– Dei klarer ikkje dette her sjølv. Det går fem minutt, og så er det full kork i alle retningar, fortel trafikkdirigent Ingebrigt Polden frå Sogn Vegteneste midt i den travle dirigeringa av trafikken.
For på riksveg 13 ved den populære turistattraksjonen Låtefoss i Ullensvang møtest mengder av turistar og stor gjennomgangstrafikk på smale vegar og bruer.
Eit kaos Øystein Sunde song om allereie i 1989 i låta «Campingvogna».
No krev situasjonen drastiske grep.
For tredje sommaren på rad må trafikkdirigentar trø til. I gule verneklede og med store bevegelsar vinkar trafikkdirigenten bilistane fram og viser veg.
– Trikset er å få trafikken til å gå mest mogleg flytande. Venta med å ta ut bilar frå parkeringa til trafikken har passert, så vi kan gjera det på ein trygg måte, forklarar Polden.
Tredobling i sommarmånadene
Det blir berre meir trafikk, og i juli passerte det i snitt over 5600 køyretøy i døgeret.
Om sommaren meir enn tredoblar trafikken seg i forhold til vinteren.
– På dei travlaste dagane ser vi godt over 500 bilar i timen. Så er det 20–30 prosent som har lyst til å stoppa for å sjå på fossen, og vi har 16 til 20 parkeringsplassar. Så det seier seg sjølv at ikkje alle kjem til å få plass, seier Polden.
Handlingane til enkeltbilistar skapar og fort farlege situasjonar.
Midt i intervjuet må Polden springa bort til brua der ein bilist har stoppa heile rekkja med bilar bak seg.
– Ja, no hadde du ein som tenkte at det var ein god idé å stoppa midt på brua for å ta bilete av fossen. Det skjer jamleg. At det ligg kanskje seksti bilar bak i kø, det har ingenting å seie, fortel han.
Redd for ulukker
Rett ved fossen ligg det ein kiosk som har god utsikt til vegen. Skilnaden er stor etter at dirigentane tok styringa.
– Ja, eg synest det hjelper veldig mykje. Før var ein kvar dag redd for at det skulle skje ei ulykka her ute, seier Malin Hylland ved Låtefoss kiosk.
For mange av turistane er dirigentane redninga som gjer at dei får stoppa.
– Sist vi kom hit så hadde vi ikkje sjanse til å stoppa her. Men no kunne vi det, fordi han senka farta på trafikken og det vart ein ledig plass, seier Jennie van Dijk frå Nederland.
Samir Al Hussain, som er på motorsykkeltur heilt frå Saudi-Arabia, støttar tiltaket.
– Desse folka gjer ein fantastisk jobb med å halda trafikken god, organisera og gjera alle nøgde.
Ønskjer seg permanent løysing
Men ikkje alle er like heldige. For mange må berre køyra vidare fordi det er fullt.
Sjølv om flyten er betre, håpar lokalbefolkninga snart på ei meir permanent løysing.
– Det bør utan tvil skje noko snart, seier Kristoffer Handeland.
– Vi kan jo stå her, men det er vel kanskje ikkje det mest berekraftige på sikt, seier trafikkdirigent Polden.
Ny parkeringsplass og gangbru
Nye Veier har i dag ansvaret for riksveg 13 frå Skare til Voss, og har jobba med konkrete planar for korleis utfordringane kan løysast. Torsdag var prosjektleiar Håkon Lohne på staden og fortalde kva dei ser for seg:
- Utvida eksisterande parkeringsplass
- Ny parkeringsplass med plass til 75 bilar på sørsida
- Montera gangbru utanpå den gamle steinbrua
Arbeidet er anslått til å kosta mellom 30 og 40 millionar kroner.
– Med dei grepa, vil vi få auka trafikksikkerheit og framkommelighet, som er det viktigaste vi jobbar med, seier Lohne.
Sjå dei nye illustrasjonane for riksveg 13 ved Låtefoss:
– Jättekul!
Han legg ikkje skjul på at tunnel på sikt vil vera den beste løysinga.
– Men då snakkar vi 4 milliardar kroner, så det er langt der framme, seier han.
– Kor kjapt kan desse tiltaka vere på plass?
– No har vi utarbeida konseptet, og så vil det vere ulike meiningar om det. Så det blir ein relativ lang prosess, men vi jobbar for fullt.
Planane blir godt motteke hos dei lokale.
– Ein «jättekul» overrasking. Ser veldig bra ut. Det blir topp med gangveg, slik at folk ikkje går midt blant bilane, seier kioskdrivar Malin Hylland.