– Me såg nokre vasskuterar og nokre båtar som kom og ropte litt og slikt, seier Helene Spilling.
NRK møter den tidlegare proffdansaren i samband med det nye konseptet Mesternes mester Team, som har premiere fredag klokka 19.40 på NRK 1. Der deltek ho på lag med brytar Stig-André Berge.
Spilling har hatt ein uvanleg travel sommar. Ho har vore fleire veker i USA under fotball-VM, der mannen hennar, Martin Ødegaard, og Noreg har imponert.
– Får håpe det roar seg
Til vanleg bur paret og sonen i England, der Ødegaard spelar for Arsenal. I vekene etter VM håpa ho og familien å få slappa av på den nye hytta på Sørlandet, men dei fekk likevel ikkje vere heilt i fred.
– Me har følgt med på litt båtar og ser at dei står der med telefonen og zoomar inn. Me får berre håpe at det roar seg litt til neste sommar, seier Spilling og legg til:
– Og så har ein alltids nokre journalistar som prøvar seg.
Også stjernespiss Erling Braut Haaland opplevde nysgjerrige turistar etter VM. Då han drog på båtferie i utlandet var det fleire båtar som køyrde for å kikke på den populære nordmannen. På eigen YouTube-kanal sa han:
– Sjå dei har turistbåtar som køyrer forbi der Haaland er. Eg har ikkje sett makan, lo spissen.
Måtte ta grep
Spilling fortel at ho til slutt måtte ta grep for å bli kvitt dei mest skodelystne.
– Eg tok faktisk og drilla opp nokre skilt med «Privat brygge» før eg drog, så me får håpe at det hjelper, seier Spilling.
Ho innrømmer likevel at kontrasten frå meisterskapet i USA var stor.
– Det er veldig fint å ha ein plass der ein kan lande litt. Å berre vere familie, lage mat og grille saman. Og å ha vener og familie på besøk.
Sørlandsidyllen er ikkje framand for den tidlegare proffdansaren, som no har skaffa seg hytte der ho sjølv hadde hytte som liten. Ho fortel at ho har vore så mykje på Sørlandet at ho føler ho har vekse opp der.
– Det har vore magisk. Eg har jo vore vand til å vere der på sommaren sidan eg var baby. Det har vore heilt perfekt. Eg føler at eg opplever barndommen litt på nytt igjen, fortel ho.
Både ho og Ødegaard skaffa seg båtlappen etter VM.
– Det har jo vore på ei liste over ting eg må få gjort, men som berre har blitt utsett ganske lenge. Eg har vore litt passenger princess, fortel ho og held fram:
– Eg har vore veldig aktiv på å fortøye og ta imot, og passe på, men eg har ikkje tatt den lappen sjølv. Men no køyrer me begge to.
Trass nysgjerrige båtar som har sirkla rundt hytta, håpar ho på fleire somrar i Noreg.
– Det er koseleg å ha ein fast stad og å få lov til å vere litt i Noreg når me elles bur i England. Me er glade i Noreg begge to, og sørlandsidyll er det vanskeleg å takke nei til.