silva og ingebrigtsen
EM-BRONSE: Patricia Silva jubla for karrierens første EM-medalje søndag. Etter løpet uttrykte ho sterk støtte til trenar Gjert Ingebrigtsen og håp om at han held fram. Foto: AFP / NTB

Patricia Silva tok karrierens første EM-medalje då ho sprang inn til bronse på 1500 meter i Birmingham søndag kveld.

Etter målgang handla mykje av praten om mannen som ikkje fekk vere ved sida hennar på stadion. Trenar Gjert Ingebrigtsen, som tidlegare har varsla at han har bestemt seg for å gi seg som friidrettstrenar.

Den portugisiske løparen fortel at samarbeidet med den norske trenaren har vore avgjerande for utviklinga hennar dei siste åra, og håpar samstundes at han ikkje gjennomfører planane om å gi seg som friidrettstrenar.

– Vi setter verkeleg pris på alt han gjer og eg ønskjer ikkje å bli trent av nokon andre, fordi han er verdas beste trener, seier ho.

Friidrettsutøver P. Silva feirer med portugisisk flagg og medalje etter mesterskap i Birmingham. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Patricia Silva meiner Gjert Ingebrigtsen har hatt ei nøkkelrolle i framgangen hennar dei siste åra. Foto: Andrew Boyers / REUTERS,NTB

– Veldig utmattande

Ingebrigtsen fekk ikkje akkreditering til EM. Dermed har han ikkje hatt tilgang til dei same områda som andre trenarar under meisterskapen.

Silva legg ikkje skjul på at ho synest det er trist at trenaren ikkje fekk vere tettare på utøvarane sine i Birmingham.

– Eg er veldig lei meg på grunn av det. Eg synest at alle utøvarane bør ha trenarane sine her, enten du tar ein medalje eller om du er her og gjer det verste løpet du har gjort i heile livet.

Gjert Ingebrigtsen under EM i friidrett i Birmingham
Gjert Ingebrigtsen fekk ikkje akkreditering til EM-meisterskapen i Birmingham, og måtte sjå løpa frå tribunen. Foto: Terje Haugnes / NRK

– Det er veldig utmattande å ha all presse og trøbbelet rundt.

Overfor NRK fortalde José Carlos Pinto, som også blir trent av Ingebrigtsen, at nordmannen ikkje ønskte å vere til stades på stadion søndag på grunn av alt oppstyret. Eit val Silva har full forståing for.

– Det er veldig vanskeleg for ham. Det er så mykje bråk, krangling og diskusjonar og det er ikkje det friidrett handlar om for meg. Friidrett skal vere eit «sikkert rom».

– Gjert er ein fantastisk person. Han forstyrrar ikkje nokon. Så av den grunn hadde eg aldri bedt ham om å vere her. Eg forstår det, og eg veit at han heier på meg frå utsida av stadion.

Gjert Ingebrigtsen blei i juni 2025 frifunnen for tiltalen om mishandling i nære relasjonar, men dømd til 15 dagars betinga fengsel for eitt tilfelle av kroppskrenking mot dottera si. Dommen blei ikkje anka.

NRK har prøvd å kome i kontakt med Gjert Ingebrigtsen, men har førebels ikkje lukkast.

Måtte ta over for trenaren

Pinto fortel at mangelen på akkreditering ikkje berre handla om prinsipp, men også fekk direkte konsekvensar for utøvarane under meisterskapen.

Vanlegvis er det Ingebrigtsen som følgjer utøvarane tett gjennom oppvarminga og dei siste førebuingane før konkurranse. I Birmingham måtte Pinto fylle delar av den rolla for treningsvenninna Silva.

– Vi sat i bilen med han til stadion, og så blir vi plutseleg skilde frå han. Eg gjorde heile oppvarminga saman med Patricia slik at ho kunne ha nokon der til å hjelpe henne. Vanlegvis er Gjert der for å gjere det og for å snakke med henne før løpet, seier Pinto.

Folk står i en garasjeåpning og ser ut på en idrettsarena. En mann i rødt snakker med en annen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Her står José Carlos Pinto saman med Gjert Ingebrigtsen på tribunen under EM i Friidrett i Birmingham. Foto: Vegard Kjøllmoen Steien / NRK

Sjølv hadde portugisaren meir enn nok med sine eigne konkurransar.

– Eg er ikkje så rutinert, så har eg meir enn nok med å springe mine eigne løp. Eg gjorde det ikkje noko bra heller, så eg er kanskje ikkje den beste personen å vere saman med før eit løp, seier han.

Pinto meiner fråværet til trenaren gjorde meisterskapen vanskelegare for heile gruppa.

– Kanskje eg òg trong hjelpa hans, og kanskje var det grunnen til at eg gjorde eit dårleg meisterskap. Vi saknar han verkeleg her, seier han.

Håpar han held fram

Silva fortel at meldinga om at Ingebrigtsen vurderer å gi seg som trenar, er tung å ta inn over seg.

– Eg ville aldri bedt han om å fortsette som trenar dersom han ikkje ønskjer det sjølv. Eg forstår at det har vore nokre veldig vanskelege år for han med alle desse problema. Det er ikkje derfor han er trenar, og eg trur ikkje han er glad i all støyen rundt seg, seier ho.

Samtidig er ho tydeleg på kor mykje Ingebrigtsen betyr for karrieren hennar.

– Pinto og eg prøver å få han til å forstå at han er veldig viktig for oss. Vi setter verkeleg pris på han som trenar, sjølv om nokon folk tidlegare ikkje gjorde det.

BB250603CS067
José Carlos Pinto og Gjert Ingebrigtsen under eit tidlegare arrangement. Portugisaren håpar den norske trenaren vel å halde fram etter sesongen. Foto: Carl Sandin / Bildbyrån

Ho fortel at Ingebrigtsen har lova å halde fram ut sesongen, men at avgjerda om vegen vidare kjem seinare.

– Vi skal snakke om det seinare. Eg ønskjer ikkje å bli lei meg for det akkurat no, for det gjer meg trist. Men vi får sjå kva som skjer, sa Silva etter løpet.

Også Pinto håpar trenaren blir verande.

– Sjølvsagt skal eg prøve å snakke med han om det. Men akkurat no prøver vi å fokusere på løpinga og ikkje diskutere framtida. Eg håpar han ikkje gir seg enno, og at han held fram saman med oss, seier portugisaren.