På førehand var det spådd ein tett duell om Gullballen, mellom Lamine Yamal, Harry Kane og Kylian Mbappé.
No er det klart at Harry Kane stakk av med den største prisen, som verdas beste fotballspelar.
– Tusen takk for alle som stemte på meg. Eg har veldig mange gode lagkameratar som er med på lasset her. Eg er stolt over å spele for Bayern München, sa Kane etter at han mottok prisen.
Han er den første engelskmannen på 25 år til å vinne prisen. Den gongen var det Michael Owen som gjorde det.
Kylian Mbappé vart nummer to og Lamine Yamal nummer tre. Haaland vart nummer åtte.
Fotballekspert og journalist Lars Tjærnås er heilt einig i avgjerda. Han har stemt på kven han meiner fortener prisen.
– Eg stemte på Kane. Etter mi meining den som leverte på aller høgaste nivå aller mest hyppig gjennom sesongen. Har dessutan gjort spissrolla til noko nytt- ei blanding av avsluttar og playmaker, seier han.
Førre sesong scora han 64 mål og slo åtte målgivande pasningar på 56 kampar.
Han vann Bundesliga og den tyske cupen med Bayern München. I VM scora han seks mål for England som tapte semifinalen mot Argentina.
Graham Hansen på sjette
På kvinnesida var det Alexia Putellas som vann.
Ho briljerte i Barcelona med serietittel og Meisterliga-triumf førre sesong og bytta klubb til engelske London City Lionesses i sommar.
Caroline Graham Hansen vart nummer seks.
Erling Braut Haaland har i fleire år prega toppsjiktet av verdas mest prestisjetunge prisutdeling i fotball. Det gjorde han også i år, enda topp 10, men det var eit lite stykke opp til toppen.
Han var heller ikkje blant dei aller største favorittane på førehand.
– Eg stemte han som nummer to. Kanskje bitte litt norske briller, men berre ørlite. Hans haustsesong og VM gjer at han fortener å vere helt i toppen, forklarar Tjærnås.
Før kveldens prisar blei gjeve ut brukte den brasilianske Ronaldo Nazário store ord om Haaland.
– Eg elskar han. Eg likar ham så mykje. Han øydela oss i VM. Han gjer det kjempebra, og er ein så fin fyr, sa Ronaldo til TV 2.
Her er resten av vinnarane:
- Årets unge spelar, herrar: Lamine Yamal (Barcelona)
- Årets unge spelar, kvinner: Vicky López (Barcelona)
- Årets kvinnelege trener: Pere Romeu (Barcelona)
- Årets mannlege trener: Luis de la Fuente (Spania)
- Årets kvinnelege keeper: Cata Colla (Barcelona)
- Årets mannlege keeper: Unai Simon (Spania/Athletic Club)
- Sokrates-prisen: Bukayo Saka (Arsenal) for hans arbeid for barn og unge, blant anna via prosjektet BigShoe Projects.
- Årets kvinnelege klubb: FC Barcelona
- Årets mannlege klubb: PSG
- Årets kvinnelege målscorar: Charlyn Corral (Pachuca)
- Årets mannlege målscorar: Harry Kane (Bayern München)
Dei 30 nominerte på herre og kvinnesida blei sakte men sikkert plassert på resultatlista utover kvelden, før det til slutt står igjen ein vinnar, som dreg av garde med Gullballen.
Den raude løparen i forkant av prisutdelinga pleier å vere smekkfull av celebre gjestar, her eit knippe av dei.
Historisk sus
Gullballen, på fransk «Ballon d'Or», har blitt delt ut sidan 1956. Verdas beste fotballballspelar vert kåra av journalistar frå heile verda.
I fjor kom Haaland på 26. plass, som er hans dårlegaste plassering sidan han vart nominert for første gang tilbake i 2021. I 2023 enda han som nummer to, bak Lionel Messi som vann VM den sesongen.
Caroline Graham Hansen vart nominert for første gang i 2024 og kom på 2. plass. I fjor vart ho nummer 13.
I fjor vann franske Ousmane Dembélé den gjeve prisen for herrane og Aitana Bonmatí for kvinnene.
Lionel Messi er den spelaren som har vunne flest med 8, Cristiano Ronaldo har 5.