– Å diskutere dette med mange i Noreg er jo umogleg, seier Roar Åkerlund i Vikinghordane.
Premier League er den mest populære ligaen i verda. Pengemessig er ingen andre i nærleiken.
Reint sportsleg viser Meisterligaen og andre turneringar at britane også dominerer der.
Men på eitt punkt meiner fleire at ligaen likevel er spelt over sidelinja.
– Den engelske tribunekulturen er rett og slett avleggs, seier podkastvert og supporter Morten Galåsen til NRK.
– Prisane har stige, og dei mange lokale har ikkje lenger råd til å dra på kamp. Det har gått utover stemninga, meiner Premier League-kommentator Peter Veland.
Kjenner seg motarbeidd
Når Viking reiser ned for å møte Aston Villa i Birmingham, tar 1950 supporterar turen ned frå Noreg.
Vikings supporterkoordinator Simon Tveit har dei siste vekene halde dialog med Birmingham-klubben i håp om få med seg supporterutstyret sitt inn på Villa Park onsdag.
Først såg det ut til at verken flagg, banner, megafon eller trommer ville bli tillatne.
Det fekk supportergrupperingane på Felt O til å legge ut eit flammande innlegg på Facebook med overskrifta: «Engelske klubbar, fiendar av tribuneliv!»
Utfordringane skal ha starta alt på eit sikkerheitsmøte i Madrid før turneringsstart.
«Viking sine folk merka det allereie da, at England og Aston Villa, var noko heilt anna enn Stuttgart, Atlético Madrid og Napoli. Heilt andre haldningar, eit heilt anna syn på tribuneliv», står det i innlegget.
– Vi opplever ei veldig ovanfrå og ned-haldning når våre folk prøver å få svar på ting, seier Åkerlund. Han seier at det har teke lang tid å få svar, og når dei først har fått svar, har klubben berre svara på delar av spørsmåla. – Dette er så langt i våre erfaringar unikt med Villa. Om det seier noko om England, anar eg ikkje, fortset Åkerlund.
For nokre dagar sidan blei det klart at den einaste effekten som framleis er bannlyst er tromme. Supporterkoordinatoren har måtta argumentere med at effektane er «essensielle delar av supporterkulturen deira».
Viking har også brukt Tromsø som eksempel, som blei møtt med same haldning før møtet med Brighton i slutten av august.
Til heimekampen viste dei fram eit banner med teksten «No drums, No Flagpoles, No Megaphone, No Pyro and Tifo restrictions – BHAFC against active fan support». Også dei vann fram med argumenta sine til slutt, og fekk med seg ein del effektar med seg til badebyen sør for London.
– Raknande likegyldig
Engelsk fotball har ein heilt spesiell posisjon i Noreg, noko som blei hjelpt fram da «Tippekampen» rulla på NRK mot slutten av 60-talet.
Utviklinga av tribunekulturen har ikkje utvikla seg i same retning.
Her er det nemleg mykje å lære av miljø frå Bundesliga, Ligue 1, Serie A – eller i Skandinavia, for den saks skuld.
Å diskutere dette med norske supporterar av Liverpool, Manchester United eller Tottenham, synest Åkerlund i Vikinghordane er vrient.
– Det er jo mange som meiner at alt som har med engelsk fotball å gjere, er fasiten på fotballen. Vi ser langt vekk frå England når vi ser supporterkultur. Vi ser jo til Italia, Sør-Amerika og sånne ting. Det dei gjer i England er for oss raknande likegyldig, seier Åkerlund i Vikinghordene.
Ultrakulturen starta i Italia på 1960-talet. Bruk av fargar, songar, flagg og pyroteknikk er sentrale verkemiddel i subkulturen som sidan har spreidd seg til mange andre land, inkludert Noreg.
I England har ein stritta imot. Årsaksbildet er samansett, men det hjelpte nok ikkje at ståtribunar blei bannlyste i etterkant av tragiske episodar på Hillsborough og Heysel stadion.
Reagerer: – Er så absurd
Morten Galåsen har reist Europa rundt for å sjå fotball. Han er driven av å finne den aller beste tribunekulturen.
Romerikingen står bak podkasten «Pyro & Pivo» der han gjennom 423 episodar dei siste ti åra, har snakka mykje om både fotball- og supporterkultur.
– Har Åkerlund eit poeng når han fortel at dei er «rivande likegyldig» til britisk fotballkultur og i staden vender blikket andre stader i Fotball-Europa for inspirasjon?
– Det er nesten ein kulturkrig blant norske fotballfans. Du har dei som er oppvaksen med og lever og andar for Premier League og engelsk fotball. Dei er nok i eit ganske stort fleirtal blant generelle, norske fotballinteresserte. Mens dei som er opptatte av tribunekultur for lengst har innsett at England blei akterutsegla der for meir enn 30 år sidan, seier han.
Banket opp på perrongen: – Nå dør jeg
– Argumentasjonen ifølge supporterane på Felt O går blant anna på at tromming kan forstyrre heimefansen …
– Eg veit ikkje kor eg skal begynne ein gong. Det er så absurd. Viss heimepublikummet på Villa Park er så ømfintlege for lyd som klubben sjølv skal ha det til, så burde dei vurdere ikkje å selje billettar til kampane sine i det heile, og heller køyre utan tilskodarar, seier han.
– For å snu litt på det da: I England treng ein ikkje trommer og megafon for å synge saman på tribunen, trur du Viking også klarer seg greitt utan?
– I teorien kan ein synge songane sine utan tromme. Men det er noko med timing. Engelske supportersongar har ofte høgt volum i dei første 10–20 sekunda, men så begynner ein å klappe og så syng ein for fort, og så visnar det ut. Akkurat det er noko ein unngår ved å ha tromme som sørger for at takten blir følgd og at trykket kan halde fram mykje lenger. Det vil bli ei utfordring for Viking som har skapt ein kultur og anna retning for supporterane sine, påpeikar Galåsen.
– Høyrer fortida til
Petter Veland er open om at hans hjarte tilhøyrer spanske La Liga. Samtidig jobbar han for Viaplay og har blant anna kommentert heimekampar for Liverpool og Arsenal.
Så kor er trykket aller best?
– Dei høgaste toppane som eg har erfart på kroppen sjølv eller via TV-ruta, er i dei sørlege strøka. For eksempel ville storoppgjer i Tyrkia, Hellas eller Serbia, seier fotballkommentatoren til NRK.
Når debatten om engelsk fotball likevel blussar opp, peikar han på noko han meiner er eit paradoks:
– Spør ein 100 fotballsupporterar på gata på Karl Johan der det er best stemning på stadion, så ville nok 95 av dei ha svart i England. Det høyrer kanskje litt fortida til, og så har nok mange av dei berre vore på kamp i England.
– Men i tillegg til det har Premier League gjort ein fantastisk jobb med å få lydbildet igjennom TV-sendingane, i motsetning til for eksempel La Liga, poengterer han.
Han fortel at han ein gong sat ved sida av Conor Gallaghers agent under eit oppgjer på Estadio Metropolitano. Det var etter at spelaren hadde meldt overgang frå Chelsea til Atlético Madrid.
– Agenten tok tak i meg og sa: «Du som har følgt spansk fotball. Kvifor kjem ikkje dette lydbildet igjennom når eg sit og ser desse kampane på TV i England?». Og eg har ikkje noko godt svar, liksom, seier han.
Aston Villa-Viking blir spelt førstkommande onsdag. Du kan høyre oppgjeret direkte via NRK Radio frå 21:00!
Fansen fikk beskjed om strenge regler: – Det var pipekonsert