Sveising på Worley Rosenberg, som har liten aktivitet for tida.
BEKYMRA: Klubbleiar ved Worley Rosenberg-verftet fryktar for arbeidsplassane om Høgre får gjennomslag for forslaget sitt. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Er det behov for å gå gjennom pengebruken – ein gong til – når staten skal bruke 35 milliardar kroner på å få til flytande havvind i Noreg?

Ja, meiner Høgre, Raudt og KrF – og no altså Framstegspartiet. Forslaget blei vedtatt med 51 mot 50 stemmer.

– No sløser ein vekk enorme milliardbeløp på ei ulønnsam næring, seier Kristoffer Sivertsen.

Kristoffer Sivertsen står i Alta sentrum med armene i kryss
Kristoffer Sivertsen i Framstegspartiet. Foto: Ulrik Haug / NRK

Stortingspolitikaren frå Rogaland meiner det finst betre måtar å bruke skattebetalaranes pengar på.

– Så finst det alternativ for å gi fleire arbeidsplassar og aktivitet i verfta. Det er å satse meir på olje- og gassnæringa.

Bakgrunnen her er at Høgre har foreslått i Stortinget at ein skal gjere ein ny gjennomgang av kostnadane ved den norske satsinga på flytande havvind.

Satsinga på 35 milliardar kroner vart forhandla fram av SV for to år sidan.

Framstegspartiet vil no stemme subsidiærtfor Høgres forslag.

– Høgre og Frp må ta ansvar for det dei er i ferd med å gjere. Stoppar havvindsatsinga nå, er det fullt og heilt Høgre og Frp si skuld at Noreg taper straum, industriaktivitet og arbeidsplassar, seier energiminister Terje Aasland (Ap) til NRK.

– Heilt ufatteleg

Energiminister Terje Aasland (Ap) sparte ikkje på krutet da han møtte til debatt i Stortinget i dag.

– Det er heilt uforståeleg og heilt ufatteleg at Høgre bidrar til å skape denne uvissa, sa energiminister Terje Aasland (Ap).

– Dei må bere konsekvensen av forslaget sitt på skuldrene sine, dersom det skulle gjere at nokre av dei som utviklar dette, endrar oppfatning av stabiliteten og føreseielegheita i Noreg, sa statsråden.

Aasland.
Energiminister Terje Aasland under eit besøk hos leverandørindustrien for havvind. Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Men Nikolai Astrup i Høgre slo tilbake med Aaslands eigne ord:

– Det er veldig spesielt og heilt uforståeleg at ikkje regjeringa sørger for at vi har eit grundig og godt kvalitetssikra prosjekt som minimerer risikoen for at prosjekt slår feil, sa han.

– Det er heilt avgjerande at dette første flytande havvind-prosjektet blir vellykka. Men da må vi også sørge for at vi gjer det vi kan for å ta ned risiko og auke sjansen for vellykka gjennomføring.

nDUckQnnDos
Denne vindmølla tilhøyrer METCentre, og står utanfor Karmøy. Selskapet testar flytande fornybar energiproduksjon. Foto: NTB

Men Høgre får kritikk også frå NHO.

– Vi registrerer at fleire parti ikkje lytta til bekymringane som ein samla havindustri har uttrykt. Dette sest på som omkamp om føresetnader i ei sak som allereie er godt utgreidd, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK.

Politisk splitting

Det er ikkje tvil om at havvind splittar sterkt politisk.

Det tilhengarane meiner er ei satsing på framtidas klimavennlege industrieventyr, meiner kritikarane er sløsing på ei næring som aldri blir lønnsam.

Mykje av søkelyset rettast no mot Raudt, som sviktar dei raudgrøne og går saman med Høgre, Frp og KrF.

– Eg trur dette blir mykje dyrare enn det ein hadde sett for seg, og da meiner eg at Stortinget bør få ærlege tal på det, seier Raudts nestleiar Sofie Marhaug i energi- og miljøkomiteen.

Sofie Marhaug ved datasentertomta ved Tonstad i Sirdal.
– Eg er ueinig i at dette sett tusenvis av arbeidsplassar i spel, fordi vi veit ikkje eingong om desse oppdraga kjem til norske verft, seier Raudt-nestleiar Sofie Marhaug. Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Havvindsatsinga vart nyleg tatt opp i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.

Men da avtalen vart klar, stod det ingenting eksplisitt om at satsinga skal fortsette.

Marhaug meiner det Stortinget skal ta stilling til i dag, er eit «eit nøkternt forslag om å få oppdaterte kostnadsanslag».

– Men ein produserer jo utstyr til havvindmøller no på verft i Noreg. Kva har du å seie til dei som er redd for å miste jobben sin?

– Det er riktig at det produserast til havvind på verft i Noreg. Men det er ikkje oppdrag i Noreg, det er utanlandske oppdrag, så dette vil ikkje påverke det, seier Marhaug.

Lite aktivitet ved Worley Rosenberg i produksjonshallen på Buøy. Produksjon av utstyr til det som nå kallast havbruk, tidlegare olje- og gass produlksjon. Harde tider for den tradisjonsrike bedrifta.
Sveising på Worley Rosenberg i produksjonshallen, på øya Hundvåg i Stavanger. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Natur og Ungdom meiner at dette sett Raudts truverd som klimaparti på spel. Kva har du å seie til det?

– Vi er nøydde å redusere forbruket. Eg trur at dei 35 milliardane i subsidiar ville vore brukt mykje betre viss dei gjekk til ting som kan redusere energiforbruket, heller enn at det går til eit luftslott, seier Marhaug.

Fryktar for industrien

Det blir allereie bygga utstyr til havvind. Mellom anna på Worley Rosenbergs verft i Stavanger.

Her er frykta stor for det som no skjer på Stortinget.

– No som olje og gass er litt på hell, så er vi jo avhengige av andre satsingar, slik at verftsindustrien langs kysten skal overleve, seier klubbleiar Aleksander Eriksen ved verftet.

Men med FrPs avklaring, så tyder alt på at det blir fleirtal for forslaget frå Høgre om å gå gjennom kostnadane i havvindsatsinga på nytt.

Det skjer trass i sterke åtvaringar frå Arbeidarpartiets stortingspolitikar Morten Sandanger frå Rogaland.

Morten Sandanger, Arbeiderpartiet
Morten Sandanger i Arbeidarpartiet. Foto: Rakel Sofie Paulsen / NRK

– Det er ein samla front med arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, næringsforeiningar, som seier til desse partia: de må stoppe med dette her.

Sandanger meiner Høgre, Frp og KrF må lytte til næringslivet, og at Raudt må lytte til fagrørsla.

Men Astrup slår tilbake.

– Høgre er for ei forsvarleg havvind-satsing, men havvind-milliardar kan ikkje får fritak offentlege reglar om utgreiing, planlegging og kvalitetssikring, seier han.

– Stortinget må faktisk kunne vente at Finansdepartementet følger sine eigne reglar for store, statlege investeringsprosjekt. Ap må bere ansvaret for at dei ikkje sjølv har lagt fram den informasjonen.

Rettelse: Endrer ordlyd i faktaboks om Høyres forslag, som ble endret i komitébehandlingen. Endret kl. 13.53 tirsdag 9. juni.