Dronning Sonja i Asker kirke. Hun er kledd i sort og omgitt av familien.
SONJATIDA: Haraldstida var og Sonjatida. Heilt sidan dei kjempa for å få kvarandre, er det dei to som saman har gjeve form og farge til kapittelet som no vert lukka, skriv Håvard Nyhus. Foto: Cornelius Poppe / POOL / NTB

Alt som blir sagt om kong Harald, gjeld og for dronning Sonja.

Haraldstida var òg Sonjatida.

Heilt sidan dei kjempa for å få kvarandre, er det dei to som saman har gjeve form og farge til kapittelet som no vert lukka.

Kong Harald og Dronning Sonja etter kunngjøringen av forlovelsen, 19. mars 1968
Dronning Sonja har gjennom heile kong Harald si regjeringstid fungert som ein likestilt medspelar og ein viktig arkitekt bak det moderne dronningoppdraget. Foto: Scanpix

Heldig er den som har ein makker gjennom eit heilt liv, og det hadde kong Harald.

Dronning Sonja gav han både motstand og mot. Kongen har sjølv forklart at det var Sonja som transformerte han frå ein forknytt tronarving til ein trygg folkekonge.

Heldig er den som slepp å vere einsam majestet.

Kong Harald og dronning Sonja smiler og ler under et statsbesøk i Sveits.
Kong Harald og dronning Sonja styrte kongegjerninga som eit fellesprosjekt. Foto: SCANPIX

Og for ei stilig dame dronning Sonja er, og alltid har vore!

Anten det har vore hattar, drakter, gallaantrekk, anorakk eller fjellstøvlar, har ho bore det med den same uanstrengde elegansen.

Heldig er den nasjonen som blir representert av ei slik dronning.

Dronning Sonja foran portrettet Andy Warhol har laget av henne
Dronning Sonja framfor Andy Warhol sitt portrett av henne. Foto: NTB scanpix

Heilt sidan ho trådde fram som ung og borgarleg kronprinsesse, har dronninga brote barrierar.

Det vart opp til henne å teikne opp det moderne norske dronningoppdraget og gje embetet eit nytt og aktivt innhald.

Gjennom sine fjellturar og sitt engasjement for biletkunst og handverk, forma ho rolla til å bli eit levande symbol på norsk identitet og tradisjon.

Dronning Sonja på fjelltur
Dronning Sonja har vore heile Noreg sin turkamerat. Foto: NTB scanpix

Hans majestet kong Haakons første tale til nasjonen var ei oppvisning i kontroll.

Men det er ein sprekk i alt, og då han gratulerte mora med bryllaupsdagen, brast stemma.

Klumpen i halsen var ikkje berre ein hyllest til eit ekteskap, men ei direkte anerkjenning av at foreldra var eit tospann – og at summen kan bli større.

Heldig er den sonen som har slike foreldre.

Kronprinsesse Sonja holder den nyfødte prins Haakon Magnus i armene, mens kronprins Harald holder den lille gutten i hånden. De er fotografert på Rikshospitalet i Oslo få dager etter fødselen.
Kronprinsesse Sonja held den nyfødde prins Haakon Magnus i armane. Foto: NTB

Kong Harald var aldri redd for å seie kor mykje han lente seg på kona si. Det var inga svakheit, men klokskap og moderne leiarskap.

Alt kongen var for Noreg, er òg hennar forteneste. Når eit historisk kapittel no er over, står arven etter dei begge att – felles og heil.

Heldig er den nasjonen som har hatt eit slikt kongepar.

Heldig er den nasjonen som har ei slik kongemor.

Folket hyllar «Turdronninga»: Statuen i Slottsparken er omkransa av blomstehelsingar.
Folket hyllar «Turdronninga»: Statuen i Slottsparken er omkransa av blomstehelsingar. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK