En ung mann med bart og en kvinne med solbriller sitter sammen utendørs i sollys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
BEKYMRA: Det unge sambuarparet er bekymra over at KI tar over stadig meir av netthandelen. Foto: Elina Louise Karlsen Storheil / NRK

– Eg synest KI er eit kjempeverktøy, men det må brukast kritisk. Det er inga kvalitetssikring, seier Vetle Brathaug Johannessen.

Han og sambuaren Marthe Væting Forsberg er kritiske til at kunstig intelligens tar over stadig meir av handlinga vår på nett.

No kan nemleg ChatGPT gjere heile handelen for deg, og med ei godkjenning i Vipps, så er kjøpet gjennomført.

Vetle er bekymra for at ein mister kontrollen over kven ein eigentleg handlar frå.

– Du søker, og så får du resultat. Men du veit eigentleg ikkje heilt kva du får. Bryr dei seg om miljø og barnearbeid, eller blir du berre send rett til Temu? Sånne ting er bekymringsfullt.

Marthe er einig:

– Eg synest det er litt skummelt. Eg vil ikkje at det skal komme inn i alle delar av livet vårt.

Her brukes den til råd om hvilke produkter forbrukeren skal kjøpe til høsten.
50 prosent av unge bruker kunstig intelligens som ein shopping-assistent når dei skal handle. Foto: Malin Heggebø Rolfsen / NRK

Ny salskanal

Likevel er det mange som ikkje er like skeptiske som sambuarparet.

I ei fersk forbrukarundersøking frå Virke kjem det fram at 50 prosent av dei mellom 18 og 39 år bruker KI når dei skal handle.

– Det er interessant kor fort det har blitt ein vane for så mange å bruke KI i kvardagen, seier Sigri Sevaldsen, bransjedirektør for teknologi i Virke.

Sigri smiler med blå blazer og hvit t-skjorte. Hun har hestehale og ser alvorlig ut.
Sigri Sevaldsen i Virke meiner handelsnæringa må følge med på den raske teknologiske utviklinga. Foto: Privat

Ho fortel at KI blir brukt for å få produktforslag og samanlikne prisar eller finne rimelegare alternativ før ein bestemmer seg.

– Dette har blitt ein heilt ny salskanal for handelsnæringa, og butikkane må snu seg kjapt for å i det heile vere synlege for KI-agentane.

Mange er skeptiske

Trass i den raske veksten har likevel 38 prosent liten tillit til slike oppfordringar.

KI-ekspert Stefano Nichele ved Høgskolen i Østfold deler skepsisen til sambuarparet. Han åtvarar spesielt mot at vi har null kontroll over korleis KI-en vel ut produkta som blir foreslått.

– Det er KI-modellar bak som prosesserer dette, og vi som brukarar har veldig liten kontroll. Det kan fort skje, dersom det blir veldig populært å handle via ein KI-assistent, at det kjem inn sponsing.

Han fryktar at bedrifter vil investere pengar for å få produkta sine anbefalte oftare av maskinene.

– Det kan vere ein potensiell risiko for kven som eigentleg kontrollerer vala våre. Det er jo litt skummelt, åtvarar Nichele.

Han poengterer at unge ikkje nødvendigvis er reflekterte rundt bruken, sjølv om dei tar teknologien raskt i bruk.

– Vi må ikkje berre kaste oss på teknologibølga fordi det er ein hype, men få tilstrekkeleg informasjon til å ta informerte val, seier Stefano Nichele.

KI-agenten fyller handlevogna

No kan maskinene gjere meir enn berre å gi gode råd. Dei vil fylle handlevogna og betale for deg.

Men dei færraste har lyst til å gi ein amerikansk samtalerobot fri tilgang til bankkortet sitt. Det er her Nichele meiner norske aktørar har eit stort fortrinn.

– Når ein gir frå seg konfidensielle ting som kredittkortnummer, stoler eg mykje meir på ei norsk bedrift som tar sikkerheit på alvor og følger norske og europeiske reglar når det gjeld GDPR, seier Nichele.

logo
Vipps kan etter kvart brukast slik at forbrukarar får ei meir saumlaus Ki-netthandling. Foto: Lise Åserud / NTB

Dette er ei utfordring betalingstenester som Vipps no har funne ei løysing på. Vegar W. Heir frå Vipps fortel at KI-agentar kan utføre direkte handlingar på nett for oss.

– Du får eit pushvarsel i Vipps, og godkjenner kjøpet der. Da kan agenten gjere mykje av jobben, samtidig som det framleis er du som har kontroll på sjølve betalinga, forklarer Heir.

Vegard smiler utenfor en Vipps-logo
Vegar W. Heir meiner Vipps kan spele ei positiv rolle når det gjeld tryggare netthandel ved hjelp av KI. Foto: Privat

Sjølv om slike løysingar gjer at ein slepp å gi kortdataa sine direkte til KI i utlandet, minner Nichele om at vi likevel gir frå oss enormt mykje informasjon.

– Sjølv om desse dataa er ganske sikre og krypterte, gir ein veldig private data til desse maskinene, avsluttar han.