Einar Hedegart og Petter Northug
UTKLASSING: Einar Hedegart var soleklart best i dagens rulleskiløp, og tok sin første siger i Lysebotn Opp. Foto: Carina Johansen / NTB

Det var i dei krevjande hårnålsvingane opp Lysebotn at Einar Hedegart skaffa seg ein overlegen siger under Blinkfestivalen.

Skiskyttaren tok sin første siger i det prestisjetunge rulleskirennet og leverte ei tydeleg melding før vinteren

Etter målgang var det i alle fall ikkje mangel på sjølvtillit – eller humor.

Hedegart nytta høvet til å sende fleire stikk til både konkurrentane og Petter Northug:

– Å gå frå Mosvika til Let's Dance, det er store skritt, men han kan nok gjere det betre i Let's Dance enn i Lysebotn Opp i alle fall.

Northug, som blei nummer 68, tok stikket med eit smil. I staden for å svare med ord, svarte han heller med å vise fram nokre dansesteg.

Petter Northug og Einar Hedegart under Lysebotn opp 2026
Det var ein god tone etter målgang mellom utøvarane som enda på første- og 68. plass. Foto: Hanne Skjellum / NRK

Knuste konkurrentane

Skiskyttaren gjekk frå resten av tetgruppa 600 meter før mål og sikra sin første siger i Lysebotn Opp.

Andreas Fjorden Ree vart nummer to, medan Kasper Herland tok tredjeplassen.

– Det er deilig. Det var min første ordentlege test, og den bestod eg. Det kjendest ganske bra ut heile vegen, sa Hedegart til NRK.

Rulleskiløper med startnummer 1 står i målområdet etter et løp, flankert av publikum og reklame. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ein fornøgd Hedegart kunne krysse målstreken, eit godt stykke framfor resten av feltet. Foto: Carina Johansen / NTB

Dagens prestasjon var for 24-åringen, meir enn berre eit godt resultat.

– Ein Lysebotn-siger har du med deg resten av livet, og det å gjere det med startnummer éin er spesielt.

Sende stikk til rivalane

Etter målgang hadde vinnaren også overskot til å erte fleire konkurrentar.

På oppløpet var det Andreas Fjorden Ree som tok ansvar i tetgruppa, før Hedegart sette inn det avgjerande rykket. Det fekk vinnaren til å sende eit lite stikk til andreplassen.

– Han er eg vand med å la dra litt, og så spurta eg frå han. Så det er han vand med, og det er eg vand med og, fortel Hedegart.

– Du strør litt salt i såret til han?

– Jo, men no kjem nok mi siste deltaking på eit skirenn på veldig lang tid på fredag så då skal han få nyte tilværet utan meg.

Utøvere på rulleski i treningstøy i en svingete vei med fjellandskap i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Andreas Fjorden Ree blei nummer to, medan Kasper Herland tok tredjeplassen i dagens løp. Foto: Carina Johansen / NTB

Ree forklarte andreplassen med at han hadde hatt matteeksamen tidlegare på dagen.

– Eg såg faktisk at han skreiv ut nokre ark i morgon. Eg hadde i alle fall ikkje hatt overskot til å gå Lysebotn opp etter ein matteeksamen. Då hadde eg vore deprimert resten av veka, legg Hedegart til.

Northug: – Han er langrennsløpar

Northug var ikkje sjokkert over det Hedegart leverte.

– Han veit han er eit fysisk monster. Det har han vist ved at han har vunne femmila i Kollen tidleg og det han gjorde i fjor, så eg er ikkje overraska.

Northug meiner prestasjonen viser at Hedegart framleis høyrer heime heilt i toppen av langrenn, sjølv om han no satsar på skiskyting.

Hedegarts framtid var ei langvarig saga. Førre sesong var han langrennsløpar og imponerte stort med tre OL-medaljar i Italia.

Petter Northug etter et skirenn, med svett ansikt og hvit konkurransedrakt med sponsorlogoer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Northug står ovanfor ein haust der han skal kombinere skitrening med dansetrening. Foto: Carina Johansen / NTB

Likevel var han open om at han ønskte å satse på skiskyting, og i april kunngjorde Hedegart at han hadde takka ja til ein plass på rekruttlandslaget i skiskyting.

– Der vi kjem frå, er han langrennsløpar. Han er eit så stort multitalent at han får lov til å ta på seg børsa. Det er litt slik hos oss. Vi bestemmer sjølve kva landslag vi skal vere på. No har han bestemt seg for skiskyting, og då får han vere der, fortel Northug.

Skikongen meiner altså at Hedegart framleis har ein naturleg plass i langrennstoppen. Sjølv står han framfor ein haust utanom det vanlege, der skitrening skal kombinerast med deltaking i den svenske versjonen av «Skal vi danse»

– Eg var åtte timar på parketten tysdag og onsdag. Etter åtte timar på tysdag gjekk eg skikkeleg i veggen og banna då eg gjekk ut derifrå. Eg gjekk inn med same innstilling onsdag, så det er nesten like frustrerande som Lysebotn Opp for meg akkurat no.