Tida 48,78 er norsk rekord på distansen.

– Det var eit heilt sinnssjukt løp. Det såg eg ikkje kome. Eg og Amalie er her, sjølvsagt for å løpe, men også feire ein fin sesong og ha litt jentetur. Så det å få til eit sånt løp på ein slik tur, det var ein skikkeleg opptur, seier Jæger til NRK.

Dette gjer den norske 23-åringen til den sjette raskaste i Europa gjennom alle tider og er beste tid av ei europeisk kvinne på over 30 år.

Sist nokon sprang raskare, var då franske Marie-Jose Perec vann OL-finalen i Atlanta 29. juli 1996 på 48,25.

– Det var heilt spinnvilt. Mykje betre enn eg hadde forventa, seier mamma og trenar Unn Merete Jæger til NRK.

For første gong i år var ho ikkje med dottera på stemne og følgde det heile heime frå sofaen i Noreg.

– Det skal nesten ikkje vere mogleg. Eg er nesten stum her eg sit.

Henriette Jæger EM i Birmingham
GULL: Henriette Jæger tok gull på 400 meter tidlegare i år under EM i Birmingham. Foto: AP

Jæger låg lenge i tet i løpet, men OL-vinnar og storfavoritt Marileidy Paulino vart for sterk på slutten.

Ho spurta nok ein gong inn til siger hårfint framfor den norske 23-åringen på tida 48,73.

Like etter konkurransen ringde Jæger heim til mamma. Då sa ho:

«Såg du det løpet eller, mamma!?»

Trudde ikkje på rekord

NRK snakka med Jæger etter målgang. Ho trur mora var minst like overraska som ho sjølv.

– Ho trur eg også er heilt i sjokk. Ho er ikkje her ein gong. Mamma brukar alltid å vere der når eg «persar» og er på stemne, men det her var litt meir jentetur og veldig show-stemne. Ikkje heilt slik vi er vane med. Eg trur nok ho er heime på Aremark og er heilt i sjokk og kanskje litt sei seg også at ho ikkje fekk sett dette superløpet, seier Jæger.

Iuel og Jæger
PÅ TUR: Henriette Jæger og Amalie Iuel etter gull på blanda stafett under EM i Birmingham i august. Jenteturen i London enda med ny bragd for Jæger. Foto: AP

23-åringen sprang tidlegare i år inn til gull på distansen under EM i Birmingham og har heile sesongen jakta på å kome seg under den magiske grensa på 49 sekund.

At det skulle skje på Athlos-stemnet heilt på tampen av sesongen hadde ikkje Jæger tru på sjølv.

– Eg var litt slik i dag: ok, det har vore ein lang sesong, eg byrjar å bli sliten. Eg tenkte berre å kome meg gjennom. Kanskje spring eg under 50 sekund og då er eg fornøgd.

Men rekord vart det.

– Det var veldig mykje førre veke. Og så kjem eg i mål og ser den tida og så har eg veldig lyst å ta sigeren mot Paulino som er verdsmeister. Då eg kom i mål og såg tida då skjønte eg at her har det gått veldig fort, fortel den ferske rekordhaldaren.

Lada opp med musikal og shopping

Amalie Iuel, som har lagt opp etter denne sesongen, er ikkje like overraska over det lagvenninna presterte.

– Eg synest det er enormt. Eg har sagt det til ho heile den sesongen her at ho er kapabel til å løpe 48. Det veit også at ho sjølv har visst, men har ikkje heilt fått det ut før no da.

Amalie Iuel
OVER: Amalie Iuel avslutta karrieren etter denne sesongen og hyllar si Jæger sin prestasjon i London. Foto: MATHIAS BERGELD / Bildbyrån

Ho seier litt spøkefullt at den heller uvanlege oppladinga til fredagens konkurranse kanskje var det som gjorde susen.

– Tydelegvis var det musikal og litt shopping som skulle til for å få ut det heilt store. Eg synest berre det er heilt enormt imponerande det ho har fått til heile sesongen her. Ho leverer gong på gong. Ho har ikkje eitt einaste dårleg løp. Og når ho er så tett opp mot Paulino, som er olympisk meister og verdsmeister, ho er heilt der oppe.

– Det er utruleg kult. Det er veldig gøy å få vere med på det her, seier Amalie Iuel.

Skal kjempe om VM-medalje

– Eg er mektig imponert. Ho er relativt fersk som 400-meterløpar. Har tatt topp internasjonalt nivå på kort tid, seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.

Vebjørn Rodal
PROFF: Vebjørn Rodal er NRKs friidrettskommentator. Foto: NTB

Han er mest imponert over at ho har vore så enormt god gjennom heile sesongen.

– Levert topp prestasjonar frå april til langt ut i september. Svært hardtarbeidande og profesjonell, legg han til.

NRKs kommentator Jann Post hadde ikkje venta norsk rekord i den britiske hovudstaden i kveld.

– Det er ekstremt imponerande at ho klarar å prestere dette så seint i sesongen. EM-løpet i vinden viste at ho har dette inne, men eg trudde ikkje ho skulle springe på 48-talet så seint, seier NRKs kommentator Jann Post.

Han meiner ho har treft ekstremt bra med sesongopplegget.

Jann Post
IMPONERT: NRKs kommentator Jann Post kallar prestasjonen til Jæger for rå. Foto: Sigmund Sagberg Andersen/NRK

– Litt færre konkurransar for å gi plass til trening har vore ein suksess. Framleis trur eg ho har meir inne. Dette viser at ho skal kjempe om VM-medalje i sprint. Det er rått i ei sprintøving, legg Post til.

Solid pengepremie

Stemnet Athlos på Stonex Stadium i den britiske hovudstaden er eit arrangement med berre kvinner på startstreken.

I tillegg til norsk rekord kan den norske sprintaren glede seg over ein pengepremie på 35 000 dollar, tilsvarande om lag 330 000 norske kroner.

– Korleis har tida vore etter at du kom i mål?

– Den har vore bra, men det har vore litt kaotisk. Eg er jo her med Amalie, så vi har jo site og sett på stemnet og fått oss ein is og feira. Vi har det skikkeleg bra på tur.

Jæger og Paulino har møttest to gonger før i år. Paulino har vunne begge møta mellom dei to.

Paulino
VANN: Marileidy Paulino frå Den dominikanske republikk vart nok ein gong for sterk for Jæger. Foto: AFP