelege køyreforhold.