Reisende ser på en informasjonstavle med oversikt over togavganger og innstillinger på en stasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FORSINKA: Den siste veka har det vore forseinkingar og innstillingar nesten kvar einaste dag i togtrafikken. Foto: NRK

Det ligg an til å bli den verste togsommaren på fem år.

Så langt i år har berre 87,1 prosent av toga i landet vore i rute. For august er talet på tog som går på tida nede på 80,1 prosent.

Dette er svært langt unna regjeringa si målsetting om 90 prosent punktlegheit.

Går på helsa laus

Siv Skarstein er togpendlar og professor. I ein kronikk i VG, skildrar ho konsekvensane av å ikkje kunne stole på at toget går.

Etter det ho skildrar som ei ekstrem togoppleving, gjekk det ei kule varmt for pendlaren.

Portrett av en kvinne med langt, grått hår foran en glassfasade.
Pendlar Siv Skarstein fortel at ho ikkje treng eit sete å sitte i, men er glad berre ho kjem inn på toget. Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– Av skade blir ein klok, så eg hadde sett av to timar meir enn eg hadde trunge. Likevel vart eg 1,5 time for sein til jobb, seier Siv Skarstein i Politisk kvarter onsdag.

På Oslo Met sat 250 studentar klare for forelesing.

Skarstein fortel om full stans i toget etter at ei køyreleidning fall ned på taket måndag. – Vi fekk melding om at det var livsfarleg å gå ut i sporet. Det vart delt ut vassflasker og dørene måtte verte brotne opp med handmakt.

Ho fortel nokon vart på ei måte rekruttert til å stå og sperre dørene, så ingen skulle finne på å hoppe ut.

– Det kjentest nesten som å vere i ein krigstilstand, seier ho.

Skilt på Oslo S viser at tog R21 til Stabekk er innstilt fra spor 19.
Dette har blitt eit kjent syn for pendlarar i Oslo-området. Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Skarstein håpar hastemøtet kan føre til endring. – Det verkar å vere ein total mangel på samordna leiing, og at dette har forplanta seg i heile organisasjonen.

Ho har eit klart bodskap til aktørane.

– Dei må ta inn over seg at tilliten no krakelerer. Håpet heng i ein tynn tråd. Og det er eit toppleiaransvar å få dette til å fungere.

Ikkje slik det skal vere

I sommar har Bane Nor gjennomført omfattande arbeid fleire plassar.

Likevel har dei siste vekene vore prega av forseinkingar og kanselleringar.

– Fyrst vil eg beklage. Dette er ikkje slik det skal vere, og eg forstår frustrasjonen veldig godt.

Det seier konsernsjef i Bane Nor, Agnete Johnsgaard-Lewis, på dagens hastemøte med samferdselsministeren.

Kvinne i sofa
Foto: Aksel Jermstad / Bane Nor

I forkant av møtet kalla samferdselsminister Jon-Ivar Nygård sommarens togkaos uakseptabelt.

Han ønskja ei orientering frå Bane Nor om kva som har forårsaka feila.

Konsernsjefen forklarar at dei hadde ei seks veker lang nedstenging av Romeriksporten i sommar for å fornye og ta vedlikehaldsetterslep

– Det var naudsynt. Vi starta etter planen og trudde det kom til å gå greitt, så oppdaga vi måndag at det var ei dump i sporet. Då måtte vi utbetre det.

I tillegg fortel ho om avvik på signalanlegget og ein køyreleidning, som vart revet ned.

– Det har ikkje vore ei god veke i Oslo, innrømmer Johnsgaard-Lewis.

Behov for meir pengar

Nygård skildrar noko av problemet ved å seie at jernbanen har vorte offer for sin eigen suksess.

I dag er det eit etterslep på vedlikehald på 130 milliardar.

– Det er stadig fleire som reiser med toget, men ein har ikkje klart å halde tritt med å halde ved like jernbanen eller kjøpe nye tog. Det er noko av det vi betaler prisen for nå.

Samtidig skryter han av å ha starta ein snuoperasjon ved å ha løyvde store summar.

– Det var 2 milliardar ekstra i forfjor og det var ein milliard no. Og vi har lagt opp til i nasjonal transportplan at vi skal bruke meir pengar på drift og vedlikehald, seier Nygård.

Mann i dress og lys skjorte sitter på en sofa med ryggstøtte i oransje stoff.
– Det er skilnad på det store bildet, altså utfordringane jernbanen har, og det vi har opplevd den siste veka, seier Jon-Ivar Nygård i Politisk kvarter. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

Johnsgaard-Lewis er ikkje nøgd med det.

– Eg meiner at departementet veit veldig godt at eg vil ha meir pengar til vedlikehald og fornying. Så er det politikarane som avgjer kor mykje vi får.

– Vi har fått pengar dei siste åra, men vi har behov for meir.

Konsernsjefen forklarar at dei set pris på dialogen og at dei fekk forklart at det som skjedde i Romeriksporten ikkje handla om dårleg vedlikehald.

– Og så skal vi bli betre. No går vi gjennom og ser kva vi kan lære av dette året. Så må vi sjå korleis vi kan få dette inn i våre prosessar slik at vi kan bli enda betre.

Ønskjer meit konkurranseutsetting

I Politisk kvarter deltok også Håkon Snortheim, fylkesråd for samferdsel i Akershus.

Han tok til orde for meir konkurranseutsetting for å få meir ut av pengane.

– Ein må også ha eit jernbanesystem som set kunden meir i sentrum, og gjer at det ikkje står hjelpelause pendlarar på Oslo S i fleire timar og lurar på kva rettar dei har for å komme seg heim, seier han.

Håkon Snortheim står ved buss
– Det er mykje vi kan gjere med norsk jernbane i dag, som gjer at vi kan bruke pengane mykje betre. Men det handlar om politisk vilje og politisk evne, seier Håkon Snortheim. Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Nygård svarar at Høgre har kutta i jernbanen i sine alternative budsjett dei tre siste åra.

– Vi har brukt mykje tid på å stramme opp, og no har vi gjort ei stor satsing på å få eksisterande jernbane til å fungere betre, seier ministeren.

Snortheim avviser dette. Han peiker på at ei konkurranseutsetting ville gjort at staten sparte mykje på vedlikehald.

Kan koste samfunnet éin milliard kroner

Askill Halkjerr Halse frå Transportøkonomisk institutt fortel at all tidsbruk i transport kostar.

– Det er slitsamt å reise, og ein får mindre tid til andre ting. Vi ser at folk har ein betalingsvilje for å unngå forsinking.

Instituttet har rekna ut at eitt minutt forsinking kostar samfunnet mellom 5 og 10 kroner.

Askill Halse, forsker ved TØI
Askill Halse fortel at forseinkingar i togtrafikken kostar samfunnet mange pengar. Foto: TØI

– Det er 80 millionar som reiser med tog kvart år. Dersom det er ti millionar forseinkingar på ti minutt kvar, blir det mellom 500 millionar og ein milliard i året. Men dette er eit grovt anslag.

Halse påpeikar også at forseinkingane hindrar mange nye reisande.

– Dersom vi hadde fått forseinkingane ned frå 12–13 prosent til 10 prosent, så ville ein ha fått i det minste ein million fleire togreiser enn i dag.

Han legg derimot til at det er viktig å sjå forseinkingane over tid.

– Ein må sjå på dei kalde fakta. Punktlegheita har vore veldig dårleg i august, men elles er ho ganske stabil og ligg berre litt under dei måla som styresmaktene har sett seg.