Henriette Steenstrup
BLODIG ALVOR: Henriette Steenstrup fortel om tøffe tak på handballbana på verdsdagen for psykisk helse. Foto: Jørn Lien / NRK

Midt mellom leseprøver til ein ny spelefilm, og jobben med å vere fotballmamma i Lyn, opna skodespelaren Lyn Recovery Cup i Oslo.

Ei fotballturnering som har inkludering og fellesskap i fokus. Cupen blei arrangert for første gang, og hadde samla 16 lag og 250 spelarar frå heile austlandsområdet.

Steenstrup er frå Hovseter i Oslo, og spelte i oppveksten aktivt handball for klubben Njård.

Og på verdsdagen for psykisk helse fortel den høgaktuelle skodespelaren kor viktig idretten har vore for henne.

– For meg har idrett alltid handla om fellesskap. Alt eg toler av nederlag og triumfar, det har eg frå å vere med på eit lag. Denne turneringa er fantastisk, for idrett skal vere for alle, seier Steenstrup til NRK.

Henriette Steenstrup
OPNA TURNERING: Henriette Steenstrup er engasjert i Lyn-fotballen Foto: Jørn Lien / NRK

– Beit i leggen

52-åringen har barn som spelar fotball i Lyn, og har engasjert seg i klubben. Ho har aldri spelt fotball sjølv, men «gav alt» på handball-parketten i Njårdhallen som ungdom.

Under opninga av turneringa på Kringsjå i Oslo var Steenstrup ærleg om blodige oppgjer der motstandarane fekk gjennomgå.

– Eg beit meg fast i leggen på folk, og slapp dei ikkje gjennom forsvaret.

– Eg hadde alltid knuste brilleglas, og blødde alltid etter kvar kamp, ler Steenstrup og held fram.

– Eg var ein slitar som blødde for drakta, og som nesten aldri scora mål. Men eg elska kvart sekund, og følte meg viktig likevel. Eg var ein del av laget, seier ho entusiastisk.

Større fellesskap

Personar i alle aldrar og med ulik etnisitet spring rundt på krøllgrasbana som berre ligg nokre steinkast frå turområdet Sognsvann i hovudstaden.

Ein spelar jublar etter ei nydeleg scoring i krysset. På sidelinja blir det bytta inn og ut.

I kiosken får du pølser og vaflar.

Michael Devold
VIKTIG: Gjennom fotballen har Michael Devold opplevd meistring og blitt ein del av eit større fellesskap. Foto: Jørn Lien / NRK

Michael Devold gjev «high-five» til ein lagkamerat. For 28-åringen har fellesskapet betydd mykje etter at han starta å spele fotball for berre ni månader sidan.

– Eg synest det er gøy å ha ein stad eg kan utfolde meg sjølv. Det er ingen angst og ikkje noko nivå ein må vere på. Det er ein plass der eg kan vere ein del av eit større fellesskap, seier Devold.

– Fotball som medisin

Kim Lönn er sportssjef for barnefotballen i Lyn og samstundes også leiar for Lyn Recovery Cup.

Kim Lønn
SJEF: Kim Lönn jobbar i Lyn og er leiar for Lyn Recovery Cup. Foto: Jørn Lien / NRK

– Vi brukar fotballen som medisin mot utanforskap og einsemd. Vi vil skape eit miljø der folk kan kome med senka skuldrer og vere seg sjølv, og ikkje bli dømt for ein eller anna bakgrunn ein har, seier Lönn.

No meiner Lönn at det er behov for å arrangere slike turneringar kvart år.

– Vi håpar at dei som bestemmer ser viktigheita av dette, og kan legge litt midlar på bordet. Så skal vi vise at idrett er ein samlande kraft. Her møtes folk med alle bakgrunnar og personlegdommar, seier Lönn vidare.

Fotballturnering
CUP ER CUP: Lyn Recovery Cup samla 250 spelarar i haustsola i Oslo. Foto: Jørn Lien / NRK

Viktig med møteplassar

I den lave haustsola går Henriette Steenstrup rundt med ein bøttehatt og sitt sedvanlege store og breie smil.

Ho må haste vidare til leseprøver til ein ny film. Men tek seg tid til NRK mellom slaga. Ho fortel at ho er Liverpool-supporter «fordi heile familien er det». Og har fått ein lidenskap for fotball.

– Grunnen til at vi har slike verdsdagar er å setje fokus på temaet, psykisk helse. Mental helse er viktig for alle, både deg og meg. Og for folk som slit meir enn det.

– Alt vi kan gjere for å lage rom og møteplassar er kjempebra, seier Henriette Steenstrup.