– Vi har gått ned på grunnbemanninga vår for å spare pengar. Samtidig skal vi vere meir effektive og operere meir.
Julianne Hovden, leiar for sengeposten ved sjukehuset i Volda seier dei tilsette føler på eit stadig aukande press i kvardagen.
– Er det fullt her no?
Jan Christian Vestre (Ap) får omvising av Hovden på avdelinga, og har fleire spørsmål på runda.
– Ja, vi har fleire pasientar enn det er plass til, svarar Hovden.
Sengeposten har i utgangspunktet 29 sengeplassar, men dei er no bemanna ned til 22, fortel ho.
Spring til krampa tek dei
Som NRK tidlegare har omtalt, skal Helse Møre og Romsdal kutte ein milliard kroner; over 400 millionar i år, og 600 millionar fram til 2032.
Statsråden spør om ikkje dette påverkar pasientane.
Det avviser Hovden at det gjer.
– Sjukepleiarane og helsefagarbeidarane her spring uansett, dei. Til krampa tek dei.
Dei gjør det dei skal, enten det handlar om at pasienten må få mat, gå på do eller kva det måtte vere, fortel Hovden.
Men prioriteringane blir hardare. Det gir utfordringar i kvardagen, spesielt når det er fullt på sengeposten.
– Vi må ta i bruk både stuer og korridorar. Så det merkast godt.
Tillitsvalde fekk diffuse svar
Vestre hadde eit eige møte med dei tillitsvalde, i tillegg til omvisinga.
Hovudtillitsvald ved Volda og Ålesund sjukehus, Elisabeth Kirkholm, seier det var som forventa.
– Vi synest det var eit godt møte. Alle tillitsvalde fekk vere konkrete, og vi hadde ein god dialog med ministeren.
Også Eivind Vinjevoll, som representerer overlegane i Volda, seier det var eit godt møte. Men han er ikkje heilt nøgd med svara til ministeren;
– Helseministeren svarte noko diffust, om at han «ser oss». Men no er vi på eit nivå der vi ikkje kan kutte meir, utan at det går utover strukturelle ting. Det kan vi ikkje godta.
– Det er heilt absurd at man ikkje skil løpande drift frå større investeringar i bygg, eigedom og IKT, rasar Vinjevoll.
Det lir spesielt Helse Møre og Romsdal av, hevdar han. Dei tillitsvalde viser til dei store investeringane som blir gjort grunna Helseplattforma. Samtidig må det altså kuttast.
Slår ring om sjukehuset
Ifølge Kirkholm har dei tillitsvalde åtvara mot konsekvensane av kutta i eit års tid.
– No ser vi at det kjem strukturelle kutt også. Det er veldig kritisk for sjukehusa i heile fylket.
– Vi har vore tydelege på at vi er på eit punkt der politikarane må gripe inn og hjelpe oss økonomisk, legg ho til.
Leiar i sanitetslaget, Hanna-Sølvi Lillås er blant dei som demonstrerte utanfor inngangen i Volda.
– Vi er her for å slå ring om sjukehuset, som det no snakkast om å kutte fleire avdelingar på.
Ho meiner det er heilt utruleg at nokon kan vere så «kreative» at dei i det heile tatt foreslår det.
– Vi blir sinte, seier Lillås.
Tomme operasjonsstuer i Ålesund
Vestre tok også turen innom Ålesund sjukehus måndag.
Sjølv om sjukehuset merker sparetiltak og redusering i bemanning, er ikkje dagkirurgen blant dei hardast råka.
I fjor nådde dei målet på over 5000 behandla pasientar ved avdelinga. Det er ny rekord.
Dette er eit rimelegare pasientforløp, samanlikna med døgnbehandlinga, forklarer seksjonsleiar Gunn Bente Solevåg.
Solevåg synest det er godt å sjå at Vestre verkar interessert i kva dei held på med på avdelinga.
– Eg synest det er fint at han tek turen, og tek situasjonen på alvor.
Politikarane må sjå nærmare på økonomien, sjukehusfinansieringa generelt, ISF-finansieringa og insentivene, meiner ho.
Kan ikkje love meir pengar
Trass den krasse velkomsten frå nokon av dei dei frammøtte, var statsråden fornøgd med besøket.
Han skryt av dei tilsette ved sjukehusa.
– Dette har vore eit veldig godt møte med dei tillitsvalde og med føretaksleiinga. No har eg høyrt om situasjonen, og det er imponerande kva dei får til.
På spørsmål om statsråden kan love meir pengar til sjukehuset, svarar Vestre nei.
– Eg kan ikkje love meir pengar i dag, det er det Stortinget som løyver og ikkje eg.
– Men dei tilsette kan vel ikkje løpe fortare enn dei alt gjer her?
– Nei, eg forstår det. Men det er Stortinget som løyver helsebudsjetta, gjentar han før han må løpe vidare.
På spørsmål om ministeren vil vurdere å endre finansieringsmodellen, svarar han at regjeringa er i gang med ein fullstendig gjennomgang av systemet.
Han vil ikkje utelukke nokon tiltak.
– Det er mogleg at vi skal skilje drift og investeringar framover. Ingen skal vere gjeldsslavar i sjukehusa til evig tid.
– Samtidig er det slik at når nye sjukehus byggjast, ber sjukehusa om lån frå staten for å finansiere bygga. Alternativet hadde vore å leie bygga, men meg kjent er det dyrare å leie enn å eige sjølv, legg han til.