Eliteserien i fotball 2026: Lillestrøm - Vålerenga (2-0)
SKANDALESCENER: Bluss, stolsete og sperregjerde blei kasta i retning av banen mot tampen av oppgjeret mellom Vålerenga og Lillestrøm. Nå tar Oslo-klubben affære. Foto: Javad Parsa / Javad Parsa / NTB

Vålerenga går kraftig til verks mot eigne supporterar etter scenene som gjekk føre seg på tribunen under oppgjeret mot Lillestrøm tidlegare i haust.

På Åråsen blei rundt 140 sete øydelagde, sanitæranlegg ramponert og vegger tagga ned. Frå borteseksjonen blei det også kasta bluss, sperregjerde og delar av stolsete inn på banen.

Det likar Oslo-klubben svært dårleg.

Sikkerheitssjefen lettar no på sløret overfor NRK om korleis dei har handtert saka i etterkant. Dei første sanksjonane blei sett i verk inn mot oppgjeret mot KFUM Oslo 12. oktober.

Og fleire supporterar kan bli utestengde, for det er framleis saker til behandling.

– Av dei vedtaka som er gjort, er det mellom 5 til 50 kampars utestenging, avhengig av kva kvar enkelt har gjort, seier sikkerheitssjef Ronnie Bergheim til NRK.

hærverk på stoler
SLIK SÅG DET UT: Etter at Vålerenga var på besøk. Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Han listar opp hærverk, truande oppførsel og brot på regelverket innanfor pyroteknikk som handlingar dei har slått ned på.

– Kor mange supporterar har fått slike sanksjonar?

– Vi pleier ikkje å gå ut med tal, men det er mellom 5–10 personar. Og vi forventar at det blir fleire, varslar Bergeim.

«Fridom for dei utestengde»

Vålerenga fekk seg ein etterlengta opptur med 1-0-siger borte mot Bodø/Glimt laurdag kveld.

Der hadde ikkje alle supporterane lov til å vere til stades.

På tribunen kunne ein sjå Ultras-grupperinga Ikaros med eit banner påskrive «Diffidati con noi», som betyr fridom for dei utestengde.

Teksten var også plassert på capo-tårnet under heimekampen mot Brann for ei veke sidan.

Ikaros Banner Vålerenga
STØTTE TIL DEI UTESTENGDE: Vålerenga melder at supporterar har blitt utestengde i 50 kampar etter bråket på Åråsen. Men i ultramiljøet får dei støtte. Foto: Heiko Junge / NTB

Ultragrupperinga uttaler seg vanlegvis ikkje til pressa, men har fått høve til å klargjere synet sitt overfor NRK.

I ei melding på Instagram, skriv dei blant anna følgande:

«Det er ikkje alt som skjedde på Åråsen vi kan stå inne for. Resultatet har den siste tida vore at vi har mista fleire av den harde kjernen vår til sanksjonar frå klubben. Nokon har fått kort straff, nokon litt lenger, mens andre har fått så det svir på pungen og vel så det».

Banket opp på perrongen: – Nå dør jeg

Inntil 60 kampar

Vålerenga har eit strengt sanksjonsreglement dei kan nytte mot eigne supporterar i slike saker.

I sanksjonsreglementet til klubben står det at blant anna vald, grov sjikane og ulovleg bruk av pyroteknikk som medfører alvorleg skade på materiell eller personar, kan straffast med inntil 60 kampars utestenging.

Supportere på en fotballtribune tenner bluss, noe som skaper kraftig rød røyk og lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MANGE BLUSS: Vålerenga har klare reglar for kva ein kan og ikkje kan gjere ved bruk av pyroeffektar. Dette er ein av tinga som har blitt slått ned på etter hatoppgjeret på Åråsen. Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Det er ikkje uvanleg at Oslo-klubben handhevar reglementet sitt på denne måten. Blant anna blei to personar utestengde for rasisme og vald etter bortekampen mot Moss, hausten 2024.

Det verkar også som supporterane er innforståtte med dette:

«Samtidig er det også sånn at om ein bryt sanksjonsreglementet, så kan ein forvente ei form for straff», skriv Ikaros sjølv.

Opplever at sanksjonane blir respekterte

Sikkerheitssjef Bergheim har forståing for at det dukkar opp banner på tribunen i samband med ei slik sak, og ser på det som heilt uproblematisk.

– Det er sentralt i kulturen deira som ultras, samtidig opplever vi at dei forstår kvifor vi sanksjonerer, i tillegg til at sanksjonane blir respekterte i miljøa, seier Bergheim.

Eliteserien i fotball 2026: Bodø/Glimt - Vålerenga (0-1
ETTERLENGTA OPPTUR: Dei siste to kampane har det blitt seks poeng mot Brann og Bodø/Glimt, men det er ikkje alle supporterane som har fått med seg det frå tribuneplass. Foto: Mats Torbergsen / Mats Torbergsen / NTB

Ikaros avsluttar uttalen sin med ein lovnad til dei sanksjonerte:

«Til dei utestengde: Offera dykkar vil aldri bli gløymde, og de vil vere ved vår side i «spirit» til den dagen de er tilbake på tribunen. Alltid med oss!».

Frivillige jobber på spreng etter hærverket: – Trodde ikke det skulle være så fælt