Advokat Tove Røddesnes ser på en av hennes klienter, en mann som sitter med ryggen til. Han har en caps på hodet og blå jakke.
«EVIG» VENTETID: Advokat Tove Røddesnes seier ho ser korleis Gjermund kjemper seg vidare, men ikkje kjem seg nokon stad, på grunn av ventetida. Foto: Qader Faraji / NRK

– Eg prøver å gløyme det og legge til sida, prøver å leve mest mogeleg. Men eg får det ikkje til. Eg sit og tenker på det kvar bidige dag, seier «Gjermund».

Han har søkt om valdsoffererstatning etter at han som barn opplevde han vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep frå foreldra sine.

Valden og overgrepa skal ha gått føre seg fram til Gjermund var sju år, også etter omsorgsovertaking, trass i at det var tilsyn til stades.

Sjølv om det er over tre år sidan han sende søknaden om valdsoffererstatning, har han enno ikkje fått svar.

– Denne saksbehandlingstida tar knekken på sårbare menneske, seier advokat Tove Røddesnes.

– Det er frustrerande at det aldri blir ferdig. Eg sit jo her og ventar til all evig tid, og det å berre sitte og vente på noko er det verste eg veit. Det tar så lang tid og det øydelegg dagane, legg Gjermund til.

En mann folder hendene og venter på svar om Voldsoffererstatning
Gjermund har fått utviklingsforstyrring og posttraumatisk stressliding på grunn av det han har opplevd i barndommen. Foto: Qader Faraji / NRK

«Gjermund» er ikkje hans eigentlege namn. NRK kjenner identiteten til mannen som ønsker å vere anonym.

Kontoret for valdsoffererstatning sa først at saksbehandlingstida var 20 månader. I fjor svara dei at det var tre år og fire månaders ventetid, no er ventetida fire år.

Betalte lege for å ikkje journalføre skadane

Saka mot foreldra til Gjermund har blitt meldt til politiet og etterforska to gongar.

Den første gongen, då Gjermund framleis var barn, bekrefta mor hans fleire valdsepisodar mot den unge guten.

I avhøyret forklarte mor hans at ho betalte ein lege rundt 5000 kroner for at skadane til Gjermund ikkje skulle førast i journalen.

Han har framleis merker på kroppen etter denne valden. Likevel blei saka lagt bort av politiet.

I 2020 meldte Gjermund foreldra for seksuelle overgrep mot han som barn.

– Etter to år legger Trøndelag politidistrikt bort saka, delvis på bevisets stilling og delvis på forelding, seier advokat Tove Røddesnes, som har hjelpt mannen sidan 2020.

En mann står og ser ut av vinduet. På andre siden av gaten er Stjørdal politistasjon.
Politiet etterforska saka mot foreldra til Gjermund to gongar, men saka har blitt lagt bort begge gongane. Foto: Qader Faraji / NRK

7. oktober 2022 søker dei om valdsoffererstatning, og saka er klar til behandling 16. mai 2023. Men det skulle vise seg å bli ein mykje lengre prosess enn dei hadde sett for seg:

Lang saksbehandlingstid

For eit år sidan stod over 6000 personar i kø etter å ha søkt om valdsoffererstatning i Noreg.

Kontoret har gjennom fleire år slite med lange køar, og i 2023 kalla dei situasjonen ekstraordinær:

Då blei det innført ei ny lov, som endra på ein del av vilkåra for å få erstatning.

Gjermund søkte om valdsoffererstatning før den nye lova tredde i kraft. Likevel ventar han enno på svar.

– Vi føler jo at sakene etter den nye lova blir prioritert og så blir sakene etter den gamle saka hengande etter, seier Røddesnes.

Men både i 2024 og i 2025 fekk kontoret tilleggsbevillingar for å styrke behandlinga av søknader etter gamalt lovverk.

– Dette har gjeve resultat. På to år er restansen redusert frå om lag 5700 saker til rundt 2700 saker, seier ho.

Det seier direktør ved Kontor for valdsoffererstatning Yvonne Andersen.

Direktør Yvonne Andersen ved Kontor for voldserstatning ser rett i kamera. Hun har brunt, rett hår til skuldrene og har på seg en jakke. Bak henne er en helt grå bakgrunn.
Yvonne Andersen, direktør ved Kontoret for valdsoffererstatning, seier det krev omfattande juridiske vurderingar å behandle søknadane. Foto: Stian Didriksen / Kontoret for voldserstatning

Ho forklarar at ventetida auka for dei eldste sakene då den nye lova tredde i kraft, fordi kontoret var pålagd å prioritere sakene etter det nye lovverket.

– Når det gjeld kritikken om at ventetida kan vere svært belastande for sårbare menneske, har vi stor forståing for det, legg ho til.

Likevel kan Gjermund og rund 2700 andre risikere å måtte vente i halvanna år til, før dei får svar:

– Skal i år prioritere saker etter ny lov

Trass i at Kontoret for valdsoffererstatning fekk midlar for å styrke behandlinga av saker etter gamal lov, auka saksbehandlingstida frå 2024 til 2025.

– Noko som hovudsakleg skuldast at dei eldste sakene blir prioritert først, seier kommunikasjonsrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet, Sebastian Bergedahl Vernang.

Og sidan tilleggsbevillingane tok slutt ved nyttår, er prioriteringane annleis i år:

– Kontoret for valdsoffererstatning skal i år prioritere saker etter ny lov, samtidig som alle søknadar om valdserstatning skal behandlast innan rimeleg tid, seier Vernang.

Då Gjermund søkte om valdsoffererstatning, fekk han beskjed om at det var ei forventa behandlingstid på 20 månader.

Brev fra Kontor for voldsoffererstatning
For eit år sidan beklaga Kontoret for valdsoffererstatning at Gjermund sin søknad ikkje hadde blitt behandla innan fristen.Faksimile: Kontor for Voldsoffererstatning

No har han har venta i over tre år, og risikerer å måtte vente i 1,5 år til.

– Det er altoppslukande og vanskeleg å kome seg vidare i livet. Omtrent heile 20-åra hans har gått med til å stå i denne saka, seier advokat Røddesnes.

Andersen ved Kontoret for valdsoffererstatning seier dei ikkje kan forhaste seg i behandlinga.

En fugl flyr over bygningen til Kontoret for voldsoffererstatning og Vardø rådhus
Kontoret for valdsoffererstatning. Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Men kva er det som gjer at de seier at det er lengre og lenge ventetid?

– Ventetida vi oppgjer er eit uttrykk for kor lenge den eldste saka i køen har venta. Den seier ikkje at saksbehandlingstida går saktare enn tidlegare, svarar Andersen.

Andersen fortel at dei har som mål å bli ferdig med å behandle alle søknadane etter gamalt lovverk innan utgangen av 2027.

– For søknader etter gammalt lovverk er saksbehandlingstida i dag om lag fire år.

«Julie» svelta seg og skar namnet til mannen inn i huda

Vanskeleg å kome seg vidare i livet

Advokaten seier at ho ser at det er ei belasting for Gjermund å stå i prosessen med å søke om valdsoffererstatning og vente så lenge på svar.

– Det er altoppslukande og vanskeleg å kome seg vidare i livet. Omtrent heile 20-åra hans har gått med til å stå i denne saka, seier ho.

– Vi skulle gjerne hatt kortare ventetid for alle som søker om valdsoffererstatning, svarar direktør Andersen.

Gjermund er ufør på grunn av det han har opplevd og ønsker å få svar på søknaden, for å kome seg vidare i livet og legge alt bak seg.

– Saksbehandlingstida er allereie lang, og det er uakseptabelt at ein skal vente i så mange år på å få svar på ein søknad, seier Gjermund.

– Eg har ikkje noko anna val enn å vente på svar på søknaden, men det er frykteleg belastande å vente. Belastinga blir verre over tid, legg han til.