– Eg har hatt stressreaksjon nedst i ryggen, forstuing og støytskade i begge anklane, stor skade på hælen, der eg ikkje knuste han heilt, men det gjekk ikkje an å gå på foten normalt. Eg har hatt mykje vondt i knea. Det er mykje ulike småting, seier Kvalvåg.
Tresteg kan fort høyrast ut som eit steg fram og to tilbake for Kvalvåg.
Men etter fire skadeplaga år på college i USA var 24-åringen endeleg tilbake på startstreken i NM i Trondheim i sommar.
Håpet blei til draumen
Målet var berre å delta, men Kvalvåg klatra heilt til topps og kapra NM-gull.
– Det var utruleg gøy, eg hadde ikkje forventning om å vinne, men eg hadde eit håp og det gjekk rett veg, seier ho.
– Kva er det med tresteg som gjer at du fortset, sjølv om du blir skadd av det?
– Det er kjempetøft mentalt og fysisk, men når du får det til, så forsvinn på ein måte alt som har vore dårleg. Gleda av endeleg å få det til er så mykje større enn skuffelsen og det tunge når du er litt skadd, forklarer noregsmeisteren.
Siger med bismak
I kvinneklassen stilte 14 utøvarar på startstreken i NM. I herreklassen var situasjonen ein heilt annan: Der var berre fem påmelde.
– Det er det lågaste det har vore på ganske mange år, seier trestegutøvar Viljar Helgestad Gjerde frå Norna-Salhus.
26 år gamle Gjerde vann gullet til herrane i NM, men legg ikkje skjul på at sigeren har ein bismak. Han saknar eit større miljø i idretten han har drive med sidan han var ni år.
– Du har tusenvis av måtar du kan øydelegge eit hopp på om du gjer noko feil. Alt skal klaffe perfekt frå det første steget i tilløpet til du landar i gropa. Sjølv om idretten er litt nisje, er det veldig kult å bli god på, seier han.
Stor skaderisiko
Under friidretts-EM stod Noreg heilt utan deltakarar i tresteg.
Utøvarane meiner den store belastninga på kroppen kan vere ei av hovudårsakene til sviktande rekruttering.
– Det er veldig stor risiko for å få skadar, for det er ei veldig stor belastning på kroppen i kvart einaste hopp. Det er kanskje difor ikkje like mange som gjer det. Det er ikkje nødvendigvis den lettaste greina teknisk, seier Kvalvåg.
Sjølv om Kvalvåg har betalt ein høg pris for å drive med den tekniske greina, understrekar Gjerde at det er mogleg å halde seg skadefri:
– For meg som har trent sidan eg var ni år, har eg trent meg opp til å tole den belastninga bra. Det er fullt mogleg å få det til, ein må berre trene spesifikt, seier Gjerde.
Tidlegare noregsrekordhaldar Ketill Hanstveit, som hoppa 17,27 meter i sine glansdagar på 90-talet, er i dag trenar for Gjerde. Han peikar også på manglande kunnskap i klubbane.
– Eg trur det går veldig mykje på trenarar for barn og unge. Eg har alltid tenkt at når folk begynner på friidrett så prøver dei alt, men eg er ganske sikker på at tresteg, slegge og liknande øvingar, blir gjort for lite i friidretten. Det blir for spesielt interesserte, seier han.
– Det er ikkje berre noko du hiv deg med på hobbybasis. For det første er det vanskeleg å få til å gjere skikkeleg, for det andre så ser det dumt ut om du ikkje kan det, seier trenaren.
Etterlyser nytt trekkplaster
Både utøvarane og trenaren meiner norsk tresteg er avhengig av ei ny stjerne for at miljøet skal vekse igjen.
– Viss Noreg får ein god trestegutøvar som blir olympisk meister, så er det nok nokon som begynner med det, og det vil bli meir interesse, meiner Hanstveit.
Kvalvåg er einig og understrekar kor viktig det er med konkurranse i kvardagen:
– Etter å ha vore i USA har eg merka kor viktig det er å ha konkurrentar. Det gjer noko med konkurranseinstinktet ditt. Det er mykje gøyare å dra på konkurransar der det er 20–30 jenter som skal vere med.