To bilder. Kn kvinne holder et barn til venstre. En kvinne i fotballtøy til høyre.
DEN AMERIKANSKE DRAUMEN: Guro Reiten har saman med Felix (7 md.) og kjærasten Julie Nilssen flytta over Atlanteren. Foto: Privat/Bildbyrån

– Det er ein annan kultur, mykje å sette seg inn i, reglar og ting og tang, fortel Reiten.

Etter ein tårevåt avskjed med den nesten sju år lange Chelsea-karrieren i mars, flytta Guro Reiten fotballkarrieren til utkanten av New York og Gotham FC.

Saman med sunndalingen følgde både sonen Felix og sambuar Julie Nilssen. Sist veke delte paret nyheita om at dei er forlova på Instagram.

  • Sjå VM-kvalifiseringskampen Tyskland – Noreg på NRK1 eller i NRK TV klokka 20.35 fredag. Kampen blir også send på NRK Sport.
Guro Reiten på trening
VIKTIG KVALIFISERINGSKAMP: Guro Reiten og Noreg har denne veka lada opp til den viktige VM-kvalifiseringskampen mot Tyskland fredag kveld. Foto: Javad Parsa / NTB

Baby, trafikkreglar og restaurant

I november fekk ho og Nilssen sitt første barn, som no veks opp på den amerikanske austkysten.

– Alle elskar jo ein baby som smiler til deg. Alle har lyst til å stoppe og snakke med han same kvar vi går. Så det har vore veldig morosamt. Og så er det litt ekstra organisering med reise og slikt.

En kvinne holder opp en baby.
MAMMALIVET: Guro Reiten og sonen Felix. Foto: Privat

Men sjølv om familielivet smiler, har òg tilværet i statane ført med seg nye utfordringar.

I trafikken har Reiten vore vand til unorske reglar med venstrekøyring i England. Likevel har dei amerikanske trafikkreglane komme brått på.

Bak rattet har 31-åringen allereie fått tid til å hisse på seg bilistar.

– Du tenker at eit raudt lys er eit raudt lys, men i USA kan du køyre til høgre på raudt lys. Så når dei begynte å tute på oss bakfrå så skjønte vi ikkje kvifor. Men det er jo lov til å køyre på raudt lys enkelte plassar, fortel Reiten.

I tillegg har både vikepliktsregler og mange stoppskilt forvirra Gotham-spelaren.

At amerikanarane ventar på at dei skal bli tipsa på restaurant er også ein kulturforskjell ho har merka seg.

– Lønna flyg av stad?

– Nei, det er berre sånne ting som ein ikkje er vande til, som ein lærer seg etter kvart.

Mange biler på veien i New York
I TRAFIKAL OFFSIDE: Reglane på vegane i USA skil seg frå både England og Noreg. Det har likevel ikkje skremt Guro Reiten frå å køyre bil. Foto: Privat

Over sju timar reiseveg

Fredag kveld speler Noreg ein særs viktig kamp i kvalifiseringa til VM i Brasil neste år.

Landslaget reiser til Köln, og skal prøve å nedkjempe Tyskland. Ei bragd dei ikkje har klart sidan gruppespelet under EM i 2013. Då enda dei opp med å tape mot same nasjon i finalen.

For Guro Reiten har reisevegen til landslagssamlingane auka betrakteleg.

– Eg har reist frå andre sida av jorda. Det er litt lengre reiseveg enn vanleg. Men det har gått veldig fint. Eg har sove tolv timar i natt, fortel Reiten i forkant av Tyskland-kampen.

Ei direkteflyging frå Oslo til New York er estimert til å ta mellom 7,5 og 8,5 timar.

Landslagssjef Gemma Grainger synest Reiten har takla overgangen til den norske tidssona godt.

Ho peikar også på at livet som proffspelar er annleis i USA, på grunn av tidsforskjellen internt i landet.

– Det er mange tilpassingar, men det har vore positivt for Guro. Ho får mykje støtte frå klubben der. Den amerikanske ligaen er ulik dei andre på grunn av reisene, seier Grainger.

Førre gong landslagsvenninne Caroline Graham Hansen bytta klubb, var frå tyske Wolfsburg til spanske Barcelona i 2019. Ho meiner Reiten er heldig som slepp språkutfordringar.

– Eg trur ofte den største overgangen er språka, og det (engelsk) kan ein jo. Så då trur eg det kjem til å gå ganske bra, seier Hansen om angrepskollegaen sin.

Caroline Graham Hansen
MERITTERT: Caroline Graham Hansen vann Meisterligaen med Barcelona på Ullevaal stadion i mai. Det kviler mykje ansvar på Graham Hansen og resten av dei norske spelarane med skadar på Ada Hegerberg, Frida Maanum og Tuva Hansen mot Tyskland fredag. Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Trass litt oppstartsutfordringar i New Jersey-klubben med visumtrøbbel, har Reiten fått ein god start i Gotham med fem sigrar og ein uavgjord i ligaen.

– Det har gått veldig bra. Jentene er kjempehyggelege. Dei er veldig amerikanske, så det er mange high fives og mykje energi, smiler ho.

Kan ta sjokkerande direkte VM-plass

Fredag kveld ventar Tyskland, som er nummer fire på FIFA-rankinga.

– Det vil vere eit sjokk i fotballverda på kvinnesida om Noreg skal rane den førsteplassen frå Tyskland, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

I mars tapte Noreg 0–4 i heimekampen mot tyskarane.

Om Noreg no skulle vinne, passerer dei Tyskland, og tar over leiinga i gruppa. Den plassen gir direkte kvalifisering til VM. Tysdag ventar den siste kvalifiseringskampen mot Austerrike på Ullevaal.

Ved tap mot Tyskland endar Noreg på andreplass i gruppa, og må ut i omspel om VM-plassen.

– Speler Noreg ti kampar mot Tyskland så vinn dei ein av ti. Kanskje ikkje det ein gong. Kanskje vi må opp i tjue kampar for å vinne ein, seier Torp og fortset:

– Men det er mogleg. Eg trur at om ein har ei defensiv struktur og ærgjerrigheit så er det mogleg.

Før den viktige kampen er landslagssjefen tydeleg på at dei er klare.

– Vi skal definitivt gripe moglegheita vi no har til å vinne gruppa, seier Grainger.