Tre personar har fått status som mistenkt i saka, etter at tre skip kolliderte utanfor Ålesund natt til søndag.
Det opplyser Ove Brudevoll i politiet til NRK måndag ettermiddag.
– I samband med skipssikkerheitslova, for aktlaus navigering, legg han til.
Brudevoll seier dei førebels ikkje har avhøyrt alle dei tre kapteinane.
Det er heller ikkje kjent kva slags båtar dei tre tilhøyrer.
Ingen av dei har fått oppnemnt advokat og ingen er sikta per no.
Blei vekt av kraftig smell
Anna Lena Valderhaug Gjøsund på Valderøya i Giske fekk mykje å tenke på natt til søndag. Ho sprang fort opp og fekk sjå eit skip som låg heilt feil plassert med fronten mot land.
– Smellet var så kraftig at vi vakna. Eg lurte jo på om det var krig. Smellet høyrdest ut som ein kanon. Heile huset vårt rista.
Det blei etter kvart klart at tre skip hadde kollidert i Valderhaugfjorden utanfor Ålesund.
– Vi løp opp på verandaen. Der høyrde vi stemmene frå skipa. Det var panikk.
Familien har eit overvakingskamera i huset. Då dei gjekk gjennom opptaka fekk dei sjå og høyre kollisjonen.
– Det var først når dagslyset kom at eg såg kor store skipa var. Eg har budd her i 15 år. Eg har aldri opplevd noko liknande.
Omfattande aksjon
Det blei sett i gang ein omfattande aksjon då det blei klart at tre skip hadde kollidert. Det var «Hav Frakt», «Bergfjord» og «Xanthia» som var involvert i hendinga.
To av skipa kom sørfrå, og eit kom nordfrå. Alle tre fartøy har fått materielle skadar etter kollisjonen.
No ligg skipa til kai i Ålesund. Ingen personar skal ha blitt skada under kollisjonen.
Politiet har gjort promilletestar av enkelte om bord, men det er ikkje påvist rus.
Statens Havarikommisjon har starta forundersøking
Det er politiet som etterforskar ulukka. Statens Havarikommisjonen går inn i saka dersom dei meiner at ei slik undersøking vil gi informasjon som gjer det mogleg å betre tryggleiken.
Avdelingsdirektør Dag Liseth i Statens Havarikommisjon seier til NRK at dei vil ta ei avgjerd i løpet av måndagen eller tysdagen om dei vil undersøke kollisjonen.
– Vi gjer forundersøkingar. Det inneber at vi samlar inn data som er tilgjengeleg for å danne oss eit bilete av kva som skjedde. Dette er mellom anna elektroniske spor.
Får segle vidare
Det eine av skipa, «Xanthia», får segle vidare etter ulukka. Søndag kveld gjennomførte Det Norske Veritas, DNV, ein inspeksjon på vegner av Sjøfartsdirektoratet.
Konklusjonen var at skipet kan gå vidare. Det er administrerande direktør i reiarlaget Utkilen, Siri Ann Mjåtvedt, godt fornøgd med.
– Vi er veldig glade for at «Xanthia» har fått klarsignal til å segle vidare. Lasten vi har, er noko som kundane våre treng. Båten har skadar. Men skadane er ikkje så store at vi ikkje får segle til neste hamn, seier Mjåtvedt til NRK.
Skipet har ligge til kai i Ålesund. Planen er at det skal segle vidare til Finland med lasta. Men før dette gjennomførte Sjøfartsdirektoratet sin eigen inspeksjon måndag ettermiddag.
No har direktoratet gitt skipet grønt lys.
– «Xanthia» har fått eit førebels løyve til å dra vidare til Finland for å losse lasten. Deretter må skipet dra direkte vidare til Tallinn for å utbetre skadane, seier kommunikasjonsrådgivar Eivind Kallevik.
– Kva er grunnen til at dykk lar skipet segle vidare?
– Skipet har fått ein bulkskade, men skroget er heilt. Det er ikkje noko hol i skroget. Difor er det bestemt at det kan gå til Finland for eige maskin.